NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

lørdag 30. mai 2020

Når eit bitte lite frø del 2





"Alt det store her i verden har engang vært veldig smått. 
Ved Guds hemmelige under blir det til no stort og flott!"

GOD PINSEHELG! ☀️

fredag 29. mai 2020

Tur til Vatnevatnet

Torsdag 28.05.2020 og atter ein turdag for kohort 3 og 4 på Grøn avdeling. Det er ei spesiell tid me er inne i no og kanskje på veg ut av snart? 
Vi på kohort 3 og 4 synst i vert fall tida eigentleg har vore veldig fin, med så mange turdagar på kort tid og så mange fine turmål går tida nesten litt for fort. 
Vi er så heldige å få låne oss eit naust nede ved Vatnevatnet der me verkeleg får utfolde oss. 
Ein sandhaug, eit tau som  blir festa på tobeinte hestar, balansetau og mykje vatn. 



Heile Vatnevatnet ligg for våre føtter der nede, og med vatn, håvar og glade barn kan me ikkje be om meir. 
Der er det heilt fantastisk!
Bålpanna, gløymte vi å nemne bålpanna? Den som held oss varm og gjer det lett å lage noko god turmat.- I dag var det grilla ostesmørbrød  som sto på menyen og det var sååå godt.
Tusen takk, fine naust og natur for at de er akkurat som de er. Me kosar oss. 
Helsing små og store på Grøn avdeling. 

tirsdag 26. mai 2020

Raud på fjøretur

Mandag var Raud avdeling kohort 1+2 på tur til fjøra.
Dagen begynte litt grå og tåkete, men det gjekk ikkje lenge før sola kom fram.
Vi tok med oss ein plastboks til å samle krabber, skjell, tang og tare i. Nesten som eit akvarium.
Vi leita spent på å finne ein krabbe Krølle. Løfta på stein og tare, og fann både store og små krabber og ikkje minst tanglopper.
Når vi var ferdige i fjøra fikk alle krabber sleppe fri i sjøen.

mandag 25. mai 2020

Sol og løvetannsaktivitet



Flotte kjoler blei laga av kohort 1 på Grå. Det er så herleg når sola skin og ein kan finne på aktivitetar ute. 😊

Kjekt å sjå kva som skjer med løvetann om vi legg stilken i vatn. Snurr her og snurr der.

Lavvo tur


Sist veke var vi på tur til lavvoen. Vi gjekk ein rundtur og fekk flott utsikt over Vatnebygda. 
Fole stas med alt vatnet som var i bekkane. Der var til og med ein foss! 
 
Vi møtte på eit stort tre som hadde velta over stien slik alle måtte krype under. Spennende! 
Grøn avdeling kosar seg alltid på tur!

onsdag 20. mai 2020

Eit lite livsteikn frå Raud!



Idag tirsdag (19.mai) har Raud avdeling (Kohort 1+2) vore på tur til Gurineset! I det siste er dette berre ein av mange fine turar vi har hatt, men vi må få sei at turane med opplett vær er dei finaste vi har, vi gleder oss til skikkelig sommervær, sjølv om vi alltid vil kunne mimre tilbake til då vi laga snøhest i mai... 


 
Vi hadde samling i Gurineset om "det bortkomne lammet" etterfulgt av aktiviteter der vi telte sauer, sorterte sauer etter farga, dei fekk kvart sitt hus i fargane raud, blå, grøn og gul. Barna engasjerte seg, men det var nok sangen "Du er du og du duger, og at lammet gøymte seg for gjeteren eller Jesus som barna kalla han som satte mest spor. Vi gleder oss til å jobbe videre med dette. 


Vi fyrte i bålpanna for å steike ostesmørbrød og rydda rundt oss i Gurineset, det trengtes, der var mykje rot. Gurineset er eit slikt fint turmål og vi er glade for at vi kan vere der, beina klarer å gå sjølv og det er mykje å finne på der; fiske hai, kaste stein på vatnet, utforske og klatre i skogen..  Det er idyllisk! 

Når vi kom tilbake var det godt å slappe med litt Peppa Gris. Og det var så fint å høyre at eit av barna sa idag: "Eg liker dykk alle eg vennane mine". 

tirsdag 19. mai 2020

Kristi Himmelfartsdag

                                     

                                       



Kristi himmelfartsdag dramatisert ute i det fri.
Mykje fin leik og læring i å få leike med rekvisittane i etterkant.
Jesus forsvant bak ei sky.
"Jesus!! Er du der oppe!?"

søndag 17. mai 2020

17.mai 2020


Kvar 17. mai feirer vi Grunnlova som vart skriven på Eidsvoll i 1814. På Grøn avdeling har vi snakka om kor viktig det er å ha lover og regler i landet vårt. 

Vi har høyrt på NRK Super; "Evig og tro til Dovre faller", korpsmusikk; gammal jegermars, øvd på "Ja vi elsker" og "17. Mai sang for de små", barna har måla flagg og laga 17. mai pynt. 



Fredag hadde vi fest med pølser og is. Utanfor barnehagen var det snøver, men vi gjekk i eit lite tog likevel. 


Hipp, Hipp Hurra for 17. mai! Ønsker alle ein kjempefin dag! 🌿🌿❤️💚

lørdag 16. mai 2020

Når eit bitte, bitte, bitte lite frø……


På torsdag brukte kohort 1 og 2 på Gul avdeling formiddagen til å plante solsikkefrø og sukkererter som vi var så heldige å få med #PLANTASJEN. I godt samarbeid med Kjøkken-Marit har vi brukt nokre dagar på å samle mjølkekartongar som vi ville bruke til «plantekasse». Perfekt for små barnehender å dekorere og handtere.



Mjølkekartongane fylte vi med jord, det var ei kald og merkelig oppleving. Ein jordklump som plutseleg delte seg utover hendene og vidare utover bordet.

                             

                              




Etter frøa var lagt i jorda fylte vi på med vatn for å halde jorda fuktig. 

Bittelite frø
Alt det minste som Gud skapte: små, små frø du knapt kan se
er det viktigste i verden bare se hva som kan skje:
Når et bitte, bitte, bitte lite frø når et bitte, bitte, 
bitte lite frø når et bitte bitte, bitte lite frø blir lagt i jorden.

Alt blir til av veldig lite i små frø som ingen ser
finns det merkelige krefter ingen skjønner hva som skjer:
Når et bitte, bitte, bitte lite frø når et bitte, bitte, 
bitte lite frø når et bitte bitte, bitte lite frø blir lagt i jorden.

Alt det store her i verden har engang vært veldig smått. 
Ved Guds hemmelige under blir det til no stort og flott.
Når et bitte, bitte, bitte lite frø når et bitte, bitte, 
bitte lite frø når et bitte bitte, bitte lite frø blir lagt i jorden.



Som dekorasjon rundt plantekassene våra, laga borna klinkekule bilde med valfri farge. Latteren braut laust når kulene bråka i kassa og vart full i måling!




Helsing Mette og Henriette