NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 30. september 2018

Utforske vatn


På onsdag tok vi turen til brua på Vatne. Vi ville sjå kor mykje vatn som hadde kome der. Der var MYKJE vatn. Graset låg langt under overflata.


Veldig spanande å sjå alt vatnet som rann under brua og ned i sjøen. Vi såg også mykje vatn som rann nedover bergveggane langs vegen.


Mange dammar å plaske i også. Vi såg til og med ein makk som bada i ei sølepytt. Den var så heldig å få vere med i ei lita varm hand tilbake til barnehagen. Takk for ein spanande tur J

søndag 23. september 2018

BRANNVERNVEKE - Grøn avd


I veke 38 er det nasjonal brannvernveke. Vi MARKERER det både i veke 38 og 39 i barnehagen.

Måla våre for brannvern i barnehagen er:
  • Kva er ein røykvarslar
  • Kva skal vi gjere om vi høyrer brannvarslaren? - Springe ut og til vennedissa, og IKKJE gøyme oss!!
  • Ringe 110
Vi prøver å skape tryggheit og ro rundt temaet. Etter kvart skal vi skal ha ei brannøving. Då skal alle barna på GRØN AVDELING gå rett ut  til vennedissa. Vi har ikkje tid til å ta på tøfler, og det er viktig at ingen gøymer seg. Denne veka var vi så heldige at vi fekk besøk av brannbilen, brannmann Bjørn og Brannmann Bjørnis. Barna fekk sete i brannbilen,  prøve brannhjelm, sjå kva utstyr som er på brannbilen og sjå brannslangen. Vi fekk vite litt om korleis det er å vere brannmann.



(Mel: Fader Jakob)                                                                      
Når det brenner              Når det brenner                      
Når det brenner              Når det brenner
Kva gjer vi då?                 Og røyken ligg tjukk
Kva gjer vi då?                  Og røyken ligg tjukk
Vi går til vennedissa       Vi legg oss ned på golvet
Vi går til vennedissa       Vi legg oss ned på golvet
Og står ilag                       Og åler oss ut
Og står ilag                       Og åler oss ut


Når det brenner
Når det brenner
Kva gjer vi då?
Kva gjer vi då?
Vi ringer brannstasjonen
Vi ringer brannstasjonen
1-1-0        1-1-0








Brannvernveke – Grå avdeling


I veke 38 og 39 har barnehagen eit fokus på brannvern. Brannvernveka er ein landsomfattande informasjonskampanje i veke 38 som arrangeras av Norsk brannvernforening m.fl.




I vår barnehagekvardag snakkar vi ein del om kva vi skal gjere om det byrjar å brenne og tar for oss ulike omgrep rundt brannvern, som røykvarslar, brann, brannbil, alarm, røyk – og at vi må komme oss ut viss det brenn!
Vi syng song kvar dag: «Når det brenner, når det brenner. Kva gjer vi da? Kva gjer vi da? Går til vennedissa, går til vennedissa. Og står i lag, og står i lag».



Eine dagen var vi alle så spente at det kribla og bobla i heile kroppen. Brannbilen skulle kome! Her var det mykje glede, meistring, og nokon overvann til og med deira frykt mot brannbil. Den var ikkje så skummel og laga så mange lyda som ein trudde.



Brannmannen Bjørn hadde mykje spennande å fortelje oss, og viste oss kva som var i ein brannbil. Vi fekk prøve brannslangen! (og fekk oss ein real dusj på slutten – til barna si stoooore glede)



I tillegg til brannbil-besøk har vi også hatt ulike formingsaktivitetar.



Vi har blant anna laga flammar med hendene våra og ved hjelp av gaffel fått mange fine mønster i flamma. Vi fekk pynta veggen med mange flotte kunstverk!


Vi har laga brannskum ute i regnet.


Og barna har teikna og fargelagt til den store gullmedaljen denne veka.





No ventar vi i spenning på den dagen da Bjørnis kjem på besøk. Vi har høyrt snakk om at han kjem neste veke ein dag J

torsdag 20. september 2018

På besøk til Stall Nedrevoll

Onsdag tok Grevlingane seg ein tur til Stall Nedrevold. Her vart vi møtt av hesten Maksimus og eigaren Hanne. 


Vi fekk lov å klappe Maksimus og gi han gras. Han stod så fint og rolig. Hanne fortalte oss litt om han, spennande. 


