I veke 38 og 39 arbeidar vi med
brannvern ved Tryggheim Barnehage Vatne. Vi på Blå avdeling har så langt hatt
samlingar om korleis vi skal te oss om brannalarmen slår seg på. Måla for desse
vekene er at barna skal få kjennskap til kva brann er, kva vi skal gjere om brannalarmen gjeng, korleis høyrest
den ut og kvar vi skal gå for å komme
oss i sikkerheit. I tillegg har vi stort fokus på omgrepslæring i samlingar og
i kvardagen og finmotorisk trening gjennom formingsaktivitetar.
Vi syng bla. denne songen
om brann: Når det brenner, Når
det brenner,
Kva
gjer vi då? Kva gjer vi då?
Vi gjeng ut av huset, Vi gjeng ut av huset
Og
står i lag. Og står i lag
Når det brenner, Når det brenner,
Kva
gjer vi då? Kva gjer vi då?
Vi ringer brannstasjonen,
Vi ringer brannstasjonen.
110 110
På Blå avdeling vil vi og
ha stort fokus på læring gjennom leik.
Onsdag leika vi at vi var
brannkonstablar, og sløkte flammar på barnehageveggen. Læringsmålet
her er omgrep knytt til aktiviteten, ikkje at barna skal lære å sløkkje flammar
😊.
Leiken skal vere
ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling.
Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne.
(Rammeplanen for barnehagar 2017. s.20)