NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 23. november 2020

Barn sin medverknad (Krokodille i snøen 🐊)

- Eg vil lage krokodille i snøen! 🐊 sa eit barn på Raud ein fredags morgon.


Alle kledde på seg og gjekk ut i snøen som hadde kome dagen før. Vi satte i gong prosjektet i sandkassa vår. Med spader og hender gravde vi saman, og forma ei krokodille i snøen - blanda med litt sand. Vi fryda oss når krokodilla tok form!

Krokodilla måtte så få grøn farge på kroppen sin. Kvar sin gong fekk vi måle med grønt i snøen. 

Rammeplan for barnehagen seier at vi skal la barna få medverke i kvardagen sin i barnehagen. Vi skal lytte og ta barna sine interesser med oss i leiken. 
- Krokodilla i snøen kan vere eit døme på dette! 

Raud ❤️

lørdag 21. november 2020

Gul på verdensreise

Sidan veke 40 har alle dei små på Gul vore på ei verdensreise. Vi forstår ikkje heilt at Indonesia er eit eige land eller kvifor dei har anna flagg enn oss... 

MEN at dei har mange kule dyr er det ingen tvil om; krokodille, aper, tiger og delfin er vel dei dyra vi har blitt mest glad i! Dei både brøler og nikkar, og enkelte fuglar dansar på filmen som Silje-Beathe har laga: søk gjerne opp "dyr i Indonesia" på YouTube. Den har vi sett myyyykje på! Og er veldig glad i.💛


Vi har høyrd om han Linkus og at han skal lære dei i Indonesia at det er viktig å vaske hendene med tanke på Corona og hygiene generelt, og at det er like viktig at vi på Gul og i Norge gjer det! Om Linkus treng hjelp til handvasklæring til andre må han gjerne ringe oss, vi er ganske drevne no 😉



I ei av samlingane bada vi også Linkus, alle skulle vaskast skal ein vite!

Ellers har vi laga tigerar og flagg, høyrt indonesisk sang, vi har vore på flytur tur-retur Indonesia (vi veit ikkje om alle var med heim, det var spennende i Indonesia!) og eigentleg hatt ei fin periode med tilvenning oppi det heile 😁

fredag 20. november 2020

Maurane på trolljakt

Maurane på Grå avdeling var på jakt etter trollet oppe i skogen.

Vi fant ikkje noko troll, men så kjekt vi hadde det på turen- sjølv i øs pøs regnvær.

torsdag 19. november 2020

#likebehandling #levebarnehagene

I Ålesund kommune finst det 63 barnehagar. Av dei er 40 private. Når dei private og dei kommunale barnehagane ikkje vert behandla likt kan ein undre seg på:

Er alle barn like mykje verdt i landet vårt? 
Er innsatsen til alle tilsette like mykje verdt?


Urettferdig! Ville barna sagt. Og hatt heilt rett. Nesten alle barn går i barnehage – i heile Norge går halvparten i kommunal og halvparten i privat. Alle barnehagar har like krav til bemanning og innhald. Sjølv om lova forpliktar kommunane til å behandle kommunale og private likt økonomisk, er det ikkje heilt likt. I 2018 fekk private barnehagar cirka 90 kroner for kvar 100-lapp det offentlege brukte på ein kommunal barnehageplass. Sidan har forskjellsbehandlinga skote fart. I 2019 vart nasjonal bemanningsnorm innført utan at den var fullfinansiert. Heller ikkje i 2020 aukar tilskota like mykje som normene kostar. Økonomien i private barnehagar er dårlegare enn nokon gong. Halvparten budsjetterer med underskot. Til tross for dette, hevdar regjeringa at dei er over finansiert. No vil dei kutte 350 millionar kroner i pensjonstilskot til private barnehagar. Dei har allereie vedteke eit kutt på 245 millionar kroner i kapitaltilskot. Konsekvensane er alvorlege. Hjelp oss å stoppe forskjellsbehandlinga – før det er for seint!

