Tysdag 10.november var det tid for tur og vi gjekk opp til Gapahuken til skulen.
Vi måtte stoppe opp og puste litt for å nyte utsikta når vi var nesten oppe.
Der nede kunne vi sjå både skulen og barnehagen og mange var sikre på at dei og såg huset sitt, langt der nede. Vi høyrde barn som hadde friminutt på skulen og då var dei sikker på at dei såg både sysken og syskenbarn på skuleplassen. Etter at vi hadde gått litt lenger opp i bakken kom vi til Gapahuken. Her sette vi sekkane våre og måtte drikke litt før vi gjekk bort i skogen for å leike. Ein spanande granskog som innbaud til mykje fin rolleleik og undring. I det holet ved steinen der, kven kan bu der? Kanskje ei lita mus, eller kan det vere ein Rev kanskje. Var holet stort nok til ein Rev?
Nokre grankvistar som var stabla opp
blei til ei fin trone og det var kjekt å sjå kor fint dei leika i lag, nokre
ein stad og andre ein annan stad, men alle fann nokon dei kunne vere i lag med.
Ofte er det nok å berre spørje om å få vere med, så får ein faktisk det. Ein fin
måte å få lære strategiar for å kome inn i leiken på. I denne skogen var det
litt bratt og utfordrande å kome seg opp og då måtte barna hjelpe kvarandre om
dei ikkje ville vente på ein vaksen. Kjekt å sjå gleda både over å hjelpe og å
få hjelp. 😊
Ved gapahuken fann vi hasselnøtt-skal,
kven var det som hadde ete nøtta? Var det ekorn eller kanskje ei lita mus?
Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og
tekst skal barnehagen bidra til at barna
uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar. På
slike turar oppmodar vi barna til å setje ord på det dei ser og opplever, og
dei vaksne støttar barna ved å setje ord på det vi møter på vegen vår, hjelpe
til å løyse eventuelle konfliktar og undre seg i lag med barna.
Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og
helse skal barnehagen bidra til at barna
-opplever trivsel, glede og meistring ved
allsidige rørsleerfaringar, inne og ute,
året rundt
-vidareutviklar motoriske ferdigheiter,
kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar.
På ein slik tur får barna nytte sansane
sine, både syn-, lukt-.taktil og balansesansen og dei får motoriske
utfordringar.
Etter ei stund var det tid for mat og vi gjekk til Gapahuken for å ete. Maten smakar alltid ekstra godt på tur. Ein kjekk dag som freistar til gjentaking både for store og små!