NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 31. mai 2018

Nøtteliten avdeling blå trener på å gå med tau 😊


Onsdag 30.5 var det turdag igjen. I dag fekk vi endeleg låne tauet med løkker og vi skulle ut på vår første tur heilt utan vogner. Små ivrige kroppar på veg ut for å utforske nærmiljøet vårt.



                             


Vi la i veg med friskt mot. I grøftekanten var det mykje å studere. Ekstra spanande med løvetann som hadde blitt kvite slik at vi kunne blåse på dei så frøa flaug. Det var litt vanskeleg å halde fokuset på tauet og gåinga, så vi var heldige som hadde Silje med oss som kunne lede dei som var på avvege tilbake til tauet. Nokre greidde å gå heile turen og halde i tauet, medan andre måtte låne ei hand innimellom. Dette var ei ny oppleving for oss og det gjekk kjempebra, så vi satsar på at vi får fleire turar med tau i tida som kjem.



På turen vår såg vi mange ulike blomar, og vi høyrde mykje fuglesong. Vi møtte og ein hund som heiter Lydia og kattevenen henna. Det var spanande å sjå at dei to var ute på tur i lag med matmora si. 

- Rammeplanen seier at gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til  at barna  utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stadar i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt. - 😊



onsdag 23. mai 2018

«JESUS METTER 5000»


Gjennom ulike forteljingar frå Bibelen får vi på Bikuba lære litt om korleis Gud vil vi skal vere mot kvarandre. Vi vil knyte dette opp mot tema som vert jobba med på gruppa. Vi vil snakke om den «gylne regel»: «Alt de vil at andre skal gjere mot dykk, skal de gjere mot dei». Det er viktig å vere inkluderande, vise toleranse, dele og samarbeide med kvarandre.

I dag, 23. mai fortalde Stine oss forteljinga frå Bibelen om då «Jesus metta 5000».



Det hadde samla seg så mange som høyrde på det Jesus fortalde og det var så spennande å høyre på at tida gjekk og dei vart svoltne. 
Men dei hadde ikkje med seg mat.


Det var ein gut som hadde med seg ei nistekorg, med 5 brød og 3 fiskar, ein av disiplane til Jesus spurte om han kunne få korga. Guten ga frå seg maten og den vart gitt til Jesus, som velsigna maten. 



                                                                                                                                                       Disiplane delte ut mat til alle og av dei 5 brøda og 3 fiskane, 
så vart alle 5000 menneska mette!  

                   

Jesus er glad i oss, han vil at alle skal ha det bra, dele med kvarandre og vere mette. Denne forteljinga vil vi på Bikuba, gjennom ulike metodar arbeide vidare med framover. 

HARANE PÅ TUR FOR Å FINNE ULIKE ARTAR I FJØRÅ



På turen hadde vi med ulike bøker og «artsduken» til barnehagen. 
Vi fann mange artar :
·       Strandmakk
·       Albueskjell
·       Blåskjell
·       Strandsnegl
·       Krabbe
·       Hjarteskjell





Skjell vart forska på og lagt på «duken» vår. I alt 6 ulike artar.



 Vi fann og ein del søppel som vi tok attende til barnehagen og kasta. 




Vi møtte på ein journalist frå Bygdabladet som syntes barna var flinke til å ta vare på naturen vår. Kven veit, kanskje vi kjem i avisa?





mandag 21. mai 2018

Klatremusene syr larver

Denne våren har Bikuba temaet «Lille Larven Aldrimett», og i den anledning skal alle barna få sy sin eigen larve. Klatremus gruppa er godt i gang! Det er kjekt å sjå kor glade barna blir, og den meistringskjensla dei får undervegs.


Larven har ein grøn kropp med eit raudt hovud. Barna får halde den vesle nåla i handa si, og må konsentrere seg for å tre nåla inn på rett stad. Dette gir utfordringar både når det gjeld finmotorikken, men også tålmoda. For det tar litt tid å sy igjen heile larven.


Den vaksne peiker kor nåla skal gjennom, og hjelper til å halde sidene saman om dei treng det. 


Barna er veldig flinke og personalet gir mykje ros undervegs.


Når barna har sydd nesten heilt opp, så må vi stoppe. Da skal vi stappe inn vatt. Dette er kjempe kjekt! Larven begynner å ta form. Spennande. 


Sim salla bim – ein larve blir til J No må vi finne knappar som kan vere auge, og då er dei ferdig!

«Personalet skal sørgje for at alle barn kan få rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar» (Rammeplanen 2017:22)

onsdag 16. mai 2018

Mai syslar på Nøtteliten-blå

Rammeplanen for barnehagen 2017 seier:
Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra  til at barna bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk. 

