NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua - Revegruppa og Haregruppa

* Bikuba - Klatremusgruppa og Skogmusgruppa

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

torsdag 26. november 2015

TUSEN TAKK FOR STØTTE TIL MISJONSLØPET VÅRT



Tidlegare i november har vi fått lære om korleis mange barn i Peru og Bolivia har det. 
Barna har fått lære om Sør-Amerika, blant anna om kva språk dei snakkar, kva mat dei et, kva dei dyrkar der og kva dyr som bor der.
Barna har fått lære enkle ord som:
Hola! – Hei! (uttale: åla) ein seier ikkje h´en i spansk
Adías – Ha det, adjø (uttale: Adiås)                              
Gracias - Takk (når ein får noko) (uttale: Grasias)

Sjå også: Misjonsprosjekt Sør-Amerika, Peru og Bolivia. 

Vi har også fått høyre at enkelte barn ikkje har det så godt og vi hadde difor lyst til å hjelpe dei som har det vanskeleg.
Ved å støtte Barnas Misjonsprosjekt er vi med på å gjere livet til barn i Sør-Amerika betre. Mange barn i Bolivia og Peru har det vanskeleg. Nokon har det vanskeleg fordi foreldra har dårleg råd, eller fordi foreldra drikk mykje alkohol og gløyme borna sine. Dette ynskjer Barnas Misjonsprosjekt å gjere noko med. Gjennom NLM prosjekt, som gåvene til Barnas Misjonsprosjekt går til, lærer foreldra om korleis dei kan vere ei god og trygg familie.
Den lokale kyrkja driv ulike kurs og i tillegg besøkjer NLM sine utsendingar skular og barnehagar og fortelje dei at Gud har skapt dei og at han er glad i dei.
Ved å vere med på dette prosjektet vonar vi å lære borna å utvikle toleranse og respekt for kvarandre, samtidig som dei kan utvikle empati og sjå at mange barn i verda ikkje har det så godt som vi har det i Noreg.

Det er mange måtar å få inn pengar på. I år valgte vi å lage eit Misjonsløp rundt barnehagen vår. Dei foreldra som ville det kunne enten gi ein fast sum eller ein sum pr.runde barnet sitt sprang. Vi hadde også delt ut sponsorbrev/faktura til små og store bedrifter i lokalmiljøet vårt. Sparebanken Møre både sponsa oss og lånte oss vestar med nummer på og start/mål banner.

19.november hadde vi Misjonsløpet vårt. Barna og dei vaksne sprang mange runder rundt barnehagen. Til lunsj kosa dei seg med grove rundstykker med gulrot i og kakao. Kakao passa godt til drikke på ein fin, men litt kjølig novemberdag. Men også fordi vi har lært at Kakao kjem frå Kakaotreet som veks i Sør-Amerika.

TUSEN TAKK FOR STØTTE TIL MISJONSLØPET VÅRT. 
EKSTRA KJEKT AT OGSÅ SLEKT OG VENER BIDROG.

Pr.05.12.15 er det kome inn kr.14627,- 
som vi sender til Barnas Misjonsprosjekt.

Sponsorane våre:

  • Foreldre, slekt og venner
  • Sparebanken Møre
  • Vatnesenteret AS
  • Øyra handel AS
  • Aalesund Oljekle AS
  • SUKK
  • KVIST
  • Trådsnella
  • Interiørbua 

tirsdag 17. november 2015

NØTTELITEN LEIKAR UTE

Vi går ofte på tur opp i barnehagen, der er det så kjekt å leike. 
Dei større barna kjem og vil vere ilag med dei minste og der har dei leiker som vi ikkje har nede med oss sjølve. 







Om vi ikkje går nokon plass held vi oss her nede med oss sjølve.


Vi likar å leike oss her nede på plassen vår.
Og vi har akkurat fått oss nye trillebårer J

mandag 16. november 2015

POPCORN PÅ BÅL

I dag var Revane på «tur» bak barnehagen.  I høve Misjonsprosjektet vårt, veit vi at dei dyrkar mykje mais i landet Peru, då tok vi like gjerne å laga ei heimelaga popcornmaskin!!  Med litt streng, to sikter og eit øydelagt vaskeskaft vart popcornmaskina klar til bruk.

