NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua - Revegruppa og Haregruppa

* Bikuba - Klatremusgruppa og Skogmusgruppa

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

lørdag 29. april 2017

Bjørkesaft tapping


På torsdag hengte vi opp ei flaske for å tappe bjørkesaft.


På fredag var alle Revane veldig spent på om det hadde kome noko i flaska i løpet av gårsdagen og natta! Alle ville smake!! 



Vi var veldig spente på korleis dette smakte! Nokon synst det var godt, andre synst det smaka som vatten og nokre synst det smaka som blåbær, og andre meinte vi kunne brukt det til å bake noko. 
.......................................

"Tidleg på våren stig sevja i trea, og vi kan tappe litt utan at dei tek skade av det. På dette tidspunktet er det mykje sevje i treet, fordi alle blada trenger væske for å kunne springe ut. Sevje kan tappast av bjørka omtrent på den tida då bjørka har fått blad så store som museøyrer. 

Den beste tida å tappe sevje frå bjørketrea er frå mars til mai, helst siste del av april.

Etter eit par dagar vil det sannsynligvis vere nok bjørkesevje i flaska til at dokke kan smake på den. Bjørkesaften er blank og smakar nesten som vatn, men ein kan kjenne ein lett søtsmak. Nokon vil kanskje synest at smaken er litt bitter eller sterk, og eit tips er å blande den ut med vann. Sevja kan brukast som søtningsmiddel i matlaging. Den kan også brukast til brødbaking ved at ein erstattar væskemengda med sevje. Sevje gir god heving, og brøda får ein saftig konsistens. Ved å koke sevja sakte inn kan vi lage deileg søt bjørkesirup, som skal vere god mot forkjølelse."

fredag 28. april 2017

Langt inni skogen den grønne


Alf Prøysen er blant våre mest kjende forfattarar av viser, noveller og dikt.

Tysdag 25.april fekk vi besøk av tre musikarar, som spelte, song og dramatiserte mange av visene til Alf Prøysen for oss. Dei las og eit tulledikt, og dette skapte mykje latter i salen. Vi fekk høyre litt om Alf Prøysen t.d. at han var lillebror, og vi fekk høyre ein liten snutt frå Barnetimen for dei minste, der det er Alf Prøysen sjølv som fortel.

Dei som besøkte oss frå Kultursekken, var:
  • Beate Mordal (vokal)
  • Møremusikar Jøran Hatten (klarinett, song)
  • Møremusikar Asgeir Hoffart (piano)
Dette var ein dyktig gjeng som verkeleg evna å engasjere både små og store! Klarinetten og pianoet laga mange fine og nokre rare lydar. På førehand hadde vi fått i oppgåve å øve på fire songar: Lille Måltrost, Soltrall, Nøtteliten og Hompetitten. Ekornet, Nøtteliten, var med i forestillinga. Dei barna som ville fekk ein god klem av han.

                             



Sparegrisen hadde og sin eigen song 😊




Nøtteliten har gøymd seg under krakken.
 



Vi vekk sjå bilete av Alf Prøysen.





Etter forestillinga fekk vi sjå på rekvisittane og helse skikkeleg
på Nøtteliten.

mandag 24. april 2017

Rapport frå bygging av ny barnehage på Vatne


No er ringmuren støpt og grovplata på plass.


Sjølv om oss, Fjellrevane, skal starte på skulen til hausten er det spennande å fylgje med på byggeprosessen.
Tenk at bygget har begynt å ta litt form...

onsdag 19. april 2017

Hurra det er VÅR!



Det var veldig kjekt å få møte kvarandre etter Påskeferien. 
Heldigvis skein sola frå nesten skyfri himmel. 
Så valget var enkelt for oss på Maurtua i går.
Vi tok turen til Gurinesbukta og kosa oss der.


                                


Vi fann flak av is som det var gøy å leike seg med.



Ikkje alle barnehagar er like heldige som vi på 
Tryggheim barnehage, Vatne 
som har eit SÅ flott område i nærleiken av barnehagen vår.


                                


fredag 7. april 2017

REVANE OG HARANE PÅ PÅSKEVANDRING I VATNE KYRKJE

Spennande med påskevandring saman med Astrid! 
Vandringa til Jerusalem starta bak i kyrkja. Borna fekk greiner i hendene, ropte HOSIANNA, song ”Hosianna, Davids Son”, og la greinene på «vegen» medan vi vandra framover i kyrkja. Astrid fortalte om kva som skjedde då Jesus kom til Jerusalem. Vi song songen «Hurra nå kommer kongen». Dei borna som ønska det fekk vaska føtene sine, slik Jesus gjorde med vennane sine. Etterpå var det påskemåltid, og vi studerte den flotte altertavla medan Astrid fortalde om Jesus som døydde og stod opp igjen. 
Alle song På Golgata stod det eit kors til slutt! Ei flott stund i kyrkja!


