NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

lørdag 28. april 2018

Revane på Leirdag på Vestheim


Ein kjempeflott leirdag som starta med buss frå Vatne til Vestnes. Ved ankomst fekk vi deilege heimelaga bollar og frukt. 
Hege, Hilde og Lovise hadde lagt opp til leirsamling med songar, andakt med dokkene Pernille og Siri, uteleikar, sporløp og misjonsvandring. 
Vi reiste med "fly" til Bolivia, Etiopia og Kina. Vi fekk lære litt om dei ulike landa. Innimellom alle aktivitetane fekk vi servert god middag. 
Vi fekk også helse på Linkus! Det var stor stas! 
Ein flott dag på Vestheim!! 








fredag 20. april 2018

Nøtteliten leitar etter våren i Gurineset

Når vi er på tur har vi begynt å trene på å gå meir sjølve. 
Då er det godt å ha ei hand å halde i.



                                                

Det er kjekt å ha ein flott gapahuk å kome til.






I Gurineset er det mykje å utforske, 
og no kan vi gå på jakt etter vårteikn.


Etter turen er det godt å kome heim til barnehagen for å kvile seg i vogna.

torsdag 19. april 2018

Nøtteliten på plass i den nye barnehagen



Denne første tida har vi nytta til å verte kjende med den nye fine barnehagen vår, eit nytt uteområde og mange nye barn og vaksne. Det vil etter kvart kome gjerde slik at vi får eit eige uteområde, men enno er vi i lag alle saman. Det har vore spanande for mange, spesielt for dei med eldre søsken, men og litt skummelt for nokre av oss. Då er det godt med nære vaksne som dei kjenner godt frå før. Vi har og brukt denne første tida til å verte kjende med fire nye barn som vart ein del av gruppa vår, no når vi starta opp etter påske. Det har vore kjekt å verte kjende med dei 😊
Og no får vi god bruk for det vi har lært knytt til hovudmålet dette året: At barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Det er ein overgang å ikkje lenger vere dei minste i barnehagen og sjølv måtte ta omsyn til mindre barn.

                                  

Kjekt å utforske det nye uteområdet. Skal tru om sanden smakar like godt her som nede på brakkene? 😉 Her får vi brukt både sansane våre og vi må koordinere rørslene våre.
                              



- Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar.-

torsdag 12. april 2018

Skogmusene på jakt etter våren!

No er våren endeleg komen! Skogmusene var på jakt etter vårteikn på veg opp til Gapahuken til skulen. 

Vi høyrde fuglane som sang: "Pip, pip vil du vere kjærasten min".    Så høyrde vi at det svarte lengre borte: "Ja, det vil eg!"
Det var masse spennande i skogen. Gaukesyrene var sure og ei av dei hadde kanskje ein larve smakt på!?
Vi kasta pinner og nøtteskal i ei lita elv, og vi såg kor det reiste nedover.

Vi plukka masse nøtter. Nøttetrea hadde mange stammer.




Når vi kosa oss med god mat og frukt las Stine  boka om Sakkeus. 


Sola er god, sola er toppen og Skogmusene likeså 😊




tirsdag 10. april 2018

REVANE SNEKRAR FUGLEKASSER TIL SMÅFUGLANE 9.04.18


No skal småfuglene få bygge reir i fuglekassene som Revane har laga. 
                        

Vi trur at det kanskje kjem til å komme kjøttmeis, blåmeis og svart og kvit flugesnappar i dei. 

Det blir spennande å følgje med. I dag høyrde vi kor kjøttmeisa sang! Det er viktig å ta vare på småfuglene!

"Barna skal få erfaring med å gi omsorg og ta vare på omgivnadane og naturen. Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen." (Rpl:11)

mandag 9. april 2018

Klatremustur til leikeplassen


I dag har Klatremusene vore på tur til leikeplassen. Vi har hatt ei veke i den nye barnehagen og det har vore storslått! Men det er godt å kome seg på tur med, og det er ei stund sida vi var på leikeplassen sist. 

Stor gjensynsglede var det for sila, dissa, vippe og sandkassa. Vi sprang og rulla på marka, og ned skråninga også. Einaste som var dumt var at der var ein kalde vind som blåste inn i mellom. Då forsvant hendene inni dressen.


fredag 6. april 2018

SOFTISEKSPERIMENT PÅ MAURTUA 6.APRIL 2018


Så bra at det var snø i dag! For då kunne vi eksperimentere og lage softis! 😃😆

Oppskrift:
2 dl fløyte
5 ss sukker
1 ss vaniljesukker 
4 liter snø
10 ss salt
Bland snø og salt i ein berepose. Bland fløyte, sukker og vaniljesukker i ein brødpose.  Knyt igjen slik at det er luft i posen. Legg posen i bereposen med snø og rist 10-15 minutt.



Vipps sa hadde barna på Maurtua trylle fram den deilegaste softisen!  Dette var suksess!  Mange glade og fornøgde barn!


onsdag 4. april 2018

Snøglede i april


Kalendaren viser april, men våren let vente på seg..


Men Harane veit å glede seg over alt det kvite som lavar ned.


Snøen er eit flott formingsmateriale.

Dei kreative Harane har i dag 
onsdag 4.april kosa seg med snøleik i Gurineset. 

Vår nye barnehage er ferdig!


 Tysdag 3.april -18 opna vi vår nye barnehage på den same tomta
 som vår gamle barnehage var bygd for nesten 45år sidan.

HIPP - HIPP - HURRA!


Flinke entrepenørar har klart å ta vare på grana vår gjennom heile byggeprosessen. Det er vi takksame for! Den var ei gåve frå ein bestefar i barnehagen for mange, mange år sidan.


Denne kjekke sila vår har vore med på heile prosessen.
Fyrst stod den på gamle barnehagen vår, så har den vore på Brakkebyen og no endeleg er både den og vi tilbake i Ulvestadvegen 4.