 

 



Og vips, så vart det popcorn på alle!   




søndag 15. november 2015

Gulharane på tur til lavvoen


Vennskap: Torsdag var Gulharane på hausttur til lavvoen vår i skogen. Sjå berre her kor flinke vi har blitt til å vere turvenner!
Alle treng seg ein turvenn. Det er trygt og godt å ha nokon å halde i handa når vi er på tur. Kjekt å ha ein å prate med, flire med, dele opplevingar med… og når vi går på vegen der bilane køyrer er det viktig å ha ein turvenn slik at barna kan hjelpe kvarandre å passe på – for vi vil at ALLE skal vere trygge på tur!  

«Skal vi være venner, skal vi leke sammen du og jeg – det å gå alene, det er så kjedelig syns jeg….
Vi kan være venner, vi kan leke sammen du og jeg, kom å rekk meg hånden så går vi sammen på vår vei… Å være venner, å holde hender, slik at vi kjenner – det gjør godt!!»
(…og det heilt inn i hjertet vårt…!)

I haust har vi jobba mykje med vennskap på Maurtua; det å bry oss om kvarandre, dele med kvarandre, samarbeide og bruke fin stemme når vi snakkar til kvarandre J





Hausten; gule blad, raude blad, brune blad, nokre få blad hengande i treet – mange blad liggande på bakken… Kanskje dei har dansa i vinden – svevd i lufta - før dei landa på bakken…. No hadde dei stoppa.




«Se bladene de faller ned – da er det høsten skal du se…
Blader faller ned, blader faller ned, ja blader faller ned!»




Vennetrollet vårt i skogen; 
På veg til lavvoen går vi forbi ein rotvelt, og denne kan med god fantasi sjå ut som eit bustetroll. Rett så søt eigentleg. Denne trollhola må utforskast på kvar tur. Vi må kjenne på den lange nasa til trollet som det bruker til å lukte med… (NB… men berre kjenne, for trollet er redd for nasa si og vil ikkje at vi skal knekke den… men stryke på den – det kan vi gjere…) Vi kjenner på dei lange (litt skumle) armane, vi klatrer litt opp på skuldra og nokre tør seg til og med inn i sjølve trollhola. Her møter vi fine edderkopper: «Lille Petter edderkopp han klatret på min hatt. Så begynte det å regne og Petter ned han datt… Så kom sola å skinte på min hatt. Då blei det liv i edderkopp som klatret på min hatt..»


For nokre barn er det litt skummelt med troll, men vi snakkar mykje om at dette berre er eit tre som har blåst ned av sterk vind. Vi snakkar mykje om at det ikkje finst troll på ekte, berre i eventyr, i leiken og i fantasien vår…
Lurvelegg:
«Han tar seg frokost på en furustubbe, han heiter Lurvelegg og er en gubbe: Med ett øye, to naser, tre hoder og fire bein, med fem føtter, seks ører og sju negler av gråstein…»

Osv…





Vi fant ei spennande Bukkande Bruse bru på tur i dag. I tur og orden bytta barna på å vere trollet som satt under brua, den minste, mellomste og den store bukken, mens vi sang Bukkene bruse songen. 
   



Turboka vår i dag handla om det å vere glad i nokon, og kor vanskeleg det kan vere å klare å fortelje andre kor glad vi er i dei!
Då passa det superflott at vi på veg attende til barnehagen fant fine hjerteblad – blad med kjærlighet!!!
Vi var enige i at mamma og pappa – ja dei er vi såååå glade i – faktisk heilt
TIL MÅNEN……….
OG TILBAKE IGJEN…….. wow….

(… og då kan du berre tenke sjølv kor glad vi er i dei då…. for det er langt, og lenger enn langt og faktisk heilt ubeskriveleg mykje….)




