NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua

* Bikuba

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

mandag 20. juni 2016

Sommarfest på Maurtua

I dag måndag 20.06 hadde vi Sommarfest med utdeling av permane vi har hatt dette året. Nokre av barna startar på ferien sin no, og difor feira vi i dag medan dei fleste var her. Vi starta med høgtidleg utdeling av permane, og Randi takka dei for året som har gått. For Revane er dette noko av det siste dei opplever i barnehagen så det vert samstundes ei avslutning av tida deira i barnehagen.



Etter utdelinga fekk dei bla litt i permane før det var tid for mat. Dei som ville fekk vere inne og spele to nye spel som vi fekk av Revane, og bla meir i permane sine etter maten og.


I dag var det  ståande buffet, med smørbrød, frukt, gele og is.




Vi ønskjer alle dei kjekke barna på Maurtua og foreldra deira, ein riktig god sommar!


Varme klemmar frå Dagrunn, Linda, Silje, Liv, Anita, Mette, Marianne og Randi

Nøtteliten på tur til Gurinesbukta.



Mandag 13.juni gjekk vi ned til Gurinesbukta for å nyte ein fin sommar dag. 
Vi gjekk først ned til Vatnevatne, men der satt vi fint i vognene våre og berre såg på utsikta. Etterpå gikk vi opp til Jeger og Fiske hytta. Her er der ei spanande stor mark som vi fikk springe fritt på, og utforske ulike sortar vekstar som veks der.



Nede på bakken kan det vere mange spennande ting å sjå. 
Vi håpte på å kunne finne eit dyr under noko gamalt gras som låg der, 
men vi fant ingen.


Men vi fant ein vedstabel på vår vei og den var vel så spennande. 


Surgras kan som vi veit etast, men smakar det noko godt? Vi måtte prøve.



Fine blomster vaks der også, og vi plukka med oss nokre.


Etter mykje springing er det godt å berre legge seg ned i grønne enger og slappe av.

fredag 10. juni 2016

TRAFIKKDAG I TRYGGHEIM BARNEHAGE 10. JUNI 2016

I dag var endeleg dagen her som alle borna hadde gleda seg til, dei fekk ta med eigen sykkel og hjelm til barnehagen, for i dag var det klart for trafikkdag. Det heile starta med at trafikkvenen vår Tarkus kom på besøk, han helste på alle borna og fortalte dei kor viktig det er å bruke hjelm når vi er ute å syklar.


Tarkus er eit beltedyr. Han har ni belte på ryggen sin, og når han er i bil har han ti. 
Då er han eit bilbeltedyr. Tarkus er karakterisert ved at han viser omsorg for andre, 
og er opptatt av korleis barn ferdast i trafikken. 
Ein veldig god trafikkven som alle borna i barnehagen er glade for å ha.
Borna har jobba med korleis vi skal ferdast i trafikken. 
Tema som har blitt tatt opp er:
-        Bilbelte
-        Sykkelhjelm
-        Refleksvestar

-        Kva vi skal passe på når vi er ute å går på tur.



Alle syklistane klare for sykkelløype!


Trafikklysa er på plass!


Skilta er på plass!


                                                               Vente på grønt lys.                                                                    

.                                  Sjå seg for! Er det er trygt å passere?                                  


Løvungen må også ha på hjelm når han skal sitte på med sykkelen. 


Full fart rundt barnehagen. 


Alle borna fekk utlevert sykkelbevis for gjennomført trafikkdag!



Vi avslutta dagen med mat og frukt som smakte veldig godt for slitne syklistar J
Kjekk og lærerik dag for store og små!!

Jentebølgen 2016


Her er årets Jentebølge gjeng frå Tryggheim barnehage på Vatne.
Nokre sprekare enn andre, men alle kom i mål.
Ein kjekk måte å trimme på og å vere litt sosial utanom jobb.

HARANE OG SKOGMUSENE PÅ FELLES TUR 8.JUNI TIL GURINESET

18 harar og 11 skogmuser hadde pakka drikkeflaskene i sekken. 
Vi tok med bøtter og spader frå barnehagen og la i veg  på tur.
Med fargerike og flotte refleksvestar kryssa vi vegar for å kome oss til Gurineset.
Kjekt å vere mange ilag på tur, nye vennskap som vert  oppretta 
og samarbeid med andre born.

Vennskap og samarbeid på tvers av avdelingane er noko vi jobbar med, 
som er kjekt for både store og små J



Kjempeflinke til å vente på tur ved dissa, ved å stå i kø!


Mykje kjekt å finne!





Vennskap på tvers av avdelingane er kjekt å sjå!






Veldig kjekk dag for store og små J

«SOMMER KOMMER, SOMMER KOMMER
SOL, OG REGN OG LATTER OG SANG
SOL OG REGN OG LATTER
HAHAHA, LATTER SOL OG SANG.»