NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AS,

AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua (Førskulegruppe) * Bikuba (f.2012 og 2013)

Brakkebyen:

* Ekorna (f.2014) * Nøtteliten (f.2014, 2015 og 2016)

lørdag 30. april 2016

SANSEMOTORISK FELLESDAG

Fredag hadde vi SANSEMOTORISK dag.
Været kunne sjølvsagt vore betre..  
Men det finst vel ikkje dårleg vær?



I farta!
Potetløp er kjekt og konsentrasjonen på topp!


Nestemann sin tur...


Vi hadde eit eige Sanserom med lys, fargar, 
ting vi kunne føle på etc.


Spennande å få lukte på!


Rundt barnehagen fant vi ulike postar med
beskjed om kva vi skulle gjere.


Klatre opp og krype over.
Ikkje kvar dag vi får lov til å vere på bordet :-)


Her kastar vi ertepose i bildekk.

-----------------------------

Vi vart både våte og litt kalde.
Og vi fekk virkeleg sanse regnet.

Når vi kom inn i varmen fekk vi servert pølser i brød
og vår Sansemotoriske dag vart ikkje så verst alikevel.
................................

I småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motorisk dugleik, kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ta vare på helse og livskvalitet. Barn er kroppsleg aktive, og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaring, dugleik og kunnskap på mange område. 

-R-planen-

fredag 29. april 2016

BLÅHARANE PÅ TUR TIL GURINESET

Onsdag gjekk turen til Gurineset. Vi hadde med oss bøtter og spader frå barnehagen som vi kunne grave med, og samle insekt opp i.


På vegen måtte vi stoppe opp å sjå.
Vi fant ein edderkopp som fanga merksemda til alle.  


Alle bøttene som vart med på tur blei fylt opp med vatn. 


Og sand.


Ei hjelpande hand er det alltid kjekt å få! Blåharane har lært mykje om å samarbeide med kvarandre, vere gode venner og hjelpe kvarandre!


Vi fant eit 5 tal som var laga av strå!
Det var kult, fordi Blåharane er eller blir 5år i år!


«Er det ein fisk på kroken no?»


I Gurineset låg det lange pinnar som vi prøvde fiskelykka med, diverre var det ingen fisk som beit på, men det var likevel kjekt å duppe dei nedi for å sjå.


«KOM og SJÅ» ropar ivrige barn som har funne insekt på bakken. 


EIN KJEMPE STOR MAKK! 


Hmm, kva er dette? Skrukketroll egg?


Vårteikn!!


Det er godt å setje seg ned og nyte sola på ein slik fin dag!!


Til lunsj laga Randi til deilige fiskekaker med ketchup på! NAM!
Før turen gjekk vidare heim til barnehagen, måtte vi sleppe ut alle insekta vi hadde funne, så dei fekk leve vidare.


 Trafikkvenen vår Tarkus har lært oss korleis vi skal ferdast i trafikken.
Når vi er på tur brukar vi ALLTID refleksvest, både store og små.
Då er vi godt synlege for både bilistar og andre som ferdast i trafikken.
Når vi er ute og går i trafikken må vi passe på å alltid gå inn til kanten, 
og når det kjem bil må vi alltid stoppe opp og vente til bilen har køyrt!
Blåharane har blitt kjempe flinke til å ferdast i trafikken!! 
Når vi skal krysse vegen ropar dei alltid:
 «HYYSJ! VI MÅ HØYRE OM DET KJEM BIL»
og ser seg til høgre, venstre, høgre og venstre for å sjå om der kjem nokre bilar! 

torsdag 28. april 2016

Gjensidig glede og respekt

Atter ein ny mandag med besøk til Vatne sjukeheim.



I dag var det klart for besøk til sjukeheimen igjen, noko Revane gleda seg til.




Yatzy speling med samarbeid og matematikk.


Etter at vi hadde kasta terningar  og rekna ei stund, fortsatte vi med fargelegging 
av Noreg sitt flagg og Maiblomst.

TAKK FOR I DAG, VI KJEM IGJEN I SLUTTEN AV MAI.

torsdag 21. april 2016

«Oppdrag alfabetet»

Torsdag 21.april fekk Maurtua besøk av skodespelaren Karoline Isaksen. Borna fekk møte katten Lurivar (her som handdokke) og veninna hans Karoline. Dei hadde med seg alfabetet og eit mysterium dei måtte få hjelp til å løyse: Kvar har bokstaven «I» blitt av?

