NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AS,

AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua (Førskulegruppe) * Bikuba (f.2012 og 2013)

Brakkebyen:

* Ekorna (f.2014) * Nøtteliten (f.2014, 2015 og 2016)

fredag 19. februar 2016

TO FISK OG FEM SMÅ BRØD

I DAG VAR VI SÅ HELDIGE AT HEGE KOM PÅ BESØK TIL OSS.
HEGE ARBEIDER I NLM UNG, OG HO REISER RUNDT TIL BARNEHAGAR, BARNELAG OG ER PÅ MANGE LEIRAR.

HEGE BRUKAR Å BESØKE OSS EIT PAR GONGAR PÅ HAUSTEN OG EIT PAR GONGAR PÅ VÅREN.

PÅ NØTTELITEN SYNG HO MANGE BARNESANGAR.
MEDAN HO OPPE PÅ HOVUDHUSET BÅDE SYNG OG FORTEL.




I DAG FORTALDE HO OM GUTEN SOM GAV NISTEPAKKA SI TIL JESUS. JESUS GJORDE EIT UNDER SLIK AT DET VART NOK MAT TIL ALLE MENNESKA SOM HADDE SAMLA SEG FOR Å HØYRE PÅ HAN. 




SJØLV OM VI ER SMÅ KAN VI VERE MED Å HJELPE ANDRE.
HO VISTE OSS BILETE PÅ NETTET DER VI FEKK SJÅ AT VI PÅ TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE HADDE SAMLA INN MANGE PENGAR SLIK AT BORN I SØR-AMERIKA KAN FÅ DET BETRE.




PÅ MAURTUA FEKK BORNA VERE MED PÅ EIN FORMINGSAKTIVITET DER DEI LAGA NISTEPAKKE MED TO FISK OG FEM BRØD.


 



Her er ein sang Hege lærte oss:

"TO SMÅ FISK OG FEM SMÅ BRØD"
Ivar Skippervold

Du har vel hørt, du har vel hørt
(en hånd på venstre øre, så en hånd på høyre øre)
Du har vel hørt hvordan det ble
(begge hendene ut)
2 små fisk og fem små brød
(2 fingre opp venstre hånd, fem fingre opp høyre hånd)
Alle kunne få
(del ut mat med hendene)
Tusenvis ble mette
(sirkle hånda på magen)
men ingen kunne forstå
(rist på hodet)
det som hente, det som hente

onsdag 17. februar 2016

SPORJAKT OG GLEDE I SNØEN!

Onsdag er det turdag for Blåharane! I dag gjekk turen til gapahuken til skulen, der vi skulle jakte på spor i snøen!



Vi såg mange spennande spor på veg opp til gapahuken!! Kanskje var det hjort, rådyr, mus eller rev?




Vi undra oss over kva spor dette kunne vere?



I skogen med gapahuken fann vi mange kongler som var blitt ete på. Blåharane trudde det var både mus og ekorn som hadde vore svolten og tatt seg ein bit no i vinter.

 Vi avslutta turen med ståandes buffé og leik i snøen!

 



tirsdag 16. februar 2016

Nøtteliten kosar seg i snøen!!

Endå er det vinter her med oss og det setter borna på Nøtteliten pris på. Det kan sjølvsagt vere ei utfordring med store vottar og at vi ikkje alle er like stø i ganga endå, men gleda den har vi.



Her lagar vi snøkake.  Kjekt å snu bøtta og sjå om det blir kake, men kanskje like kjekt er det å slå den i stykke etterpå. J

 



Ein ting vi er einige i, snø smakar godt!



Sjølv om det er snø kan ein godt leite fram vippedissa og vippe ute i snøen, det går berre ikkje like fort.



Ikkje alltid like godt å få tak med vottar, men innsatsviljen er på plass.

Vi ynskjer at barna skal få oppleve glede ved å vere ute å oppleve snøen og kjenne på mestringsglede ved å kunne leike og bevege seg rundt. Vi undrar oss saman med dei over fenomenet  snø, og tek aktivt del i gleda det er å leike i snø. 

søndag 14. februar 2016

SKOGMUSENE PÅ BIBLIOTEKET


Skogmusene starta fredag 12.februar med å plukke ut nokre barnebøker frå eige «barnehagebibliotek» som vi las høgt for barna. Vi delte oss inn i små grupper og barna fekk velje kva for bøker dei ville høyre. Det er spennande å lese gode barnebøker! 
Fredagane er Haram folkebiblioteket på Vatne ope, og i dag bestemte vi oss for at alle Skogmusene skulle gå på biblioteket. På biblioteket var det mange flotte og fristande bøker og ulike spel. Lisa på Haram folkebibliotek sa at ho ville invitere oss til biblioteket på «Eventyrstund» ein dag. Vi gler oss!



