«Se opp snør
det, ja det gjør det.
Tett i tett
i tett.
Snø i nakke, nese.
Snø i hele
fjeset.
Se opp snør
det, ja det gjør det.
Tett i tett
i tett.»
Onsdag 20.januar gjekk turen til Blåharane til lavvoen for
å måke, det har lava ned med snø og skal tru korleis det var med den. Var den
knekt? Ville vi finne den igjen, eller?? Spørsmåla var mange. Det var is under
snøen, så det vart knall og fall på vegen.
Vi såg på spora våra i snøen,
alle hadde ulike mønster under skoa sine og det vart mange ulike spor. Der var traktorspor, kanskje det var
plogen ?? Vi prøvde å lage sameleis med føtene våra. Og var det ein katt som hadde gått der?
Det var
veldig mykje snø, vi måtte vaspe
og krype for å kome oss bort til lavvoen.
Oj,
oj vi såg trollet, det hadde fått veldig
stor nase.
Det var litt skummelt, men heldigvis
er det berre på "lat", trur oss....
Det var
jammen bra vi kom opp til lavvoen,
vi
måtte leite og grave oss fram til oppninga.
Vi kosta,
rista og spadde fram lavvoen, alle samarbeidde! Kjempejobb!!
Det vart
fiskekaker og kakao til mat, det smakte!
Det snødde
og snødde, i nakken og på nasa. Store snøkrystalla kom dalande ned og festa seg
på dressane våra. Det var masse snø, vi rulla og hoppa og nokre gonger rulla vi
slik at vi måtte få hjelp for å kome oss opp.
No er lavvoen ferdigmåka og vi Blåharane kom oss velberga på glattisen nedatt til barnehagen.