På leit etter den sakna bokstaven, fekk borna vere med på å velje kva for nokre bokstaver ein skulle undersøke meir. Bak desse løynde det seg oppgåver som inviterte borna til å leike med språket på mange ulike måtar. Målet var at barna skulle bli nyskjerrige og opptekne av språket vi har rundt oss – både talespråket og skriftspråket.

Om dykk vil lese meir om Lurivar kan dykk gå inn på www.tunkatten.no. Der finn ein songar, forteljingar og bilete av han.


Sjå! Der er Tunkatten Lurivar.


 Lurivar på jakt etter bokstaven «I».


Vi helsa på «bokstavslukaren» som skulle hjelpe til med å fylle opp 
«N» boksa med bokstavar. 



Skal tru om det er lettare å gå på bokstavjakt om eg kler meg ut som 
Ivar Aasen?


Lurivar las eit «litt rart» dikt om seg sjølv.


Vi fekk prøve oss på «rimefiske». Det var eit bilde bak på fisken, som vi skulle prøve å rime på. Feks bilde av ein «is»: Kva rimar på det?


Endelig fant vi «I» boksa. 
Bak på den var bestevennen til Lurivar, 
Ivar Aasen!


Tusen takk til Karoline Isaksen og Tunkatten Lurivar
 for ei kjempe kjekk teater forestilling!
Håper dykk kjem tilbake ein annan gong! 

torsdag 14. april 2016

Gulharane på Nøtteliten besøk og fjøretur

I dag hadde vi bestemt oss for at vi skulle gå tur nedi fjøra. På vegen gjekk vi nedom Nøtteliten for å sjå om der var nokon heime, og heldigvis så var dei der. Dei inviterte oss inn på leikeplassen, og det var veldig kjekt!



Så gøy å få prøve leikene i sandkassa! 

 

Det var kjekt å få låne vippa igjen. Her var det mykje lys sand som vi kunne putte oppi bøtta.


Vidare gjekk ferda til fjøra. Vi hadde bestemt oss for å sjå om det var nokon insekt som hadde kome fram frå vinterdvalen. Det vi hadde mest lyst å finne, det var krabbe! Men vi hadde vår tvil om dei var å finne.  Vi leita og leita, men det var ikkje så lett å finne krabbe.

 
 Vi fann mange fine skjell og steinar.


Skal tru om den tør å komme ut så vi får sjå den?

Gøy å kaste stein i sjøen.

                 

Mette tente på eit bål! Skal tru kva vi skal grille no? Nammmm... Ostesmørbrød! 


Etter å ha fått litt ny energi, fant vi endelig ein krabbe!


Kom og sjå! Var det nokon som ropte medan dei såg under ein stein. Dei hadde funne noko vi aldri hadde sett i fjøra før. Den var så rask, og "makka" så gale! Var det ein makk? Vi studerte den lenge. Til slutt kom vi fram til at det måtte vær ein glassål. Ein kunne nesten sjå gjennom den, men den hadde ei svart stripe nedover ryggen. Vi kom fram til at den var stilig og veldig rask! Så det var vanskeleg å få den oppi bøtta. 



Når vi kryssa hovudvegen på tur i dag, tenkte vi på kva Tarkus hadde lært oss:

Å bruke øyrene til å lytte om vi høyre noko som kjem køyrande, og augene til å sjå frå venstre, til høgre og så til venstre igjen for å sjå om det kjem nokon. 

Vi har hatt ein kjempe kjekk tur i dag i fineværet J


PÅ TUR TIL GURINESET

I går tok Revegruppa seg ein tur til Gurineset. Vi var på jakt etter vårteikn. Revane har lært litt om gråsporv og kjøttmeis, og på vegen både høyrde og såg vi begge deler.
Vi hadde sett litt på bilete av insekt og småkryp før vi drog frå barnehagen, og jakta etter insekt gjekk for seg med stor iver.




På veg til Gurineset gjekk vi forbi ein stubbe, som kunne brukast som ein stol.



Det var eit kjempegodt samarbeid om å grave ned begera vi skulle bruke som feller.


Pass på her er ei felle! Vi sette dei ut litt overalt for å sjå kvar vi fekk flest insekt.


Kanskje finne vi maur?


Det var spennande å sjå kva vi hadde fått i fellene, både edderkoppar og jordløperar hadde forvilla seg oppi.

 



Vi kosa oss med å grille pinnebrød før turen gjekk heim til barnehagen. Ein kjekk tur med observante barn og vaksne som fant mange teikn på at våren er her.