Vi såg andre hestar også, så då gjekk vi saman med Maksimus og Hanne ned til dei andre hestane. Her stod vi såg på dei og ga dei gras. Maksimus, han stod og åt gras og var i si eiga verd. 


Barna kosa seg veldig på besøk hjå Stall Nedrevoll og gledar seg allereie til neste gang vi skal dit. 

FRILUFTSVEKA 2018

Grå avdeling har vi markert friluftslivet si veke med felles turar i skog og mark. Gjennom fagområdet Natur miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får gode friluftsopplevingar året rundt og legge til rette for at matlaging bidreg til måltidsglede (Rpl.2017).


Vi har hatt fokus på matglede på tur der barna mellom anna fekk lage sitt eige smørbrød på bål. Medan vi venta på at smørbrøda skulle bli ferdig vart det servert tomatsuppe.



Etter mat var det tid til å utforske mangfaldet vi har rundt oss i naturen.




mandag 17. september 2018

NATURGLEDE - ALDER INGEN HINDRING

Små og store på Blå avdeling pakka vognene og la ut på "langtur"! 
Målet idag var å prøve å både ete og søve på tur. Turen gjekk til 
gapahuken til skulen, opp mot Ulstadsætra, to vogner med barn og 
ei med "campingutstyr".

Det står i grunnsynet til barnehagen at vi skal bli glad i naturen
- vi er på god vei. 
😄
 
Når vi kom opp til gapahuken fekk barna utforske området, 
kjekt å gå rundt gapahuken i ulendt terreng. 


Vi såg på blomster og haustblad som vi fann på bakken. 

Snart var det på tide med påfyll i dei små kroppane.
"KjøkkenLinda" hadde smurt på skiver og skjært 
opp mykje god frukt til oss😍.


Å legge seg på bakken i soveposer/vognposer var ei ny oppleving, 
men alle barna sov som steinar i løpet av 30 min! 

Framtidige friluftsmenneske desse små og jammen er det godt 
for dei vaksne óg! Vi er utrulig imponerte over gjengen vår, 
og gjekk inn i helga med eit stort smil, dette året skal bli fylt 
med mange spanande turar, noko vi har satt som eit mål for året!    
 
Fin ny veke frå store og små på Blå avdeling 
 

Magnetar!


I Rammeplanen for barnehagen sitt innhald har vi sju fagområder, og det eine av dei er mengd, rom og form.

«Fagområdet omfattar leikande og undersøkjande arbeid med samanlikning, sortering, plassering, orientering, visualisering, former, mønster, tal, teljing og måling.» (Rp17)


Det skulle bli ein veldig kjekk start på fredagen for Grå avdeling når det viste seg at det hadde kome flotte magnetar i ulike former og størrelsar – og nokon med hjul på!



Tenk alt det spennande vi kan lage frå snurrebassar, robotar, tog, hus og mange flotte mønster. 


Det er ein flott måte for oss å arbeide med blant anna konstruksjon, mønster, former, rom og mengde.



Vi får mange gode og undrande samtalar. Vi utforskar og får mange erfaringar med korleis vi kan bygge og lage ulike ting. Vi får arbeide aktivt med språket og matematiske omgrep.


Magnetar altså, det er kjekt! J

søndag 16. september 2018

Ein skikkeleg regnværsdag

Skogmusene/Grøn avdeling på tur i nærmiljøet 12. september 2018

Mykje spennande å sjå og undre seg over på ein skikkeleg regnværsdag!


Regn

En er en, og to er to -
vi hopper i vann,
vi triller i sand.

Sikk, sakk,
vi drypper på tak,
tikk, takk,
det regner i dag.


Regn, regn, regn, regn
øsende regn,
pøsende regn,
regn, regn, regn, regn
deilig og vått,
deilig og rått!

En er en og to er to -
vi hopper i vann,
vi triller i sand.

Sikk, sakk,
vi drypper på tak,
tikk, takk,
det regner i dag.

- Sigbjørn Obstfelder -


tirsdag 4. september 2018

TRYGGHEIM BARNEHAGE PÅ VATNE 45ÅR

Vi gratulerer oss sjølve med 
45års dagen vår 04.09.18!



Det har vore ei rivande utvikling frå 4.sept 1973 då barnehagen offiselt opna og fram til i dag.

