NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua - Revegruppa og Haregruppa

* Bikuba - Klatremusgruppa og Skogmusgruppa

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

torsdag 22. desember 2016

Eit ønske om ei riktig god jul til store og små frå Ekorna

I desember har vi på Ekorna kosa oss med juleverkstad. Barna har fått lage julegåver, baka ulike type julekaker og laga ulike motiv som vi har pynta avdelinga med. 



Kvar morgon har vi hatt adventstund – her har vi høyrt historia om Jesusbarnet som blei født i ein stall, sunge kristne julesongar og om nissen på låven. Kvar natt har ein nisse sneke seg inn på barnehagen og fylt ein pose med litt julegodis til oss. Det er veldig kjekt å få. Gjennom adventstunda legg vi til rette for at barna skal få kjennskap til den kristne høgtida og tradisjonar knytt til Jula.




Vi på Ekorna vil gjerne takke for ein flott haust. Vi ynskjer store og små ei riktig god jul og eit godt nyttår. Vi gleder oss til 2. januar og til mange nye eventyr! 

onsdag 21. desember 2016

ADVENTSTIDA PÅ MAURTUA



Kvar morgon i Desember har vi hatt Adventsamling. Vi har trekt kven av borna som skal få tenne lys, i tillegg har vi hatt Adventskalender av peparkaker. Kvar sin dag å ha med ei peparkake heim.



Vi har songe kristne julesongar, og hatt forskjellege fokusord om Jul, og tradisjonar rundt.
Kvar måndag har vi også hatt forteljingar frå Juleevangeliet. Målet er at borna skal få kunnskap og bakgrunn om tradisjonar, og oppleve gleda ved dei kristne høgtidene.

Vi har også vore på Julevandring i kyrkja, og spelt Julespelet på Julefesten til foreldra. Der borna fekk vere Maria, Josef, gjeterane, dei tre vise menn og englane.




Vi har også hatt juleverkstad, kor vi har laga julepynt og julegåver. Vi har baka peparkaker, julemenn og pynta peparkakehus! Vi har også pynta juletreet vårt i barnehagen.





Fredag 16.Desember inviterte vi Bikuba opp til oss på julebord. Vi gjekk rundt juletreet og song, før vi satt oss til bords for å ete god mat J og selvfølgelig måtte vi knuse peparkakehuset til slutt!! NAAM, det var godt å ENDELEG få smake på det!

Vi vil med dette ønske alle ei riktig God Jul!
Og eit godt nytt år!
Vi gler oss til 2017!!


«Eit barn er født i Betlehem
i Betlehem
No frydar seg Jerusalem
Halleluja, halleluja!»

tirsdag 20. desember 2016

BEDEHUSBARNEHAGEN PÅ TUR TIL JULETREET

Måndag 19.desember pakka vi på Bedehusbarnehagen sekken, hadde på oss kle og la i veg på ein liten juletur. Deretter fann vi oss ein turvenn. Revane (dei eldste) måtte halde ei Skogmus eller ein Hare i handa.


Mange spente barn, vi skulle nemlig gå til vassverket, der juletreet står og lyser. Mange bruker å sjå juletreet når dei er på veg til barnehagen om morgonen, når det er mørkt ute. Då lyser det godt opp fjellet.


Juletreet står og lyser så fint.


Når vi hadde kome fram, lagde vi ein kjempestor ring rundt juletreet. Vi song julesongar og dansa rundt.


Etter vi hadde gått rundt juletreet, var det ei velfortent pause som venta. Dei vaksne hadde pakka med seg peparkaker og julemannar, NAAM!


No var det berre å forsyne seg! MMm, nydelege julekaker som vi sjølv har baka! Dette smakte godt etter ein lang spasertur, og nokre turar rundt juletreet.