I barneavdelinga fann vi både bøker og spel! Mange ivrige barn som skal låne med seg bøker!



I Rammeplanen for barnehagen står det at personalet må skape eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale.

fredag 12. februar 2016

Skinnvotten del 2 Harane

Denne perioden arbeidar vi med eventyret om skinnvotten. Vi har lese eventyret, dramatisert og vi har halde på med formingsaktivitetar for å bli kjend med dyra i eventyret.
Hovudmålet med prosjektet er :
·       Vennskap og inkludering, noko som vert aktualisert i eventyret der det eine dyret etter det andre får kome inn i votten.
·       Språkstimulering, både gjennom å høyre eventyret og setje ord på det som vi held på med.

·       Naturen om vinteren, vi fokuserer på å ha det kjekt ute i snø og kulde. Vi kosar oss med varm mat og/eller drikke på tur. Vi leitar etter spor i snøen og får erfare varierande underlag, med bare vegar, is og snø om kvarandre.




Vi lagar bilete ved å kombinere ulike teknikkar som maling, klipping og liming.

 

Handa får vere mal for votten.







På tur dramatiserte vi eventyret.

Sjå også Skinnvotten del 1 Revane for å lese eventyret og sjå korleis ein også kan jobbe med temaet.

torsdag 11. februar 2016

Skidag i Engsetdalen

Onsdag 10.feb var alle på Maurtua på tur til Engsetdalen og vi tok buss i lag med Tryggheim barnehage i Brattvågen. Og når vi kom fram møtte vi også barn frå Utigarden barnehage. Nedafor Misjonshuset var det laga skiløype med scooter, stilig! Det var Jarle Ekroll, som inviterte oss, han hadde laga løype og organiserte det heile. Den som ikkje hadde ski rann på akebrett, leika i snøen, sprang rundt løypa eller var heiagjeng! 



På med skia våra!


 Klar ferdig gå!


 Nokre gjekk på ski for første gong, andre var lenge sida sist. Det var nye ski, lånte ski og nokre kunne tenkt seg å hatt ski. Nokre suste avgårde og gjekk runde på runde, medan andre hadde nok med ei. Vi gjekk og datt, ikkje alltid så lett å få skia rette vegen, men vi stod på!! For ein herleg gjeng med Maura!!




Godt med matpause!! Kjekke damer laga mat til oss! 





Ein flott dag er over, med mykje nye skiferdigheiter, gullmedalje, premie, humor og glede! 

mandag 8. februar 2016

SAMISK KULTUR I BARNEHAGEN

Laurdag 6. februar var det Samefolkets dag.

Gjennom arbeidet med fagområdet nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna vert kjend med at samane er Norge si urbefolkning, og at dei får kjennskap til deler av samisk kultur og kvardagsliv.

Slik markerte vi dagen i vår barnehage:
Vi starta dagen med film, og fekk eit innblikk i korleis samane lever. Vi har og høyrd på joik og anna samisk musikk.



I gapahuken fekk vi smake på tørka reinsdyrhjarte, noko som er svært eksklusiv mat for samane.


Vi prøvde å kaste lasso på reinsdyrgevir. 



Dei som ikkje greidde å kaste lasso, fekk sjølvsagt gå fram å legge den på.
Ein fin måte å markere og å få litt kjennskap til den samiske kulturen. 

søndag 7. februar 2016

JESUS OG DEN LAMME MANNEN

Revane har jobba med forteljinga om Jesus og den lamme mannen.  Den handlar om fire venner som samarbeider og hjelper til med å få den lamme mannen til Jesus. Dei måtte fire han gjennom taket for å komme til Jesus, då det var stor trengsel rundt der Jesus stod.

Vi laga byen Kapernaum der hendinga fann stad. 





Vi laga byen slik vi trudde den var på den tida og dramatiserte forteljinga.