NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 21. oktober 2019






NLM barnehagene AS avd. Tryggheim Barnehage Vatne søkjer


BARNEHAGELÆRAR/SPESIALPEDAGOG
i 100% vikariat frå 01.01.20 til 17.07.20

med moglegheit for forlenging


Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg. 

Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
  • Du må være ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
  • Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver:
  • Lede det spesialpedagogiske arbeidet rundt enkeltbarn/grupper
  • Inkludere og sikre utvikling og gjennomføring av det spesialpedagogiske arbeidet i barnehagen sitt læringsmiljø
  • Samarbeide tett med personalet i barnehagen og andre fagmiljø
  • Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette
Vi kan tilby:
  • Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikeleg moglegheiter for turar utom barnehageområdet
  • 5 ordinære avdelingar
  • Kjøkkenassistent
  • Lønn etter PBL tariff
  • IA bedrift
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM- barnehagene AS
Søknadsfrist snarast råd og innan 23.10.19.

Send søknad og CV til: 
NLM barnehagene AS avd Tryggheim barnehage, Vatne
Ulvestadvegen 4,
6265 VATNE
Eller til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no

For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.: 96948829
Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/


Avdeling Blå på tur til Gurineset

På turen vår på torsdag skulle vi sjå etter pusen (Gurinespusen), ekorn og maten til ekorna.
Pusen traff vi på vegen før vi kom ned..

Vi fekk sjå bilde av ekorn og nøtter på bilde først,
og så begynte vi å leite.

I skogen fant vi mange nøtter, men lite ekorn. 

Men turen vart topp alikevel. 
Vi sang om Nøtteliten og kosa oss med kornmokjeks. 

BLOGG FRÅ DEI ELDSTE PÅ GRØN AVDELING

Dei eldste på Grøn avdeling har leika seg med ulikt formingsmateriell, hatt kreative turar i skog og mark, og kosa seg i her og no situasjonar denne hausten. 

Her er nokre av dei aktivitetane vi har gjort:


Vi har vore kunstnarar i skogen 💮


Funne ulike insekt som vi rista ned på ein kvit duk, 
her fann vi to store flott. 👀


Her studerar vi andre småkryp som vi fann.


Vi har slappa av i dei populære hengekøyene barnehagen har 
og fått servert magiske pannekaker av fagarbeidar Silje. 👍



Fredag 11.okt fekk vi studere ulike fiskeslag frå Nordsjøen 
til glede for både små og store. 😊



Vi syns det er ekstra kjekt når fleire avdelingar kan samlast ute for å ha eit prosjekt i lag. Det vart ei fin avslutning på den veka.

mandag 14. oktober 2019

#liveterbestute

Tross 0 på gradestokken pakka vi sekken og var veldig klar og spent for første hengekøyetur med dinna gjengen. Med godt humør, gode klede, varme og gode posar,  god nistemat og heimelaga havrekjeks i sekken, låg alt tilrette for ein fin tur i nydelig haustsol.


På veg til Gurinesen møtte vi endeleg ein katt.  Å møte ein katt har vi prata om lenge, men den har vore vanskelig å finne. Stemninga var på topp når den også var ute på tur og ville helse på oss.


Framme i Gurinesen laga vi oss til, og åt nistematen vår i grindløa. Så fint dei har laga det til, veldig kjekt å ha eit så flott turmål i nærleik til barnehagen. #sunnmørefriluftsråd. 







Etter lunsj tok vi kvilen vår i kvar vår hengekøye, her blir vi nok liggandes ei stund..........



Takk for ein nydeleg start på ei ny veke!



Matheus, Mia, Emma Victoria, Adam, Mette og Henriette

tirsdag 8. oktober 2019

Hausten


Blå avdeling jobbar med årstida vi er inne i – og som har vist seg frå si beste side og sine vakraste fargar siste tida!




Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna får oppleve tilhøyrsle til naturen. Barnehagen skal vidare bidra til at barna blir glade i naturen og få vere i naturen i ulike årstider ( RP, 2017).

På turdagen vår førre veke var målet å verte betre kjend med haust i naturen.
I samling før tur snakka vi om blada som fell av trea og legg seg på bakken.

Vi lærte oss ein haustsong:                                          




«Se bladene de faller ned

Nå er det høst det kan vi se

Blader faller ned, blader faller ned

Se blader faller ned»

Klar for tur satt vi kursen til Gurineset og den store marka der vi har vore før ved fleire høve.
 Med bøtter til alle, for å samle blad i.
Vi såg mykje blad på bakken – og dei hadde mange ulike fargar, former og størrelsar. 







                                       






Vi såg på alle dei flotte haustblada vi hadde samla og tok dei med oss til barnehagen.
Der la vi blada til tørk inn i mellom aviser til neste dag.
Då ville vi jobbe meir med hausten, kreativt

inne med formingsaktivitet.

Vi la eit blad på eit kvitt ark, og måla rundt bladet med svamp og fargane som gjekk igjen i blada vi fann i naturen –
Raud, gul, grøn og brunt ..

                                    

Neste dag fant vi fram blada våre igjen i samlinga. Det var rart å kjenne på dei no. 
Kor tørr dei var, kor lett det var å knekke dei og smuldre dei opp.
Denne dagen prøvde vi noko nytt.
Vi laminerte blada. Då vart dei harde igjen, og det var nesten som dei glinsa.

                                      

Desse klipte vi ut og hang opp i vindauget vårt.
I sola og i lyslenka skin dei så fint.
Like fin som hausten er . . 

torsdag 3. oktober 2019

FØRSTEHJELPSKURS



Tysdag 1.okt hadde personalet på barnehagen Førstehjelpskurs.
Denne gongen kom Brattvåg Røde kors for å halde kurs til oss.


Det er alltid lærerikt å vere på Førstehjelpskurs sjølv om vi brukar å ha kurs annan kvart år.
 For det er viktig å repetere kunnskapen for å halde den ved like.


I tillegg til ein teoridel fekk vi øve oss på å legge kvarandre i sideleie. 
Vi øvde også på det å få ut framandlegeme i munn/svelg og Hjartekompresjon på både baby og juniordukke.

Takk til Nina og Anette som var flinke kurshalderar.