NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 7. desember 2020

Edderkoppane på julegåvehandel i Skogen

Edderkoppane fann ut at vi mangla noko på eine julegåveprosjektet vårt. Men kvar kunne vi kjøpe kongler då? I skogen meinte dei. ...Så då vart det det...

Ein spanande tur på jakt etter kongler. Vi kom til ei tre som hadde mange kongler under seg. Dei hamstra med stor iver. 

Men der var jo ein superspanande klatreknaus bak treet.
...Så då vart det det...
Klatring, aking på stein og mose, mykje god grovmotorikktrening. 
Så vi kosa oss! Der kom til og med ein katt og helsa på oss. Då ville alle bli kattar....Så då vart det det...
Vidare fann vi ei lita sølvstjerne liggande i graset. Oi! Då kan vi jo pynte det lille babyjuletreet der.
...Så då vart det det...

Vidare gjekk vi og tok oss ei pause ved Gurineset. Der åt vi mat og varma oss på litt varm saft. 
Så bar det heim att tilbake til barnehagen. Målet var å finne kongler og ha det kjekt. ...Så då vart det det... 
Takk for ein fin tur store og små gull. 
- Merethe på Grå -