NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 21. juni 2020

Ein strålande fin dag

Torsdag 18.juni vart ein strålande fin dag. 
Vi var så heldige at vi vart invitert til naustet til Nedrevold familien. 
Gr.1 på Grå gleda seg veldig! Vi hadde med oss handduk for her skulle det badast. 

Når vi kom fram til naustet fikk vi prøve trøbåten, trødde gjorde vi, framover, bakover og svingte til høgre og venstre.

Til 11 måltidet fekk vi grilla pølse med brød og ein herleg is, det var godt i varmen. 
Vi bada, fanga fisk og kosa oss. Etter kvart tusla oss tilbake til barnehagen for å kvile oss inne på avdelinga med kjeks og saft. Takk for ein fin dag! 

torsdag 18. juni 2020

Blå nyt sommaren

Vi har den siste tida vore mykje delt gjennom heile dagen på Blå avdeling. Fine dagar har det vore, men no ville vi ha ein dag saman – heile gruppa vår. Og for ein dag det vart! Sola skein frå klar, blå himmel. Vi pakka sekkane og satt kurs mot Gurineset. Nokre i vogn, og andre med turtau. Så byta vi litt på undervegs.
Då vi kom fram fekk alle ta av seg sko og bukser, og gå med nakne små føter på småstein og sand ut i vatnet.

Nokre syns det var litt vanskeleg å gå på det ruglete underlaget. Og var forsiktig ut i vatnet.

 


Då er det godt med ei støttande, trygg hand å halde i.

Det var godt å dyppe føtene i det kjølande vatnet, og etter kvart vart vi meir trygg på det steinete underlaget.

Vi vassa, kasta småstein og høyrde lyden dei laga når dei trefte vatnet.

 


 

 

Vi fiska både raude og blå fiskar, hai – og såg krokodiller inn i mellom stråa i vatnet.




Etter ei god stund med mykje leik langs vannkanten vart vi litt kalde og litt slitne.

Då tok vi av våte klede, og nytte lunsjen vår i sola.

Etter lunsj var batteria lada, og vi var klar for leik att – i naturen sin leikeplass !

Nøgde vende vi så snuten tilbake til barnehagen. Nokre klare for kvile i vogna, og andre for kvile frå sola inne på avdelinga.
Atter ein kjekk dag på Blå avdeling – og ein fin tur saman. Det var lenge sidan sist!

- Gro Anita - 

onsdag 17. juni 2020

Pynte til fest

No er det straks tid for at barna på Grå skal byrje på skulen. 
I den anledning skal vi ha avslutningsfest her i barnehagen.
Gruppe 1 på Grå har vore på tur for å samle inn blomar. 
Når vi kom tilbake fant vi fram bøtter, sand og flagg. 
Så pynta vi oppi bøttene med flotte blomar og flagg.
Det vart flott pynt til festen!  

tirsdag 16. juni 2020

#LIVETERBESTIGURINESET 10.06.2020




                                        

                                        

søndag 14. juni 2020

Støvlar får nytt liv


Vi har hatt mykje fokus på empati og korleis vere med kvarandre på Blå avdeling dette året – og dette kunne vi drage inn i temaet vårt om våren og uteliv og. Etter inspirasjon frå ei barnehageside på nettet fekk borna på kohort gruppe 3 og 4 jobbe med eit felles prosjekt, plante sommarblomar.
Og, blomane skulle plantast opp i gamle støvlar som vi hadde fått! Gjenbruk og !

Først trilla vi ein tur på butikken og kjøpte sommarblomar. Vidare gjekk turen tilbake for å få blomane i god blomsterjord. Den jorda dei stod i no var tørr og blomane hang med hovudet. Dei ville nok bli glade for ny jord, vatn, sollys – og omsorg. For dette treng blomane for å ha det bra.
Vi må passe på blomane våre, som har gjeve brukte støvlar eit nytt liv, så vil dei kanskje trivast og vekse godt, i mange ulike fargar.