Vi ynskjer oss ein ny finansieringspolitikk der alle barn vert behandla likt uansett kva barnehage dei går i. La alle barnehagar få leve slik at barna har barnehage i sitt nærmiljø. #levebarnehagene


onsdag 11. november 2020

Tur til skulen sin Gapahuk - gruppe 2 på Grøn avdeling

Tysdag 10.november var det tid for tur og vi gjekk opp til Gapahuken til skulen. 

Ein bratt, men fin tur med ein positiv gjeng som trivast på tur. 

Vi måtte stoppe opp og puste litt for å nyte utsikta når vi var nesten oppe.


Der nede kunne vi sjå både skulen og barnehagen og mange var sikre på at dei og såg huset sitt, langt der nede. Vi høyrde barn som hadde friminutt på skulen og då var dei sikker på at dei såg både sysken og syskenbarn på skuleplassen. Etter at vi hadde gått litt lenger opp i bakken kom vi til Gapahuken. Her sette vi sekkane våre og måtte drikke litt før vi gjekk bort i skogen for å leike. Ein spanande granskog som innbaud til mykje fin rolleleik og undring. I det holet ved steinen der, kven kan bu der? Kanskje ei lita mus, eller kan det vere ein Rev kanskje. Var holet stort nok til ein Rev? 



Nokre grankvistar som var stabla opp blei til ei fin trone og det var kjekt å sjå kor fint dei leika i lag, nokre ein stad og andre ein annan stad, men alle fann nokon dei kunne vere i lag med. Ofte er det nok å berre spørje om å få vere med, så får ein faktisk det. Ein fin måte å få lære strategiar for å kome inn i leiken på. I denne skogen var det litt bratt og utfordrande å kome seg opp og då måtte barna hjelpe kvarandre om dei ikkje ville vente på ein vaksen. Kjekt å sjå gleda både over å hjelpe og å få hjelp. 😊


Ved gapahuken fann vi hasselnøtt-skal, kven var det som hadde ete nøtta? Var det ekorn eller kanskje ei lita mus?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna  uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar. På slike turar oppmodar vi barna til å setje ord på det dei ser og opplever, og dei vaksne støttar barna ved å setje ord på det vi møter på vegen vår, hjelpe til å løyse eventuelle konfliktar og undre seg i lag med barna.

Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna 

-opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne  og ute, året rundt

-vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar.

På ein slik tur får barna nytte sansane sine, både syn-, lukt-.taktil og balansesansen og dei får motoriske utfordringar.

Etter ei stund var det tid for mat og vi gjekk til Gapahuken for å ete. Maten smakar alltid ekstra godt på tur. Ein kjekk dag som freistar til gjentaking både for store og små!

onsdag 4. november 2020

"Kva har du gjort på i dag da? Leika meg vel!"

Det er ikkje alltid like lett å få fram frå barnet kva som har blitt gjort eller kva ein har leika med, etter ein dag i barnehagen. Ofte får foreldre svaret "ej he berre leika mej". Så kva vil det seie? 

På Raud avdeling leikar vi mykje med kjøkkenleiker. Det er mykje late-som-om leik, rolleleiken kjem meir og meir fram. Borna lagar mat og serverer kvarandre. Det knyttast venskap, ein må kjenne på tålmodet sitt og ein må vente på tur. 

Vi leikar med madrasser og slangar. Det øves på balanse, grovmotorikken, ta omsyn til kvarandre, få eitt fellesskap. 


Vi puslar puslespel og teiknar. Det handlar om former som skal passe til kvarandre, auge og hand koordinasjon og finmotorikk. Å leike handlar om å bli kjent med seg sjølv i eit felleskap, og ikkje minst få oppleve meistring og glede i kvardagen. Leik rommar så mangt!  

...................................................................................................................................................................................................

"Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre." (Rammeplanen 2017)