NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua

* Bikuba

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

fredag 18. november 2016

BARNAS MISJONSPROSJEKT - BARN HJELPER BARN I KINA.

I haust har vi på «Bedehusbarnehagen» vore med på Barnas Misjonsprosjekt, som dette året har hatt fokus på Kina. 

Det er to prosjekt ein støttar i år:
1.    «Left behind children» (fråreiste barn). Det betyr her at anten mamma eller pappa, eller begge to, har reist frå barna sine. Dette for å få seg betre jobbar slik at dei kan tjene meir pengar. Prosjektet som vi samlar inn pengar til er å betre situasjonen som barna er i. Og hjelpe dei vaksne til å sjå barna og vise dei omsorg og kjærleik.
2.    Barn med funksjonshemming. I Kina vert mange funksjonshemma sett ned på. Ofte blir dei oversett i samfunnet og mange blir forlatt av foreldra sine. Svært mange får heller ikkje gå på skule. Pengane vi er med på å samle inn, skal gå til arbeidet i kyrkja der dei har laurdagsskule. Her får dei høyre at dei er verdfulle i Guds auge og dei får lære om Jesus. Der har dei også vanlege skulefag, som engelsk, lesing, skriving og rekning. No ynskjer dei å starte eit senter som kan ha ope kvar dag og ikkje berre laurdagar.


Maurtua har prega avdelinga med ting vi har fått lånt som er frå Kina, prøvd kle, hattar og sko. Laga kinesisk mat, prøvd spisepinnar, sett film og høyrt fortellingar og sett bileter frå Kina.


Vakker kinesisk lampe.

                         Vi drakk kinesisk te!                                                                                                          
        
Vi reiste med fly til Kina. Barna fekk flybilletter, måtte sjekke inn, det var nummererte seter og servering av flyvertinne undervegs. På flyreisa vart det vist film frå Kina.



                             

Det var kjekt å få besøk av Hege Dalhaug, som har vore utsending i Kina, ho besøkte oss to gonger. Ho fortalde litt frå korleis dei har det i Kina, viste bilder og hadde med seg ulike ting som t.d. klede, leiker, og kva dei vart brukt til. Desse fekk vi låne med ho. 



Etter samlingane har vi hatt ulike formingsaktivitetar. Som t.d.

           

Måla Pandabjørner og laga «CD-bjørner».




Vi har vorte kjent med flagget til Kina.

På morgonmøta har vi samla inn pengar borna har hatt med til barn i Kina.


Mål med prosjektet er:

Vi ynskjer at barna skal:
  •        Utvikle toleranse og respekt for kvarandre og kvarandre sin bakgrunn.
  •        Lære litt om misjonsarbeid.
  •        Lære å sjå andre menneske og gi til andre menneske.
  •        Lære om andre land og det konkrete landet som er i fokus.

Torsdag 17. november frå  kl.14.00 og til 16.30 hadde vi «Grab and go» på barnehagen på både Bikuba og Maurtua. Då fekk ein kjøpe vafler og inntekta gjekk til «Barn hjelper barn i Kina»




Vi takkar for kr.2850,- som vert sendt til Barnas Misjonsprosjekt.

Kontonummeret til Barnas Misjonsprosjekt er 82200290131
Innbetalingen må merkast med «Barnas Misjonsprosjekt 11255»

tirsdag 8. november 2016

Tur til skulen sin gapahuk


I dag (3.nov) skulle Raudrevane lage mat på bål, og difor gjekk vi opp til gapahuken til skulen. Det er ein veldig fin plass når ein skal lage mat.

Målet med turen er henta frå rammeplanen:
·       At barna får ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring
·       At barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar
·       At barna vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
·       At barna bruker språket for å uttrykkje kjensler, ønske og erfaringar, til å løyse konfliktar og til å skape positive relasjonar i leik og anna samvær

Vi får god grovmotorisk trening på vegen opp til gapahuken J 
og turvener er det godt å ha.


Hm, makken sat fast i asfalten, 
den vart nok overraska av det kalde veret.

                             

I taket til gapahuken hang det ein isbit, noko dei raskt

fekk auge på. Og kva var det som var på blada?


Smakar det noko av rim? Det må undersøkast J     


 Samarbeid for å få fyr på bålet.


Når bålet brann godt, var det tid for å lage til speidarpakkane.


 Medan maten grillar seg på bålet, må vi undersøke omgjevnadane.


Hm, kva skal denne brukast til, er det eit klatrestativ?


Før vi kan gå, må bålet sløkkast, 
då vart det mykje røyk.


Her ser vi nesten heile Vatne J


og så var det på tide å finne vegen heimover..

mandag 7. november 2016

Pysj party på Brakkebyen

Fredag 28/10 hadde vi på Nøtteliten invitert Ekorna til pysjparty. Vi pynta med not i taket og ungane fekk knipe aluminiumsfolie til ballar som vi hengte opp i nota. Vi klipte stjerner og måner, og vi blåste opp ballongar. Det vart skikkelig fint! Vi lånte discokule med Ekorna, slukte lyset og dansa til god musikk! Vi var glade og slitne til lunsj. Vi laga karbonadar og pastaskruar til lunsj, det var jammen godt! Barna fekk servert ein liten dessert, ein kopp med havrefras og rosiner. Vellykka minifest! J