                        
                                      


                                       

                                       



                                                                  
Det å ta vare på blomar og vise omsyn for det som spirar og gror i naturen, kan vere med på å styrkje empatien og å verte glad i naturen vår. Dette står det både om i Rammeplan for barnehagen – og det går hand i hand med den kristne tru der vi skal ta vare på verda skapt av Gud.


Kven har skapt alle blomane, blomane, blomane
Kven har skapt alle blomane
Jo, Gud i himmelen ..

 - Gro Anita -


torsdag 11. juni 2020

Gøyme og leite

Skal vi leike gøyme og leite? 
Eg tel, heilt til 30. 
Så langt kan eg telje, av og til meir. 
Er du under her og gøyme deg i skuggen? 

Eg gøymer meg høgt i eit tre. 

Eg er bak eit tre. 

Eg er bak den eine vaksne.

Fnis og knis, det er spennande å vente på den som skal finne oss! 

Helsing oss på Grå gruppe 1 

“Til Noahs ark skulle vi….”

Denne våren har Gul avdeling hatt fokus på Noahs ark si bibelforteljing. Den spennande historia om Noah finn vi i Det gamle testamentet 1. Mosebok kapittel 6-9. Dette er første historia vi les om i Bibelen etter skapelsen, Adam og Eva og deira born Kain og Abel. Historia om Noahs ark har fokus på venskap, fellesskap, familie og dyreliv. 

         

Vi har hatt det så kjekt med formidlinga, og ser at borna tek den med seg vidare i leiken. Noahs ark songen til Jarle Waldemar (finn den på Spotify) har vore basis i formidlinga. 
    

I tillegg til ein duplo båt laga vi saman ei stor ark med luker som eit og eit dyr skulle få flytte inn i. Arka måla vi og har hengt oppe på veggen vår heile tida. 
     

Etter kvart dyr som har fått flytta inn har vi hatt ein formingsaktivitet i etterkant av songsamling. Vi har laga elefantar, løver av melismåling, sjiraffar og apekattar. Vi skal avslutte temaet med å lage ei due, heilt likt som i bibelforteljinga kor dua flyg og finn land.
Sjå kor kjekt vi har hatt det!
......................
Noahs ark
Her kommer elefanten, jeg er så tung og stor. Jeg er det største dyret som finnes på vår jord. Se mine store ører, de kan jeg flagre med, og med min snabel leker jeg at jeg har en trompet.
Til Noahs ark skulle de, men alle var forskjellig. 
Til Noahs ark skulle de, men alle var forskjellig.

Her kommer dyrekongen, og løve er mitt navn. De sier jeg er farligst i alle verdens land. Men her på vei til arken, her tar jeg det med ro, for snart så skal jo alle dyr i samme båten bo.
Her kommer "Giragaffen", de kaller meg for det, de tøyser med mitt fine navn, men la oss bare le. For her på vei til arken har jeg blitt alles venn. Jeg strekker hals til høye trær, og finner frukter frem.

Til Noahs ark skulle de, men alle var forskjellig. 
Til Noahs ark skulle de, men alle var forskjellig.

Her kommer apekatten, jeg trives best i trær. På vei til arken går det, for alle og enhver. Men hvis jeg ser en palme, da klatrer jeg til topps og henter ned bananene og alle spises opp.

Her kommer harepusen, jeg hopper raskt avsted. Jeg hopper hit og hopper dit, men er som oftest med. Men har jeg mistet kursen, og rotet meg helt bort, da lytter jeg med ørene, og finner veien fort.
Til Noahs ark skulle de, men alle var forskjellig. 
Til Noahs ark skulle de, men alle var forskjellig.
Her kommer hele flokken, og vi skal gå ombord. Vi er nok svært forskjellig, men står i samme kor. Vi synger vandringssangen, bli med i vårt refreng for her er ingen like, vi er en herlig gjeng.

Til Noahs ark skulle de, men alle var forskjellig. 
Til Noahs ark skulle de, men alle var forskjellig.