NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 21. desember 2020

Raud nissefest

16.desember hadde Raud avdeling nissefest. Vi starta dagen ute med bål og leik. Så koselig i vintermørket til roleg julemusikk. 

Barna viste stor respekt for bålpanna, så det var ingen problem.

Etter kvart når alle var på plass, blei fart i julemusikken og på med diskolampe. Det blei kjempe stilig i mørket. Vi lyste opp heile barnehagen i diskofargar! 

Kl.09.00 vart det servert nissegraut. "OJ, den var god" kom det frå borna. For ein kjekk nissefest vi hadde!  

søndag 13. desember 2020

Santa Lucia

Tradisjonen tru vart Santa Lucia feira i barnehagen. Men dette året måtte det verte på ein Korona tilpassa måte.


I stadenfor å kome inn på kvar avdeling med Luciatog og Lussekattar gjekk Grå avdeling ei runde ute rundt barnehagen på morgonen medan det enno var mørkt.

Og Lussekattane vart i staden baka på kvar avdeling, der alle fekk sin eigen Lussekatt til 2 måltidet.


Svart senker natten seg
I stall og stue
Solen har gått sin vei,
Skyggene truer
Inn i vårt mørke hus
Stiger med tente lys,
Santa Lucia, Santa Lucia

Natten er mørk og stum
Med ett det suser
I alle tyste rom
Som vingene bruser
Se, på vår terskel står
Hvitkledd med lys i hår
Santa Lucia, Santa Lucia

Mørke skal flykte snart
Fra jordens daler
Slik hun et underfullt
Ord til oss taler
Dagen skal atter ny
Stige av røde sky
Santa Lucia, Santa Lucia

Tusen takk til Grå avdeling for godt gjennomført feiring. Dokke sang så fint!

lørdag 12. desember 2020

Betlehem av naturmaterialer i barnehagen

Denne veka har Edderkoppane hatt såå fin leik ute med naturmaterialer. 

Her har Betlehem blitt bygd av steinar, gras og plankar. Hovedrollene er kongler av ulik størrelse. Vi ser godt at julebudskapet har satt seg under huda på borna. 

Nokre nye element har tatt plass også. Litt dinosaurar, Moa-handling og bilar til jobben.


Dei syng så det ljomar: "Engelen Gabriel kom frå himmelen. Kom til Maria i Nasaret. Maria, Maria du skal bli mor, et barn skal du bære til Herrens ære. En sønn skal du få i en seng av strå. Og han skal forkynne Guds ord"

 

fredag 11. desember 2020

Hei og hå! Ei adventshelsing frå Raud avdeling

På Raud avdeling er vi godt i gang med både juleevangeliet og ulike prosjekter opp mot jul.


Under morgonsamling har vi tre songar som er i fokus. Vi startar med å tenne lys og synge «Nå tenner vi …», vidare fortel vi om evangeliet, om at Jesus blei født. Vi tek fram dei figurane frå julekrybba vår som vi fortel om slik at barna får sjå.

Vi tek utgangspunkt i «Den første julen». Den er kort og konkret med mange flotte bilete. Barna følgjer godt med.


Etter det syng vi «Eit barn er født i Betlehem». 
Den melodien brukar vi når vi syng for mat også, så den kan vi godt.








I taket på avdelinga har vi hengt opp lys, julepynt og hjarter med ulike tal på. Det blir tatt ned eit hjarte for kvar dag i desember, og på hjarte skal eit barn få namnet sitt skrive på saman med ei lita personleg helsing. Barnet som får hjarte, får også sitte med nisselue og grautskål – då syng vi «På låven sitter Nissen». Den er veldig populært. «Igjen, igjen» blir det ropt.

Vi er også godt i gang med juleverkstad og baking. Her er nokre småglimt:





             


«Barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn» (Rammeplanen, 2017)

mandag 7. desember 2020

Adventssamling på Grøn avdeling 7.desember 2020

 No tenner vi det andre lys,

dei står der stilt og skin.

Vi ventar på at Gud, vår Far

skal sende sonen sin.

Etter at vi hadde tent to lys i adventsstaken vår, reiste vi til Betlehemsmarkane. Der var gjetarane å passa på dyra sine om natta.

Plutseleg vart det heilt lyst og det kom ein engel til dei og fortalde at det var fødd ein Frelser i Betlehem, dei skulle finne eit barn i ein stall. Dei for dit og fann barnet hjå mora Maria, dei fall på kne og hylla det.

Etterpå for dei tilbake til Betlehemsmarkane og fortalde alle som ville høyre på kva dei hadde opplevd. Vi song: «Eg er så glad kvar julekveld for då vart Jesus fødd..»

Vi på Grøn har to adventskalenderar. Den eine tel vi ned til julaftan med å lime bomull på skjegget til nissen og i dag var det den 7. desember. Det er veldig spennande kven sitt namn vi trekkjer.

Den andre adventskalenderen vår på Grøn avdeling er at vi gir pengar til barn i Indonesia, slik at dei kan få det litt betre. Som f.eks at dei skal sleppe å drikke skite vatn! Alle har hatt med seg ei lita innepakka øskje og så er det kvar sin gong å få putte pengane på bøssa.