Barna på Nøtteliten avd.Blå har fått prøve å male i barberskum, lim og maling med sugerøyr.






Og slik blei resultatet av denne prosessen. Abstrakte 17.Mai bilder.






tirsdag 15. mai 2018

17.MAI FØREBUING




På Nøtteliten avdeling Gul har vi samlingar med fokus på språkutvikling. Vi har ei eske med bilder av borna opp i, og etter kvart som dei kjem opp av eska syng vi god morgon songen til kvart enkelt barn. På mandag var det spennande ting som sau, ku og pusekatt som hadde gjømt seg opp i eska, så da måtte vi sjølvsagt synge om dyra også.


På slutten av samlinga snakka vi om det norske flagget. Borna fekk sjå på, kjenne på det og nokre måtte til og med smake litt på det!

                              


 Etter samling var det klart for at borna skulle få male det norske flagget sjølv.






Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at borna tek i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede.

Rammeplan for barnehagen. (2017)


                              


Heia Arbeidsmannane!



Til stor glede for borna har vi hatt "arbeidsmanna" med gravemaskin på barnehagen vår. Dei syns det er svært kjekt å studere arbeidet som vert gjort.

No er muren ferdig og no ventar vi på dei som skal ordne med gjerde til oss!

Det vert litt etter litt og vert bra til slutt!  😊

fredag 11. mai 2018

Vår-undringstur med Ekorna


Kjenn så deilig vårlufta er. Og vi kan ha på oss jakke og sko!! 
Barna stråler om kapp med sola.
No ville vi ut og kikke litt på naturen rundt barnehagen, og sjå kva vårteikn som hadde kome. Vi fann fram turtauet og rusla ut av barnehagen. 


Utafor stod det ei svær gravemaskin. Ohoi, så spanande! 


Dei stod lenge og beundra den. "Den bygge lego" vart det sagt.


I grøftekanten fann vi mange forskjellige vårteikn. 





Både kvitveis, marikåpe, surgras og greiner frå eit frukttre.


Vi lata som vi gjekk i 17.mai -tog og vifta med blomstrane 
vi hadde plukka og ropte HURRA!



Vi fann også mykje rusk på turen. Alle var skjønt einige i at det ikkje skulle ligge der, men i bossbøtta. Så vi plukka det med oss i ein pose og kasta det i søppeldunken i barnehagen.

Hurra for ein super tur med nysgjerrige og vårglade barn!


torsdag 3. mai 2018

Heile Norge ryddar og vi er med!

I dag torsdag 3.mai er det den store 
Heile Norge ryddar dagen!


Med pågangsmot og blå hanskar drog 
Maurtua ut i nærmiljøet vårt.


Dei fant masse søppel i grøftekantane.


Det er viktig å lære at ein ikkje skal kaste noko i naturen! 
Vi må ta vare på det fine skaparverket som vi er ein del av.


«Ingen kan fjerne alt søppel, 

men alle kan fjerne litt»



Heime på barnehagen kasta vi søppelt i søppeldunkane.


Tusen takk  for ein flott innsats alle på Maurtua!

onsdag 2. mai 2018

Leikens mangfaldige rom – Klatremusene


«Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, 
og eigenverdien til leiken skal anerkjennast» 
(Rammeplanen 2017: 20)

Det er heilt fantastisk å få observere, lytte og vere delaktig i den leiken borna har. 
I gruppa vår ser vi at rolleleiken får ein større og større plass, og dette kom tydeleg fram på ein tur til den gamle bedehusbarnehagen sitt leikeområde – ja her var det mykje god og kreativ leik. 



Det var ein samla gjeng som starta i sandkassa – her måtte det lagast veg til bilar, hus til biller og i tillegg så var der eit hol. Der forsvant det lastebilar i som dei måtte hjelpe oppatt.


Nede i skogen er det ein stor stein. Eller stein? Nei, det er ei sjørøverskute, og der er kaptein Sabeltann. Han var på jakt etter skatten sin. Vi måtte synge «hiv og hoi, snart er skatten vår»


Og det var ingen tre her i skogen heller, berre hus med soverom og kjøkken som vi kunne bo i. På kjøkkenet blei det laga mykje god mat – og mange bursdagskaker.


Men tilbake til sandkassa og billa vi måtte lage hus til. Den var så spennande å sjå på. Den hadde ein spesiell farge på seg, og barna syns den var stooor. Det var kanskje tryggast å lage eit hus nedi sanden til den, for da kunne den vere der!



«Personalet skal observere, analysere, støtte, delta i og gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar» (Rp18)