NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 23. april 2019

1 års feiring



Fredag 26.april feirar vi at vi har 
vore 1år i den nye barnehagen vår.

På ettermiddagen er det fest for borna og foreldra.

Men frå kl.18.00 til 19.00 er det ope hus 
for alle som har lyst å besøke oss.

Det er veldig kjekt om akkurat 
DU har lyst til det!

VELKOMEN!

fredag 12. april 2019

Raud avdeling på eggejakt


                             


Fredag 12. april var det tid for ein liten fellestur på raud avdeling. Vi hadde fått brev frå påskeharen, som hadde laga til rebusløype til oss. Det var veldig spanande å finne alle postane og som premie hadde haren lagt ut eit egg som vi måtte finne. Eit påskeegg, med litt godteri i, det smakte kjempegodt. 😊



Vi fekk og helse på hønene til Johannes og Marit. 



Johannes slepte ut hønene, slik at vi fekk lov til å klappe dei. Det var stas 😊



Egga som vi fann, kokte vi når vi kom tilbake til barnehagen og fekk det på skiva vår til ettermiddagsmåltidet. Spanande å få førstehandserfaring med kor egg kjem i frå.


                              

torsdag 11. april 2019

PÅSKEVANDRING TIL VATNE KYRKJE 10. APRIL 2019

I barnehagen er det tradisjon at dei to eldste kulla blir invitert til påskevandring i kyrkja. Og i strålande sol gjekk Harane og Grevlingane til Vatne kyrkje for å vere med på påskevandring i lag med Astrid Øygard og ei dame som spelte fint på flygelet.



Vi samla oss bak i kyrkja, alle sa namna sine, og så starta vi vandringa  og  vandra  til vi var framme med alteret. Undervegs stoppa vi opp og fekk høyre om dei ulike dagane i påska, kva som hende og kvifor vi feirar påske. Og vi song  påskesongar.



Her fekk vi høyre om palmesøndag, når Jesus rei på eit esel inn i Jerusalem. Alle var så glad og la kappene sine ned på vegen og vifta med palmegreiner. Vi vifta med palmegreiner, akkurat slik som dei gjorde den gongen og song:




På vegen framover låg det påskeegg og i det neste stod det Skjærtorsdag og vi fekk høyre om når Jesus hadde det siste måltidet i lag med vennane sine, disiplane.



Vi fekk også sjå det som dei brukar i kyrkja når dei har nattverd til minne om Jesus.



Nedi dei ulike egga låg det ein liten trebit,  
som vi pusla saman og då vart det korset til Jesus.       


                                      


                                         
Midt på den fine altertavla i Vatne kyrkja er alt som hende i påska, Astrid  peikte og fortalde.



Etterpå fekk alle kvar sin blomster som vi la på grava, medan vi song: 



I barnehagen har vi hatt samlingar og vorte kjent med det som skjedde i påska. Vi har dramatisert, lært påskesongar og laga påskelandskap. Det å bli invitert til kyrkja på påskevandring er ei oppsummering av det barna har fått kjennskap til i barnehagen. Og dei set tydleg pris på gjenkjenning av påskeevangeliet og er delaktig i forteljinga.

«Barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn og erfaringar med at kulturelle uttrykk har ein eigenverdi.» (R.pl.)

onsdag 10. april 2019

Påskekyllingen

I dag hende det noko spennande når Gul avdeling gjekk på tur! 

Heile gruppa skulle gå seg ein tur rundt i bygda i det fine vårvèret. På vegen ned mot Fauskegarden såg vi brått noko stort og gult som sprang rundt mellom huset og låven! Den laga lydar og, «Pip Pip» sa den!

Det var ein kylling!
Det var jammen bra vi såg den litt på avstand for dette var spennande.. og litt skummelt!
                              

Vi kunne sjå at kyllingen bærte noko med seg.. noko stort og ovalt..

Dette gøymde den i båten før den vart borte like fort som den kom!

                              

Då var det trygt å gå ut av vogenene ..
Vi gjekk bort til båten for å sjå kva som låg der.
Det var eit stort egg!

Snille kyllingen hadde lagt igjen eit påskeegg til oss på Gul! 

                              

Vi såg på egget, kjende på det og rista på egget, det var noko oppi – 
og vi måtte opne å sjå!



Ut stakk det først noko gult, mjukt. 
Det var ein liten kylling i egget. 
Då måtte vi synge sangen vi har lært oss og som vi liker så godt!

En liten kylling i egget lå
Den banka og banka og banka på..
Her er det trangt eg vil ut å gå
Peip den å ynka seg der den låg..
Hakk, hakk, hakk, hakk,
Egget det sprakk!
Og en liten kylling ut av det stakk!

Men, det var endå meir i egget! 



Alle borna fekk kvar sin liten påskesjokolade og
der var ei STOR såpebobleflaske som Henriette testa ut før vi rusla opp til barnehagen.






Med dette ønskjer vi på Gul avdeling alle små og store ei strålande Påske – ver god med kvarandre!



Helsing alle på Gul

lørdag 6. april 2019

Påskesamling med Hege frå NLM ung



Fredag 05.04 var vi så heldige å få besøk av Hege som hadde ei kjekk påskesamling med gjengen vår. Vi fekk høyre påskebodskapet med song og fortelling. Hege hadde med seg seks påskeegg, kor det var gøymt ein konkret i kvart egg. Alle fekk etter tur hjelpe til å opne egga, og vi følgde alle nøye med på kva som var inni.
I det første egget gøymde det seg ein brødbit. Det symboliserte måltidet Jesus hadde med disiplane sine på skjærtorsdag.
I det andre egget var der eit kors. Det symboliserte at Jesus døydde på korset.


I det tredje egget hadde Jesus blitt gravlagd. 

 

I det fjerde låg der ein stein, som symboliserte grava til Jesus. 


Det femte egget var tomt, då såg vi bilete av ei tom grav, 
og ein engel som sto utanfor.


                             

Men i det sjette egget var der ei overrasking som smakte sååå godt. Egget var fylt med små påskeegg der alle fekk kvar sitt til å kose seg med. Vi ropte «meir, meir» når det var «tomt», og er framleis i tvil på om det var heilt tomt…. Lite visste vi at heile barnehagen også skulle få smake…. J



Medan vi kosa oss med påskeegga våre song vi:


På Golgata stod det eit kors.
Jesus døydde på korset.
I hagen var det ei grav.
Jesus låg i den grava.

Men korset er tomt, grava er tom.
Jesus stod opp og han lever.
Men korset er tomt, grava er tom.
Jesus stod opp og han lever.



Spennande, lærerik og fin start på barnehageveka sin siste dag! 
No nærmar det seg Påske! J