Det er glade barn på Grøn som gir pengar til barna i Indonesia!

Vi avslutta med å synge «yndlingssangen» vår:

Engelen Gabriel kom fra himmelen,  

kom til Maria i Nasaret.                                                                                         

Maria, Maria du skal bli mor,                                         

et barn skal du bære  

til Herrens ære.  

Og han skal forkynne Guds ord.

Edderkoppane på julegåvehandel i Skogen

Edderkoppane fann ut at vi mangla noko på eine julegåveprosjektet vårt. Men kvar kunne vi kjøpe kongler då? I skogen meinte dei. ...Så då vart det det...

Ein spanande tur på jakt etter kongler. Vi kom til ei tre som hadde mange kongler under seg. Dei hamstra med stor iver. 

Men der var jo ein superspanande klatreknaus bak treet.
...Så då vart det det...
Klatring, aking på stein og mose, mykje god grovmotorikktrening. 
Så vi kosa oss! Der kom til og med ein katt og helsa på oss. Då ville alle bli kattar....Så då vart det det...
Vidare fann vi ei lita sølvstjerne liggande i graset. Oi! Då kan vi jo pynte det lille babyjuletreet der.
...Så då vart det det...

Vidare gjekk vi og tok oss ei pause ved Gurineset. Der åt vi mat og varma oss på litt varm saft. 
Så bar det heim att tilbake til barnehagen. Målet var å finne kongler og ha det kjekt. ...Så då vart det det... 
Takk for ein fin tur store og små gull. 
- Merethe på Grå -

onsdag 2. desember 2020

SNØ! (Eit lite tilbakeblikk)

Barna på Blå utforskar snøen, og sette fine spor :) 


Den er kald og kvit, og ligg på bakken.... endeleg kom den første  snøen. 
Då måtte dei små Blå ut for å leike og utforske :) 


Vi kosa oss :) 

tirsdag 1. desember 2020

LET IT SNOW (please)

Blå avdeling kosa seg ute i snøen så lenge den varte, men den forsvant fort, så då laga vi like godt litt heimelaga snø vi kunne kjenne på. 😊


Oppskrifta er enkel: balsam + potetmjøl


I tillegg måtte vi sjølvsagt ha litt glitter i. 😊

Det var kjekt å lage snøballar utan å bli kald på hendene.


Det var litt rart og spennande å ta på i starten. 

Utforsking og sanseopplevingar på høgt nivå.

Vi satt på songen «Skal vi lage snømann» frå Frost, og laga fleire fine snømenn i lag.

Begge gruppene kosa seg med leikesnøen.


Nokre er samlarar, andre likar å fordele og spreie utover.

Eit tips om de vil lage leikedeig heime, er å tilsetje litt konditorfarge i ulike delar av leikedeigen 😊

Blå avdeling gledar oss til vi kan leike i den kalde snøen, men har det egentlig veldig fint utan også <3

mandag 23. november 2020

Barn sin medverknad (Krokodille i snøen 🐊)

- Eg vil lage krokodille i snøen! 🐊 sa eit barn på Raud ein fredags morgon.


Alle kledde på seg og gjekk ut i snøen som hadde kome dagen før. Vi satte i gong prosjektet i sandkassa vår. Med spader og hender gravde vi saman, og forma ei krokodille i snøen - blanda med litt sand. Vi fryda oss når krokodilla tok form!

Krokodilla måtte så få grøn farge på kroppen sin. Kvar sin gong fekk vi måle med grønt i snøen. 

Rammeplan for barnehagen seier at vi skal la barna få medverke i kvardagen sin i barnehagen. Vi skal lytte og ta barna sine interesser med oss i leiken. 
- Krokodilla i snøen kan vere eit døme på dette! 

Raud ❤️

lørdag 21. november 2020

Gul på verdensreise

Sidan veke 40 har alle dei små på Gul vore på ei verdensreise. Vi forstår ikkje heilt at Indonesia er eit eige land eller kvifor dei har anna flagg enn oss... 

MEN at dei har mange kule dyr er det ingen tvil om; krokodille, aper, tiger og delfin er vel dei dyra vi har blitt mest glad i! Dei både brøler og nikkar, og enkelte fuglar dansar på filmen som Silje-Beathe har laga: søk gjerne opp "dyr i Indonesia" på YouTube. Den har vi sett myyyykje på! Og er veldig glad i.💛


Vi har høyrd om han Linkus og at han skal lære dei i Indonesia at det er viktig å vaske hendene med tanke på Corona og hygiene generelt, og at det er like viktig at vi på Gul og i Norge gjer det! Om Linkus treng hjelp til handvasklæring til andre må han gjerne ringe oss, vi er ganske drevne no 😉



I ei av samlingane bada vi også Linkus, alle skulle vaskast skal ein vite!

Ellers har vi laga tigerar og flagg, høyrt indonesisk sang, vi har vore på flytur tur-retur Indonesia (vi veit ikkje om alle var med heim, det var spennende i Indonesia!) og eigentleg hatt ei fin periode med tilvenning oppi det heile 😁