NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 16. april 2021

Jesus stiller stormen ❤️

På Raud avdeling skal vi utover våren ha om temaet Havet. Og vi byrjar med forteljinga om Jesus som ein dag gjekk om bord i ein båt saman med vennane sine. Dei skulle over på den andre sida av sjøen, men undervegs møter dei på ein storm. Jesus hadde lagt seg til å sove, og vennane blei redd og visste ikkje kva dei skulle gjere. Dei ropte til han og til slutt vakna Jesus. Jesus fekk roa ned både sjøen og vinden, og vennane blei både forundra og glad.


På Raud har vi byrja med å introdusere forteljinga. Vi bruker konkreter for å få fram det visuelle. 
 


Etterpå har barna fått mala havet. Maleriet skal vi utarbeide vidare med både båt og Jesus i.


Etter aktiviteten og samlinga får barna leike med konkretane.  "Hjelp Jesus, store bølger" høyrer vi under leiken!  

torsdag 15. april 2021

Mestring på Gul 💛


På Gul denne veka er hest tema, såklart kombinert med Noah's ark. Kvar dag får ei av gruppene ha samling der vi fortel om Noah's ark og eit utvalt dyr den veka.




Etter samlinga har vi som regel ein aktivitet. Denne veka her så har vi måla gras, limt på ein hest og barnet inn i maleriet. Vi har laminert ein målt hest og "sydd" man og hale på den med stoooore nåler. 





Ulike metoder og materiale blir brukt, og vi prøver oss fram til kva barna klarer sjølv og ikkje. På evig jakt etter den herlige mestringsfølelsen 🥰