NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

lørdag 31. oktober 2020

Blad, blad, blad og meir blad!

No er det haust, og trea kastar frå seg blada, så dei svever ned på bakken. Det ligg blad overalt; Gule, grønne, brune og raude... Men kva er blad? Kan vi ta på dei? Plukke dei? Kaste dei? Bruke dei i kreative aktiviteter kanskje? Og kva skjer om vi tek ein smakebit av dei?! Vi har prøvd/skal prøve alt!
Dei vaksne seier at no er det haust! Og vi har skjønt såpass at det er fordi blada har skifta farge, og vi får ikkje springe ute i sokkelesten lenger, det er nemlig kaaaaldt! Vinterdressen har blitt god å ha, og hendene små treng vottar.

Tirsdag og onsdag denne veka her, har vi gått på tur. Teamet for året er jo at vi skal leike med språk, og finst det ein betre måte enn å kombinere språk og tur? Vi pratar i veg om det vi ser, stort som smått! Barna har ulike referanser og bidreg med enkelt ord og kroppsspråk når dei kjenner igjen ting!
I Fauskegården plukka vi blad som vi skal presse og tørke, eit nytt spennade prosjekt er på gang inne på Gul. Barna rusla rundt og plukka det dei fann, og der var maaaasse! Sprang litt fram og tilbake, god trening for grovmotorikken.
Onsdagen rusla vi oss ein tur i Gurineset. Der blei grovmotorikken satt på prøve, vi datt og vi røyste oss opp igjen, og snubla i neste augneblink. Men kor vi kosa oss, blada flaug himmelhøgt, barn og vaksne sprang og herja i vilden sky.
Sann glede lyste i auga på dei fleste, mens nokon var faktisk klar for å legge seg! 🙈 Så då rusla vi oss heim igjen til eit bedre måltid og klar for å hoppe i "loppekassa"! 

torsdag 29. oktober 2020

Haustglimt

 Eit lite haustglimt frå Edderkoppane på Grå avdeling. Vi nyt hausten med kropp og sjel!






søndag 25. oktober 2020

GRØN AVDELING LAGAR VULKAN

No når vi held på med misjonsprosjektet vårt og blir kjent med Indonesia, så har vi lært at der er det mange vulkaner. Og at det har vi ikkje på Vatne. Men kva er eigentleg ein vulkan?? Dette måtte vi på forske på. Då trengte vi bakepulver, zalo, konditorfarge og eddik.

Anja forklarte oss kva ein vulkan er, at øvst er det eit hol som ein kallar krater og langt, langt, langt nede i fjellet er det magma. Det er flytande, smelta stein og når det blir eit høgt trykk og det kjem opp til overflata då blir det lava.

Alle samarbeidde og laga vulkanfjell i sandkassa og etterpå laga vi krateret på toppen av fjellet.




Vi var veldig spent på om det kom til å skje noko når vi hadde nedi blandinga vår. Og vi måtte gå litt unna, for lavaen er veldig, veldig varm!!

Etter ei lita stund kom det lava opp frå krateret på vulkanen vår! Oj, tenk det! No hadde vi samarbeidd og laga vår eigen. Fokusorda våre var magma, lava, krater og vulkan. Seinare såg vi bilde av vulkaner og såg røyken som steig opp frå vulkanen.

(R.pl. « får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover»)

torsdag 22. oktober 2020

Maurane på Grå leikar i trollhola

Tysdag 20.10.2020 var Maurane på Grå avd på tur til Lavoen. Sekken vart pakka med niste og varm saft. Vi kledde på oss gode varme klede og satte kursen mot trollhola som vi har funne der oppe. Kanskje det er her Trollet i boka Sofia og Trollet bur?