Ein fin tur, med ein fin gjeng, i ein fin skog, i ei fin bygd, frå ein fin barnehage – med mange fine tankar om korleis vi skal vere gode venner mot kvarandre – rett og slett ein fin gjeng med barn som vi er så glad i J

fredag 13. november 2015

Misjonsprosjekt Sør - Amerika, Peru og Bolivia!

Denne veka har vi starta opp årets misjonsprosjekt i barnehagen. Vi skal lære om Peru og Bolivia, korleis folk leve der, kva dei et, kva dei trur på, kleda dei brukar og dyra som bur der.

Vi skal også samle inn pengar til barn og unge som ikkje har det like godt som oss som bur der. Vi skal lære om korleis barn kan hjelpe andre barn!

Først måtte vi finne landa på verdens kartet.


Så fekk vi høyre om folk, dyr og flagget til Peru.


Vi fekk høyre om maten dei dyrkar og smake på den.



Etterpå vi hadde sett og høyrt mykje spennande om både land, folk, mat og leiker fekk vi sjå og prøve på oss klede frå Bolivia.

Dei var veldig forskjellig frå kleda vi bruker her i Norge, men veldig fine.

 

Så tok vi fly til Bolivia!




Vel framme fekk vi sjå korleis barna der leve.


Vi tok fly heim til Norge igjen, og bestemte oss for at i dag – etter den lange reisa og mykje ny kunnskap så måtte det passe med taco til lunch!




 


Vi vil fortsette misjonsprosjektet vårt i to veker framover, og neste veke skal vi arrangere misjonsløp i barnehagen der vi samlar inn pengar til barn og unge som bur i Peru og Bolivia slik dei kan få eit bedre liv.

Dersom du vil bidra kan du sette inn pengar direkte på vår konto som barnehagen har satt opp til prosjektet: 3910.54.01861    Vi takkar for alle bidrag!

torsdag 12. november 2015

KVARDAGSGLIMT FRÅ NØTTELITEN

Kvardagen går sin gang på Nøtteliten. Dei minste barna har kome godt i gang og vi har så smått starta med ulike aktivitetar som dei kan vere med på. Vi prøver å kome oss på tur ein gong i veka og då har vi gått på litt ulike plassar. Ein dag gikk vi opp på kyrkjegarden og plukka blad som vi skulle bruke til å lage fine haustbilde.




 
Av blada vi fant,  laga vi fine haustbilde med fine fargar på. 


Vi har også laga fint vennskapsbilde der vi tok avtrykk av alle sine hender. 


Spennande å få maling på handa.

onsdag 11. november 2015

PROSJEKT OM ALLEMANNSRETTEN FRÅ FRILUFTSÅRET 2015

Revane har no avslutta eit læringsopplegg om allemannsretten. Dei har utført ein rekke oppdrag frå «Ugla».
Ugla byrjer  å bli gamal og sliten og trengte hjelp med disse oppdraga. Ugla inviterte difor barna til å bli hans «Naturvakter». For å bli ei Naturvakt måtte barna gjennomføre ei rekke oppdrag, der dei viser at dei skjøner kva ein kan og ikkje kan gjere når ein ferdast i naturen, slik at dei kan lære dette vidare til vaksne og andre barn.
Mål med prosjektet:
  • ·       Få kunnskap om kva som høyrer til i naturen, og ikkje høyrer til der.
  • ·       Sjå til at rasteplassen er i orden og utan søppel før vi forlet den.
  • ·       Få kunnskap om kvifor vi ikkje skal øydelegge plantar og forstyrre dyr.


Først måtte vi hjelpe Ugla med å plukke opp søppel. Vi hadde på oss hansker og var klar for turen opp mot lavvoen vår. Vi laga flotte kunstverk av det vi fann, og veit sjølvsagt kva som ikkje høyrer til i naturen!




Revane  hjalp Ugla med å holde orden på rasteplassane vi bruker på tur, her reparerer vi bålplassen i Gurineset.



