NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 30. september 2019

«Søppelryddera» frå Grå avdeling


Barna frå Grå avdeling er glade i å gå på tur. Sist gong dei var på tur vart dei heilt sjokkert over alt søppelet som låg langs vegen, at det går an å berre hive frå seg! Det er bra dumt at folk kan gjere noko slikt, det er ikkje fint gjort. Så dei hadde bestemt seg for at neste gong dei skulle på tur skulle dei plukke søppel langs vegen.


Onsdag 25.sept var vi klar for tur igjen. Alle hadde ein hanske og ein pose og plukka i veg, det var utruleg kva vi fann berre rett utanfor gjerdet til barnehagen.


Tenk om det hadde kome eit dyr og trudd at det var mat og så var det søppel, dei kunne bli sjuke og dø!


Vi må slutte å kaste søppel og huske å bruke søppelbøttene som heng på f.eks. lyktestolpane eller ta det med oss heim og kaste det der.


Når vi kom heim til barnehagen tømte vi alt søppelet vårt i restavfallsdunkane til barnehagen og plastposane og hanskane kom i plastavfallet. 


Tenk om vi menneske kunne slutte å kaste søppel i naturen.  Når vi kastar søppel i naturen er vi stygg mot dyr, fugla og fiskane i havet, som trur at søppelet er mat. Vi må vere snill med naturen, det er konklusjonen til denne flinke ryddegjengen frå Grå avdeling på Tryggheim barnehage, Vatne.



Rpl: «Opplevingar og erfaringar i naturen kan fremje forståing for eigenarten til naturen og barna sin vilje til å verne om naturressursane, bevare det biologiske mangfaldet og bidra til berekraftig utvikling». 

torsdag 19. september 2019

Brannvern på Blå avdeling


I veke 38 og 39 arbeidar vi med brannvern ved Tryggheim Barnehage Vatne. Vi på Blå avdeling har så langt hatt samlingar om korleis vi skal te oss om brannalarmen slår seg på. Måla for desse vekene er at barna skal få kjennskap til kva brann er,  kva vi skal gjere  om brannalarmen gjeng, korleis høyrest den  ut og kvar vi skal gå for å komme oss i sikkerheit. I tillegg har vi stort fokus på omgrepslæring i samlingar og i kvardagen og finmotorisk trening gjennom formingsaktivitetar.



Vi syng bla. denne songen om brann:     Når det brenner, Når det brenner,
                                                                Kva gjer vi då? Kva gjer vi då?
                                                                Vi gjeng ut av huset, Vi gjeng ut av huset
                                                                Og står i lag. Og står i lag

                                                                Når det brenner, Når det brenner,
                                                                Kva gjer vi då? Kva gjer vi då?
                                 Vi ringer brannstasjonen,
   Vi ringer brannstasjonen.
   110     110

På Blå avdeling vil vi og ha stort fokus på læring gjennom leik. 

                              

Onsdag leika vi at vi var brannkonstablar, og sløkte flammar på barnehageveggen. Læringsmålet her er omgrep knytt til aktiviteten, ikkje at barna skal lære å sløkkje flammar 😊.

                              

Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. 
(Rammeplanen for barnehagar 2017. s.20)

mandag 16. september 2019

DEN STORE «GRØNSAKSOPPTAKS DAGEN» I TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

Endelig var dagen komen, som vi hadde venta på så lenge! Onsdag (11.09.19) fekk vi ta opp grønsakene våra i barnehagen. Grå og nokre frå Grøn møttes og først repeterte vi litt kva vi gjorde i vår. Dei bitte små frøa og potetmora med åla som vi planta i pallekassene våra. 



Vi trekte paralella frå Skapelsen og at Gud har skapt så mykje godt.  Og kor heldige vi er som har så mykje god mat vi kan ete. Han skapte trea, slik at vi kan få frukt og jorda slik at vi kan dyrke grønsaker. Og vi sang: «Kven har skapt alle potetene? Jau Gud i himmelen».  Vi fortsatte med: Gulrota, reddikane, nepene og avslutta med alle grønsakene til slutt.
Kva treng eit frø for å vekse var spørsmålet. Ivrige barn kunne fortelje at då må dei ha mold, vatn, sol og lys!

Det var mange ivrige barn som tok opp poteter.

Det var spennande å sjå kor mange barn poteta hadde fått.

Vi fann mange poteter.

Det var små poteter.

Og litt større. 


Vi samanlikna størrelse og form.

Det var gulrot, reddikar og neper.






Vi var veldig ivrige og kosa oss! Tenk at alt dette hadde vokse i barnehagen!

Vi vaska grønsakene etter kvart som vi tok dei opp!


Etter å ha vaska potetene veldig godt kutta vi dei opp i biter.                                                                                                               

Det vart litt kutt andre plassar også, men heldigvis hjelp det godt med plaster.


Det var masse jobb å skjere opp og no er dei klar for å steikast i omnen!


Det lukta så godt over heile barnehagen og det smakte kjempegodt. 
Alle avdelingane i barnehagen fekk steikte poteter, 
og det er rart å tenkje på at desse var det vi som hadde planta!

R.pl.: «-får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid». 

torsdag 12. september 2019

Vi søkjer Ringevikarar

 
NLM barnehagene AS avd. Tryggheim Barnehage Vatne søkjer

RINGEVIKARAR
Tryggheim Barnehage Vatne flytta inn i nye lokale våren 2018. 
Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen 
skal bli møtt med omsorg. 


Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»


Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar.

Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM- barnehagene AS
Søknadsfrist snarast råd og innan 25.09.19.
For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.: 96948829
Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/
Send søknad og CV til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no

tirsdag 10. september 2019

Første rapport frå dei nye små på Gul avdeling

Vi på Gul er allereie kome godt i gang😊
Vi har hatt ei kjempekjekk tilvenning, og gler oss til å bli betre kjent både med kvarandre og dei som kjem litt seinare utover året. 😊

Vi passar på å dele gruppa for å skape trygge og gode relasjonar til kvarandre, og lettare finne ut kva behov kvart enkelte born har. Nokon søv tidleg på dagen, andre seint og nokon søv fleire gongar. No i starten delar vi oss litt opp etter korleis dagen ser ut med tanke på dei ulike behova. Litt seinare når vi kjem skikkeleg i gong, så delar vi dei i to faste grupper,  Gr1 og Gr2.

Når barnet begynner i barnehagen, skal personalet sørge for tett oppfølging den første tida, slik at barnet kan oppleve tilhøyrsle og tryggleik til å leike, utforske og lære.

I dag tok vi med oss ei lita gruppe på ein liten «undretur». Vi trilla oss ein tur opp i Haugane, for å sjå om vi fant noko spennande der. Vi såg nokre fine høner frå vegen som vi hadde lyst å sjå litt nærmare på. Vi fekk lov å gå heilt ned til buret for å utforske dei litt. Det var spennande! Det var ingen av dei som sa «kykkeliky» men det gjorde vi. 😊 Vi mata dei med blomstrar og gras. 


Spennande  å sjå på dei.


Kjekt å få mate dei. Fine hønene! 


I følgje rammeplanen skal Barnehagen bidra til at borna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremmer evna til å orientere seg og opphalde seg i naturen til ulike årstider. Barnehagen skal legge til rette for at borna kan få et mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som ein arena for leik og læring. Barnehagen skal legge til rette for at borna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelege fenomener, oppleve tilhøyrsle til naturen og gjere erfaringar med bruk av teknologi og redskaper. Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at borna opplever og utforsker naturen og naturens mangfold.

Vi gler oss til mykje undring og uteliv framover! 😊