                                             





                             






GOD PÅSKE TIL DOKKE ALLE!

torsdag 6. april 2017

ÅH, SÅ FINE DEI ER!

Torsdag trossa Ekorna regnveret for å kome oss ut på tur – for vi skulle nemleg noko veldig spennande denne dagen. Vi skulle opp til den andre barnehagen  for der hadde dei kyllingar. Søte små kyllingar!

Alle kledde godt på seg og hadde refleksvesten på, for å kome oss opp til Bedehuset så må vi gå i trafikken, og då er det viktig at vi blir sett. Alle borna hadde ei hand å halde i, og vi gjekk alle mann opp litt spente i kroppen.

Gruppevis gjekk vi inn i Bikuba si stove. «Hysj, kva er den lyden?» «Kan vi høyre kyllingane?» «Pip pip pip» kom det frå ei kasse. Vi lyfta lokket og nedi der var det fem små gule kyllingar som kika på oss. 


Dei vaksne holdt ein kylling i handa si, så borna forsiktig fekk stryke over kyllingen. Mjuke var dei, ja full i gul og brun dun. I kassa såg vi at der var nokre egg som kyllingane hadde bodd i før, så da måtte vi synge kylling songen:


«En liten kylling i egget lå. Den banket, og banket, og banket på.
Her er det trangt, jeg vil ut å gå, pep den og ynket seg der den lå.
Hakk, hakk, hakk! Egget det sprakk! Og en lite kylling ut det stakk».

onsdag 5. april 2017

BJØRNIS BESØK



Eg heiter Bjørnis, og arbeider som brannbamse i brann- og redningstjenesta.

Onsdag 5.april var eg så heldig at eg fekk kome på besøk til alle Revane og Harane på Bedehusbarnehagen.

Der vart eg og Brannmannskapet tatt godt imot.



Brannbamsen Bjørnis er utvikla for å møte barn sine behov for omsorg og tryggheit ved brann og andre ulykker, og gi barn og vaksne gode råd om brannvern.


bjørnis.no kan du lese meir om meg.



Hovudbodskapen til Bjørnis var at alle skal ha Brannøving heime.
6 åringane (Førskuleborna) fekk ein sekk med materiell til å ta med heim kvar sin gong.


                                          Takk for besøket Bjørnis!

tirsdag 4. april 2017

PÅSKELANDSKAP PÅ MAURTUA PÅSKA 2017

På Golgata stod det eit kors,                                                                                            Jesus hang på det korset.
I hagen var der ei grav,
Jesus låg i den grava.
Men korset er tomt,
grava er tom,
Jesus stod opp og han lever!      


Den sangen var utgangspunktet når vi skulle lage påskelandskapet vårt på Maurtua.   Fjellrevane var ute og fant mose under snøen, tilbake til barnehagen laga vi påskelandskapet i fellesskap. Korsa vart sett på, der vart Golgata og i hagen kom det blomster og ei grav. Alle var ivrige og ville vere med å lage. Dei la ein ispinne i grava, det vart Jesus!    


Påskelandskapet visualiserer ein del av påskebudskapet og det kan gjere det enklare når vi skal fortelje om Jesus som måtte dø for vår skuld, at han vart lagt i grava, men at han stod opp igjen. Då avslutter vi samlinga med sangen: «Jeg vil fortelle deg at Jesus lever, ja Jesus lever i dag».   

Påskelandskapet står framme og kan brukast i leiken.                                                                      

søndag 2. april 2017

Spennande tider på Maurtua


Det er ikkje berre på Bikuba at egg ligg til ruging.

For ca.19 dagar sidan putta vi på Maurtua (Førskulegruppa)
18 egg i rugemaskina.
Og etterpå har vi spent venta på utviklinga frå egg til kylling.

På dag 7 lyste vi på egga, vi såg mykje blodårer 
og at det var ein svart prikk som bevegde seg inni der. 
Det var liv inni alle 18 egga, så det blir spennande å sjå 
kor mange som kjem ut etterkvart.



Dette bilete vart tatt laurdag 1.april.
Kyllingane har starta på prosessen med å kome seg ut i lyset..


Og i dag 2.april har to kyllingar kome seg ut.

Det vert spennande for born og voksne å kome på barnehagen 
mandagsmorgon for å sjå om endå fleire har kome ut.