NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 30. april 2020

Tur i sola



Her er kohort ein og to, Marihønene og Edderkoppane, frå Grøn avdeling på tur i sola! 
                                        
Mange er superglade for sola og strekkjer armane høgt i véret av glede! 

Hurra for at våren er her!!



På Skogstur

 
På mandag var Edderkoppane og Marihønene på Grøn avdeling på tur langt opp i bygda i Skogen. Der klatra vi, høyrde på fuglesongen, leita etter vårteikn og hadde naturbingo.


 
 
Litt av ein tur vi hadde! Takk for turen alle fine små! 😊❤ 

17.mai førebuing på Grå avdeling


                      

No er Grå avdeling i gang med 17.mai aktiviteter.



Vi skal lage ein del pynt og flotte kunstverk framover. På tysdag var det kohort 1 og 2 som fekk lage seg fargerike ballonger.


onsdag 29. april 2020

Ut i vårt flotte nærmiljø

Rapport frå Grøn avdeling, kohort 3 og 4: 

Maurane og Grashoppene gjekk på tur til gapahuken til skulen på tysdag i eit strålande vårver. 


Før vi gjekk såg vi på ein tur- bingo vi hadde med i sekken. Barna skulle finne hestehov, kvitveis, grankongle, furukongle, pinner mm. Alle var ivrige! 


  

I sekken hadde vi også med bok om trollet Tambar og dyra våre som er så kjekk å leike med. I skogen fann vi mange nøtter, og nokon hadde bygd kvisthytte der. 

Kjekt å komme seg ut på tur!

onsdag 22. april 2020

Oppstart av ein ny kvardag




Kjekt og litt annleis å kome tilbake til barnehagen i dag. Spente barn kom inn porten i litt uvante omgivelser. Men dei var veldig glad og klar for å kome tilbake. 


Til tross for mykje nytt har dei kosa seg mykje med gjennsynsglede, diverse nye leiker, opplæring i vaskerutiner, kosa seg veldig med sine eigne ryggsekker med drikkeflaske i, deilig sol, og mykje omsorg og oppmerksomheit frå sine vaksne. 

Velkommen tilbake alle våre herlige søte små! 
Godt å vere tilbake! 
- Marihønene og Edderkoppane på Grøn.