Denne våren har Bikuba temaet «Lille Larven
Aldrimett», og i den anledning skal alle barna få sy sin eigen larve. Klatremus gruppa er godt i
gang! Det er kjekt å sjå kor glade barna blir, og den meistringskjensla dei
får undervegs.
Larven har ein grøn kropp med eit raudt hovud. Barna
får halde den vesle nåla i handa si, og må konsentrere seg for å tre nåla inn
på rett stad. Dette gir utfordringar både når det gjeld finmotorikken, men også
tålmoda. For det tar litt tid å sy igjen heile larven.
Den vaksne peiker kor nåla skal gjennom, og hjelper
til å halde sidene saman om dei treng det.
Barna er veldig flinke og personalet gir mykje ros
undervegs.
Når barna har sydd nesten heilt opp, så må vi stoppe.
Da skal vi stappe inn vatt. Dette er kjempe kjekt! Larven begynner å ta form.
Spennande.
Sim salla bim – ein larve blir til J No må vi
finne knappar som kan vere auge, og då er dei ferdig!
«Personalet
skal sørgje for at alle barn kan få rike og varierte opplevingar og erfaringar,
utfordringar og meistringsopplevingar» (Rammeplanen 2017:22)