NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua - Revegruppa og Haregruppa

* Bikuba - Klatremusgruppa og Skogmusgruppa

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

fredag 29. januar 2016

Forskardag


I dag 29.januar har vi hatt forskardag i barnehagen. Forsøka denne gongen er knytt til vatn.

Mål med aktivitetane:
Gjennom arbeidet med Nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna:
·       utviklar tillit til eiga deltaking i og påverknad på fellesskapen. 
     Dette kan vi knyte til det overordna satsingsområdet vårt, Venskap og inkludering J

Gjennom arbeidet med Natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna:
·       lærer å observere, undre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomen i den fysiske verda

Gjennom arbeidet med Kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna:
·        lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne
·        vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
·        bruker språket for å uttrykkje kjensler, ønske og erfaringar,
til å løyse konfliktar og til å skape positive relasjonar i leik og anna samvær
...............................................

Kva skjer når ein blandar vatn og maizena til ein graut, og tek det i handa og arbeidar det saman?













Massen samlar seg til ein ball medan ein arbeidar med den, når ein held handa i ro, gjeng det over til flytande konsistens igjen J

 

Kva skjer når vi puttar ei appelsin i vatn? Flyt den eller søkk den? Kva skjer når vi tek av skalet?



Den med skal flyt, medan den utan skal søkk. Kvifor skjer det, dette undra vi oss over?
Ein flott aktivitet til å undre seg i lag. Dette er særs stimulerande for språkutviklinga. Det å prøve å setje ord på det ein ser.
                      


Kva skjer når vi senkar ei flaske med kaldt vatn, ned i ein behaldar med kaldt vatn? (Raud) Kva om vatnet er varmt (grønt), skjer det det same da?

 


Vi erfarte at det kalde raude vatnet vart verande i flaska når den stod beint på botnen, medan den varme grøne fargen steig til overflata.


Vi blanda to delar snø med ein del grovsalt. Vi merka med ein gong at noko skjedde med snøen og det vart veldig kaldt. 


 

Vi fylte ballongar med vatn, for å fryse islykter. Allereie etter eit par timar, var vatnet i ballongane frose.

tirsdag 26. januar 2016

SKINNVOTTEN DEL 1 Revane

MAURTUA MED EVENTYRET "SKINNVOTTEN" SOM PROSJEKT

Måndag 25.jan brukte Revane turdagen til å jobbe med eventyret "Skinnvotten" bak barnehagen. Revane vil ha fokus på fagområda kunst, kultur og kreativitet og kommunikasjon, språk og tekst. Samarbeid står sterkt i fokus, det å få gjere noko i lag eller skape noko ilag bidreg til samhøyrsle på gruppa. Vi las eventyret og laga figurane i snø, og mala dei etterpå.

Det vil kome fleire innslag frå Maurtua etter kvart som prosjektet gjeng framover.

Skinnvotten

 – ukrainsk eventyr, gjendikta til norsk av Alf Prøysen.  


Det var en gang en gammel mann som gikk tur med hunden sin gjennom skogen en vinterdag. Så mistet han den ene votten.
Utpå ettermiddagen kom en mus pilende.


Den smatt inn i votten og pep:- ”Dette skal være huset mitt i natt.”
Etter en stund stod en liten frosk utenfor og spurte:


- Hvem er det som bor i denne votten her?
- Pilemus Silkehår. Og hvem er du?
- Friskefrosk Langelår. Kan jeg få bo sammen med deg?
- Ja da, bare kom inn.
Da sola holdt på å gå ned, kom det en liten hare hoppende.


 Den stanset foran votten og spurte:
- Hvem er det som bor i denne votten her?
- Pilemus Silkehår og Friskefrosk Langelår, og hvem er du?
- Jeg er Haremann Hopsadans, får jeg lov å bo sammen med dere?
- Ja da, kom inn.
Nå var det tre stykker som bodde i votten, og det ble temmelig varmt. Utpå kvelden kom en rev.


 Den stanset ved døra og spurte:
- Hvem er det som bor i denne votten?
- Pilemus Silkehår og Friskefrosk Langelår og Haremann Hopsadans. Hvem er du?
- Jeg er Revemor Silkesvans. Kan jeg få bo sammen med dere?
- Ja da, bare kom inn.
Nå satt det fire i votten og tittet ut i skogen og snøværet. Plutselig kom en ulv settende og stanset ved votten.


- Hvem er det som bor her?
- Det er Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hopsadans og Revemor Silkesvans, men hvem er du?
- Jeg er Ulven Aldrimett. La meg få bo hos dere.
- Ja da, kom inn.
Ulven smøg seg inn i votten, og nå var de fem stykker der. Etter en stund kom det et villsvin forbi.


Det stanset og spurte:
- Hvem bor i denne votten?
- Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hopsadans, Revemor Silkesvans og Ulven Aldrimett, men hvem er du?
- Jeg er Villsvinet Trynebrett. Kan ikke jeg også få bo i votten?
- Hvis du ikke er for tykk, så.
- Å nei da, jeg skal gjøre meg så liten jeg kan.
- Ja, kom bare inn.
Nå satt det seks i votten, og nå var det veldig trangt, de kunne nesten ikke røre seg. Da knakk det i en kvist, og så kom en bjørn tassende.


- Hvem bor i denne votten her? brummet bjørnen.
- Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hopsadans, Revemor Silkesvans, Ulven Aldrimett og Villsvinet Trynebrett, men hvem er du?
- Jeg er Bamsefar Labbdiger, kan jeg få bo sammen med dere?
- Vi kan ikke la deg komme inn, vi har ingen plass.
- Å jo da, trykk dere sammen, så går det nok.
- Ja, men da må du ikke gjøre deg så brei.
Og så krøp bjørnen inn i votten, det knaket i alle sømmene, for nå var det syv stykker som bodde der.

