NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua - Revegruppa og Haregruppa

* Bikuba - Klatremusgruppa og Skogmusgruppa

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

torsdag 29. januar 2015

Bukkene Bruse


Mål for temaperioden:

·       Bli kjent med det tradisjonelle eventyret

·       Bli kjent med ny barnelitteratur: Bukkene Bruse på badeland

·       Bruke litteratur som inspirasjon til drama

·       Omgrepstrening

·       Tal og teljing

No i starten gjer vi oss kjende med det tradisjonelle eventyret før vi går over til
Bukkene Bruse på badeland.
 


 


 

Dramatisering ved hjelp av konkreter og ved å dramatisere sjølve.
Dette vert kombinert med formingsaktivitetar.






 
 

onsdag 28. januar 2015

GENERALSTREIK FOR ARBEIDSMILJØLOVA


Som medlemmar i Utdanningsforbundet, streika desse blide damene, 
men med knytta neva, i dag 28. januar 2015. 




Statsråd Erikson seier han vil ha fleire midlertidige stillingar. 
Dette kan mellom anna føre til meir utskifting av personell i barnehagen, noko som kan gå utover barna . Det er trygt for barna å ha eit stabilt personell!
Utvida arbeidstid på opptil 12,5 timar og med utvida normalarbeidstid må du og jobbe fleire timar til vanleg lønn før du har krav på overtidsbetaling.
Så i dag har vi streika, ikkje berre for barnehagetilsette , men for alle der ute !



Besøk av Hege og Siri


På fredag 23.januar var vi så heldige å få besøk av Hege og Siri.
Hege bor i Brattvågen. Ho arbeider i NLM ung og besøker blant anna barnehagar.
 
Ho har besøkt oss før, men denne gongen hadde ho med seg Siri.
 
Siri hadde pynta seg med fin kjole frå Kina.
Hege og familien har bodd der før.


 
Vi fekk høyre om fiskerane som fekk møte Jesus og
som fekk mange fiskar.
Etterpå sang vi mange fine songar.
 
 
 
Det er alltid kjekt å få besøk.
 
 
Hege kom først til oss på Bikuba.
Etterpå var ho på Maurtua og hadde samling med dei andre.
 
 
Takk for besøket og Velkomen igjen!

onsdag 21. januar 2015

I DAG GJEKK TUREN TIL LAVVOEN VÅR OPPE I SKOGEN

I januar skal Harane verte kjend med ulik barnelitteratur, og har mellom anna valgt eventyret om «Pannekaka».



Vi skal bruke dette eventyret til inspirasjon for dramatisering. 
Her fordeler barna roller til kvarandre (samarbeid), og her er vi godt i gang med dramatisering.  


Her ser vi Kone Krone som snur pannekaka.


Vi avslutta sjølvsagt turen med gode pannekaker.



mandag 19. januar 2015

HURRA FOR

SOLFEST I TRYGGHEIM BARNEHAGE 16.01.15


Sola er god, sola er toppen! 
Sola er god og den bruner på kroppen!
Sola som skinner hver morgon for meg.
Sola på Vatne/i barnehagen er best synest jeg!


Tradisjon tru feira vi at sola har kome tilbake til barnehagen. Medan vi venta på sola, har kunst, kultur og kreativitet stått i fokus. Vi har hatt ulike formingsaktivitetar i forhold til gul farge og sol. Det har vore skapt mange soler både inne og ute!
Vi har måla og trykt på vindu og papir, klipt, limt og baka!
Fredag kosa vi oss ilag på solfesten som Haregruppa arrangerte. No håper vi på å få sjå den verkelege solaJ

mandag 12. januar 2015

torsdag 8. januar 2015

Godt nytt år!

 
 
 
Med desse vinterbileta vil vi på Tryggheim barnehage, Vatne
 
ynskje dokke alle
 
 
GODT NYTT ÅR!