Vi har nytta skogen til leik og mykje moro:

 

Allemannsretten seier at vi kan vere ute i naturen så mykje vi vil, vi kan :
  • ·       Gå, leike, sykle, bade og finne på andre kjekke ting
  • ·       Plukke bær, sopp og blomster
  • ·       Raste og overnatte

Når vi er på besøk i naturen må vi huske på å :
  • ·       Ikkje øydelegge planter eller forstyrre dyr
  • ·       Alltid ta med alt søppel heim






Revane har gjort ein kjempe innsats som naturvakter!  I uglekassa fann vi Diplomane for vel gjennomført arbeid!

mandag 9. november 2015

VERDSROMMET

Eg, Camilla, har vore så heldig å få ha praksisen min her i Tryggheim barnehage, Vatne. Eg har hatt eit opplegg som har gått over fem dagar med Revane, der temaet var verdsrommet. Vi starta med å lage eit sanserom der barna fekk være med å dekorere rommet til verdsrommet. Dette var utruleg spennande.
Det overordna målet med denne aktiviteten var at barna skulle kunne ta i bruk sin fantasi, kreativ tenking og skaparglede. Dei skal kunne utvikle evna til å bearbeide, kommunisere sine inntrykk og gi varierte uttrykk gjennom skapande verksemd. Dei skal også kunne utrykke seg på ein estetisk måte.
Gjennom dette opplegget ville eg legge vekt på barns medverknad. Barna har ein utruleg god fantasi, og det er viktig at barna får moglegheit til å medverke under faste rammer i løpet av ein barnehagedag. Mestringsfølelsen til barna er enorm og det gjer at det er lettare for barna å utrykke seg med at dei får være med å bidra. I omgrepet medverknad ligg tryggheit, samhald og forståing, det er viktig at barna får støtte og utrykke seg, både verbalt og gjennom kroppsspråk og gjennom ulike estetiske aktivitetar. Det aller viktigaste er at barna blir sett og hørt. Barna må få ta del i fellesskapet og føle seg inkludert. Derfor har eg dag for dag bygd vidare på det barna har vore med å medverke gjennom aktiviteten.
·        

Dag 1 hadde vi ei samling der vi snakka litt om verdsrommet og kva som fantes der, deretter fekk vi kvar sin stjernekikkert som vi tok med oss på ferda til verdsrommet.


Astronautane klare for å reise inn verdsrommet.




Stjernekikkertane var veldig populære :-) Mykje spennande i verdsrommet. 


 

 







 Her heng vi opp teikningane av det som vi forbinder med verdsrommet.




Dag 2 fekk barna eit brev frå astronautane der dei fekk ei oppgåve om å lage ein astronaut som dei kunne ha med seg på reisa si til Venus. Dette syntes barna var veldig spennande, og var veldig ivrige på korleis astronauten skulle sjå ut.

 

Astronaut 201 klar for reise til verdsrommet!



 

Dag 3 fekk barna eit nytt brev der astronautane lurte på om barna visste kva eit stjernebilde var. Vi prata litt om stjernebilda og lærte oss korleis stjernebilde «Lille bjørn» og «Orion» såg ut. 

 

Vi bestemte oss for å skrive eit brev tilbake til astronautane, fordi vi hadde veldig lyst at dei skulle komme på besøk. Og vi hadde mange spørsmål som vi lurte på. 

Dag 4 hadde det dukka opp enda eit brev frå astronautane, denne gongen var vi utruleg spente. Vi hadde nemlig eit håp om at astronautane skulle dukke opp, men dei hadde det så travelt så dei hadde heller sendt med mange bilete frå verdsrommet og svart på alle spørsmåla vi lurte på. 


 

Dag 5 brukte vi på å lage eit romskip og romdrakter. Vi leika at vi skulle til verdsrommet å besøke planetar. Vi møtte til og med ein meteoritt på vegen!

Her er vi på veg til planeten Mars :-)





Romskipet vårt hadde til og med to spakar. Den eine spaken gjer at romskipet flyg bakover den andre gjer at det flyg framover. 

.....................

Siste dagen fekk også Harane ta del i leiken i Verdsrommet.