Ein kjempe kjekk førjulstradisjon her på barnehagen vår.

onsdag 14. desember 2016

Når en pepperkakebaker……………..

baker pepperkakekaker
tar han først en stekegryte og en kilo margarin.
Oppi gryta smelter smøret,
og det neste han må gjøre
er å røre sammen smøret og en kilo med farin.

Og mens smør og sukker skummer
tar han åtte eggeplommer
som han rører rundt i gryta med en kilo hvetemjøl
og til slutt i gryta slepper han
en liten teskje pepper
og så rører man omkring og tømmer deigen på ei fjøl.





Vi er godt i gang med desemberkosen her på Nøtteliten. Vi gler oss til foreldrehentekaffi, då får dykk smake på den gode baksten vi laga.



søndag 11. desember 2016

Julevandring 2016

Så var det tid for Julevandring. Torsdag 8.des skulle vi gå opp til Vatne kyrkje for å høyre historia om då Jesusbarnet vart fødd. Vi hadde litt god tid, så vi nytta høvet til å gå innom Fauskegarden og gå rundt juletreet der. Barnehagen planta treet for mange år sidan. Treet hadde vorte veldig stort, men vi greidde å lage ring rundt det. Då fekk vi og høve til å øve litt på julesongane. 



Vi hadde og tid til å sjå oss litt rundt på kyrkjegarden, spanande å lese på gravsteinane. Nokre pynta ein stor gravstein med kongler som dei fann.






Astrid kledde seg ut som Keisar Augustus.


Alle fekk skrive seg inn i manntalet.

Barna fekk sjå og lukte på Gull, Røykelse og Myrra, det hadde dei tre vise mennene med seg i gåve. Tre av barna fekk vere vise menn. 



Sidan vi er så mange fekk mange vere englar. Dei vart leia av engelen Gabriel.


Resten fekk vere gjetarar, Josef og Maria. 


Sjå, der ligg Jesusbarnet i krybba. 
Dei tre vise menn, gjetarane og Englane kjem på besøk, med gåver til Jesusbarnet.


-Takk til Vatne kyrkje ved Kateket Astrid Ulvestad Øygard for godt samarbeid.-

tirsdag 6. desember 2016

BÅLPLASS I BARNEHAGEN


Det vert mindre med turar no i desember, 
så vi laga like godt ein bålplass i barnehagen vår på fredag.


                  Måndag skulle vi ha grautfrokost ute, men veret tillèt ikkje dette.
Seinare same dag fyrte vi i bålet og hadde sangstund . 
Vi øver til julefesten..


Det vart og høgtlesing av eventyret «Pannekaka».

 

Vi skal sette ned stubber til å sete på, då får vi ein fin samlingsplass ute i barnehagen vår.
Vi gler oss til mange fine stunder rundt bålet framover !

mandag 5. desember 2016

Juleverkstad på Nøtteliten

Borna, dei vaksne og heile avdelinga er dekt i glitter i desse tider. Vi er godt i gang med Juleverkstad på Nøtteliten. Der lagar vi julepynt og nokre Julehemmelegheiter. Spent på om alle klarar å halde innhaldet i pakkane hemmeleg fram til sjølvaste Julefeiringa. 




Dei fleste likar godt å halde på med formingsaktivitetar. Ikkje alle syns det er like greitt å måtte bruke dei grøne frakkane, eller at malinga set seg fast på hendene. Då må det vaskast av med ein gong!




 Vi kosar oss med Juleførebuingar!
 

søndag 4. desember 2016

Nøtteliten på ein regnfull tur til gamlebarnehagen

Ein kald novemberdag kledde vi oss godt til tur. Målet var gamle barnehagen. 
Vi var spente på korleis uteområdet såg ut etter at sandkassa og fleire leikeapparat allereie var blitt flytta ned til oss i Brakkebyen. Stor jubel når der var blitt ein enorm sølepytt der sandkassa tidlegare hadde stått. Vi nærmast bada i dei store dammane. 


Undrande var vi på dei store spora i sanden. Kva slags maskin har vore her?