Tryggheim barnehage ligg i Vatne sentrum og vi har kort veg til fjell, fjord, vatn, butikk, bibliotek og barneskule. Barnehagen vart bygd av Norsk Luthersk Misjonssamband i 1973, - med ei avdeling for barn i alderen 3-7 år. Husmorlaget på Vatne hadde drive barnepark på området tidlegare. Våren 1978 sto andre byggetrinn ferdig. Barnehagen hadde no to avdelingar og i alt 36 plassar. I 1993 vart «Solstua» bygd. Der fekk vi plass til uteleikene og ein del reiskap/utstyr.

Vinteren 2000 sto eit tilbygg ferdig. Her vart det plass for kontor, personalrom, grupperom/arbeidsrom, og garderobe for personalet. Vi fekk større kjøkken og eit opphaldsrom midt i barnehagen. Det vart gjort ein del ombygging på avdelingane, og det vart lagt til rette for å tilby plass til dei yngste barna. Tryggheim barnehage, Vatne hadde no ca. 46 plassar (alt etter alder og opphaldstid) for barn i alderen 0-6 år.

Barnehageåret 2014-2015 hadde vi så stor søknad at vi måtte leige oss lokale på det tidlegare Helsehuset for å kunne tilby nok plassar. Ønsket om ein ny og større barnehage begynte å tre i kraft. Vi flytta utav den gamle barnehagen hausten 2016, og i januar 2017 vart den jamna med jorda.
Våren 2018 stod nye lokale ferdige i Ulvestadvegen 4. Vi har no fem avdelingar med ca.102 plassar (dvs.ca 78 barn alt etter alder og opphaldstid) 

Gjennom byggeprosessen var vi fordelt på to plassar. Dei minste 0-3år held til i «Brakkebyen» utanfor Helsehuset, medan dei eldste 3-6år held til på Vatne bedehus. Vi gler oss over å vere samla igjen!!



Vi er eigd av NLM-barnehagene AS som driv 33 barnehagar på vegne av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). I tillegg driv NLM 7 barnehagar åleine eller i samarbeid med andre organisasjonar. NLM-barnehagene AS er eit ikkje-kommersielt selskap. Eventuelle overskot skal nyttast til å utbetre og styrke medlemsbarnehagane. Og det er difor vi har våga å satse på ein ny barnehage her på Vatne

NLM barnehagane AS har ein felles formålsparagraf:
Barnehagen skal i nær forståing med heimen hjelpe til med å gi barna ei kristen oppseding i eit godt og trygt miljø. Han skal gi gode utviklings – og aktivitetstilhøve og utvikle deira evne til å samarbeide med andre, bere ansvar og ha omsorg for medmenneske både i heimlandet og mellom andre folkeslag.”

NLM barnehagane AS presenterer barnehagane sine slik:

  • Vi formidlar kristne verdiar som nestekjærleik, menneskeverd og tilgjeving.
  • Vi fortel barna om Jesus og lar dei høyre forteljingar frå Bibelen.
  • Vi gir gode utviklingstilhøve i eit pedagogisk miljø.
  • Det enkelte barn står i sentrum for vår omsorg.
  • Vi tilset kvalifiserte, positive vaksne som brukar tida saman med barna.
  • Vi let barna få fysiske utfordringar både inne og ute.
Så vonar vi at barnehagen her på Vatne 
fortsatt skal vere til glede for 
barn, foreldre og bygda i åra framover.


mandag 3. september 2018

Tilvenning på BLÅ


Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen (Rammeplan, 2017).

På Blå avdeling er vi godt i gong med tilvenning. Spennande dagar for både liten og stor.
Vi blir kjend med kvarandre, etablerar relasjonar og borna får knyte seg til personalet og til andre born.
Desse vekene har vi sett at borna likar seg godt både i uteleiken og på tur.
Vi har vore på fleire turar rundt i Vatne bygda - utforska den og det vi møter på vår veg. Det gjeld å ha sansane opne og å samtale om det som borna kan finne spennande og interessant.

.. Båtane på hamna ..  



..Ein katt som vart med oss på tur -skal han fange seg ein fisk skal tru.. 

.. Løvetann falt i smak ..

Tre kaniner i ein hage rett nedanfor barnehagen..


.. Få gå sjølv med ei trygg hand .. 
 
.. Elva og lydane den lagar .. 
 
Fine turar i tilvenningsperioden har vore med på å tryggje borna og gjeve oss fine opplevingar
- og fleire skal det verte gjennom året på BLÅ 😊