NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 29. juni 2018

Tur til Løken - Klatremusene


Da var det dags for ein Klatremustur ut i det vi trudde kom til å bli ein skikkeleg regnværsdag. Måndag 25.juni kom det heldigvis aldri regn – det blei berre varmare og varmare. På turen fann vi likevel teikn etter at det hadde regna, nemleg store sølepyttar!



På turen gjekk vi innom Stall Nedrevold, for der var det nemleg ein veldig flott ponni som vi måtte helse på. Hei hei hesten J 


Vårt neste mål var å gå ned til ei bru. Kanskje bur trollet her? Vi plukka uansett med oss blomar, så kunne vi kaste ned frå den eine sida og springe over for å sjå om dei kom seilande nedover elva.


Vi fann oss ein benk like ved elva, og det passa bra for vi var svolten! Her kunne vi også undre oss meir om elva, og dei runde store kvite ballane på marka – det var  marshmallow kom nokon fram til. 



Vidare fekk barna bestemme kor vi skulle gå, og alle var einig om at vi måtte gå gjennom skogen nedafor benken. Den såg litt skummel ut, så det var nok nokre magar som kribla godt når vi gjekk nedover.


Det var heldigvis ikkje så skummelt, 
og gjennom trea kunne vi glimte til elva inni mellom.


Vi kom fram på ei stor mark. Her skal det nok dyrkast mat til kyr, så vi måtte ikkje gå så langt inn på marka. «Første mann ned til skogen» ropte den vaksne og alle heiv seg med!



   Eit liten skogholt vidare og vi kom ned til eit vatn.
Vi kasta litt steina før vi gjekk vidare bortover langs vatnet.



Det var litt spennande for her var det kvitt skum som bølgjene tok med seg. Kva kan det kome frå?


Etter vi hadde gått litt kom vi fram til ei strand. 
Her kunne vi skrive i sanden med pinnar.



Vi måtte prøve å få tak i ein stor pinne som låg uti vatnet med.
Den fekk vi tak i til slutt J


Det blei ein god tur og ein veldig kjekk tur der barna fekk utforske og undre seg over det vi såg i naturen. Beina blei litt slitne på veg tilbake til barnehagen, men alle var ved godt mot!