NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 31. august 2018

Urpremiere av leikeplassen


Flagget til topps! Endelig vart klatrestativa våre på framsida ferdig. 
Borna hyler av glede og er no både høgt og lavt.

Deilig med nye utfordringar.
Nokre meistrar å kome seg opp. 
Medan andre trener på å få det til sjølv. 
Prøve, prøve igjen, prøve ein gong til, og vipps!
For ei mestringsglede!



Barnehagen vår er også nymåla.
Godt når ting begynner å kome på plass 😊
God helg!

fredag 17. august 2018

På tur til skuleleikeplassen


Då er vi i gang med nytt barnehageår. Og du kan tru vi har gleda oss. Nye og gamle vennskap møtast og skaper nye kjekke barnehageminner. 





I dag var dei eldste på den raude avdelinga på tur opp til leikeplassen til barneskulen. 


Vi øvde på å gå i turtau, vente på kvarandre og passe oss i trafikken. Det var ein flott tur og alle hadde det så kjekt saman! 

torsdag 16. august 2018

Nytt barnehageår 2018-2019

Velkomne til eit nytt barnehageår!


Når eit nytt barnehageår startar vert der endringar på ulike måtar. 
Nokre skiftar avdeling og nokre kjem på barnehagen for fyrste gong.
Alle får nye born og voksne å forhalde seg til.
Dei fyrste dagane og vekene er tid for tilvenning.

"Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og andre barn." R-plan for bhg 2017


Ute byrjar leikeplassen å ta form.
Kjempekjekt med sandkasse og vennedisse. 

Det er også spennande å sjå på "jobbemannane" som lagar ein båt og eit stort klatretårn.



mandag 6. august 2018

Deilege dagar



Sist veke kosa vi oss i det nydelige véret. Vi på Ekorna og Nøtteliten var på tur til Gurineset fleire gongar, der vi leika, åt mat og til og med duppa tåa. 


Aldeles nydelig! 





Så deilig med sommar!