I mellomtiden merket mannen at han hadde mistet votten sin. Han og hunden snudde, og gikk tilbake for å lete etter den. Hunden løp føre, og så fikk den se noe som rørte seg i snøen, akkurat som om det var levende.
Da begynte hunden å bjeffe: - Voff, voff, voff. Og alle dyrene sprang ut av votten og ble borte i skogen.
Også kom den gamle mannen og tok på seg votten sin, og han kunne ikke skjønne at den var så god og varm, når den hadde ligget i snøen så lenge.


torsdag 21. januar 2016

MÅKING AV LAVVOEN


«Se opp snør det, ja det gjør det.                

Tett i tett i tett. 
Snø i nakke, nese.
Snø i hele fjeset.
Se opp snør det, ja det gjør det.

Tett i tett i tett.»














Onsdag 20.januar gjekk turen til Blåharane til lavvoen for å måke, det har lava ned med snø og skal tru korleis det var med den. Var den knekt? Ville vi finne den igjen, eller?? Spørsmåla var mange. Det var is under snøen, så det vart knall og fall på vegen.                                                                                                                                 
Vi såg på spora våra i snøen, alle hadde ulike mønster under skoa sine og det vart mange ulike spor. Der var traktorspor, kanskje det var plogen ?? Vi prøvde å lage sameleis med føtene våra. Og var det ein katt som hadde gått der?


            


Det var veldig mykje snø, vi måtte vaspe   

og krype for å kome oss bort til lavvoen. 
Oj, oj vi såg trollet, det hadde fått veldig 
stor nase. 

Det var litt skummelt, men heldigvis
er det berre på "lat", trur oss.... 
















               


Det var jammen bra vi kom opp til lavvoen,
vi måtte leite og grave oss fram til oppninga.


Vi kosta, rista og spadde fram lavvoen,  alle samarbeidde!               Kjempejobb!!


Det vart fiskekaker og kakao til mat, det smakte!



Det snødde og snødde, i nakken og på nasa. Store snøkrystalla kom dalande ned og festa seg på dressane våra. Det var masse snø, vi rulla og hoppa og nokre gonger rulla vi slik at vi måtte få hjelp for å kome oss opp. 

No er lavvoen ferdigmåka og vi Blåharane kom oss velberga på glattisen nedatt til barnehagen.




fredag 15. januar 2016

SOLFEST

Denne veka har vi på Tryggheim barnehage, Vatne hatt fokus på sola. Her i barnehagen er sola vekke ei stund og den 12.januar kjem den tilbake til oss. Det feirar vi med solfest for alle avdelingane på barnehagen. Vi bakar solbollar og kosar oss med ulike aktivitetar. Vi har hatt ulike formingsaktivitetar tidlegare i veka og her er nokre av resultata:



Vi måla sola på vindauget og laga solstrålar av handavtrykka til barna.



 Nokre av borna laga soler til å henge i vindauga.



Førskulegruppa  måla, klipte og limte soler, med inspirasjon frå t.d. Munch.

Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna:
 • lærer å lytte, observere og uttrykkje seg gjennom allsidige møte med og refleksjon over kultur, kunst og estetikk
• styrkjer den kulturelle identiteten sin og det personlege uttrykket
• tek i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede
• utviklar evna til å bearbeide og kommunisere inntrykk og gi varierte uttrykk gjennom skapande verksemd 


I dag starta vi med å samle alle barna frå Maurtua og Bikuba og song Solsongen for Nøtteliten-barna.

Sola er god, Sola er toppen.
Sola er varm og den brunar på kroppen,
Sola som skinne kvar morgon for meg,

Sola i hjartet er best synest eg.




Vi brukte kroppen vår til å lage ei kjempe sol i bakken opp mot Solbakken.



Dei av barna som ville, måla bilete av sola.


Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. Jamfør Rammeplanen for barnehagar/utdrag frå Barnehageloven § 1 Formål


Til slutt kosa vi oss med solbollar som vi baka om morgonen, og kakao. Nøtteliten fekk med seg solbollar ned igjen, så dei fekk kose seg med bollar inne. 

torsdag 14. januar 2016

Jesus metta den svoltne folkemengda

I dag har Skogsmusene hatt Kristen samlingstund. Vi fekk høyre om Jesus som metta ei heil folkemengde med berre fem rundstykker og eit par småfiskar. Jesus fekk rundstykka og fiskane med ein gut som ville dele med folk som ikkje hadde mat. 





Når Jesus velsigna maten vart det nok til alle - og meir til!


Vi snakka mykje om å dele med kvarandre og vere gode med kvarandre.



Etterpå fekk vi fargelegge fiskar.

onsdag 13. januar 2016

ISDAG I GURINESET

I dag 13.januar har Skogmusene og Blåharane kosa seg på isen i Gurineset! Det var spennande å skli og snurre rundt på isen. Vi studerte sprekkene som var i isen og undra oss over korleis det såg ut under isen. Nokre smakte på isen og prøvde å sjå gjennom eit isflak. Vi tente opp i bålpanna og grilla pølser. Det smakte utruleg godt! Til dessert serverte vi kakao. Godt med varm og god mat og drikke på tur.  Kjekt å gå på tur ilag, og knyte vennskap på tvers av gruppene. Ein spennande og kjekk vinterdag på isen!



 


 

Det er spennande å lage bål, og samle tørre kvistar som vi kan legge på bålet.