Nokre drikke pauser på veg opp måtte vi ha då det er så langt å gå når vi har på oss tjukke klede. ( Det er nok litt tyngre da ;)

Vel oppe i lavvoen satte vi oss ned og åt gode skiver og drakk varm saft som kjøkken Mette hadde "sneke" opp i sekken. Når maten var oppeten var det klart for å sjå om vi fann igjen trollhola. 

Vi gjekk og vi gjekk. Nesten som å gå opp på Mount Everest meinte nokon. 




Etter mykje leik i trollhola, klatring i tre og på steinar gjekk turen til barnehagen igjen og vi fekk varmen i oss inne på avdelinga.
Ein fin tur og ein fin dag for både store og små 😊

søndag 18. oktober 2020

Smoothie - vi blir kjend med frukter dei har i Indonesia ! 🍍

Under lunsjmåltidet på fredag 16.okt hadde barna på Raud avdeling ei samling der dei vart betre kjende med frukter dei har i Indonesia. Helen (Espelid Hovig 😉) viste oss ulike frukter og vi fekk både sjå på, lukte og smake. 

Melon var tung å halde og den var gul. Ananas lukta godt, og hadde hardt skal. Både melon, ananas og mango var gul - appelsin var oransje.


Så delte Helen frukta opp i bitar og hadde den i blenderen saman med litt eplejuice. 
Den laga masse lyd! Nokre måtte halde seg for ørene..


Alle fekk smake smoothie av frukta. Mange syntes den smakte godt!

Ei annleis og kjekk samling. Eit innhaldsrikt lunsjmåltid som auka apetitten til både store og små!  


Måltid og matlaging i barnehagen skal gi barna eit grunnlag for å utvikle matglede og sunne matvanar
(Rammeplan for barnehagen, 2017).

Hvem er jungelens konge?

     Misjonsprosjektet er i gong på Grå.

Grupperommet vårt har blitt til regnskog med både slangar, heimelaga krokodiller, vulkaner og heimelaga palmer og blad. 

Engasjerte barn og vaksne som kosar seg i lag. 
Mykje fin leik i regnskogen vår.

 


lørdag 17. oktober 2020

Refleksdagen 15.oktober

Blå avdeling tok samling i mørket på det lille grupperommet i dag. Ei lita lommelykt (eller hovudlykt) var nok til å lyse opp rommet slik vi såg. Det var utruleg spennande med det vesle lyset!


Borna prøvde å fange lyset, det var ikkje lett. Dei fekk halde handa foran og også styre lyset, men ikkje i augene – det vart for sterkt.

Etterkvart som den spontane nysgjerrigheita ga litt slepp kunne vi rette lyset mot det vi eigentleg skulle snakke om i dag:

Det er jo refleksdagen i dag! Vi såg at lyset vart reflektert tilbake og det såg nesten ut som om refleksvesten lyste. Vi snakka om at det hadde blitt mørkt både om morgonen og kvelden. Vi snakka og om korleis Gud er lys i livet vårt og vi kan reflektere det ved å være god mot kvarandre. 

Det var spennande å bevege seg sjølv og følge dei store skuggefiguarane som bevega seg på veggen.


Vi avslutta med «diskotek» med blinkande lys frå hovudlykta ei lita stund, der sjølvsagt «Hvem er jungelens konge» vart sunge og dansa til.  


onsdag 14. oktober 2020

Tur fram til Gardane

Dei to siste turdagane våre har gruppe 2 på Grøn avdeling gått fram til gardane for å sjå på ulike dyr. Vi har fått helse på to grisar, mange sauer, ein lama, hestar, høner og nokre hanar som gol så vi nesten blei litt redde, men berre nesten 😉. I den eine hønsegarden budde der og ei kanin som vi fekk sjå eit lite glimt av. Og to av hønene hoppa ut av huset sitt og inn til grisane for å smake på gulrøter, brødet og bollane som grisane fekk når vi var der. Kjempespanande å få sjå på alle dyra, mate nokre av dei og kjenne på ulike lukter. Første gongen vi var der fekk vi og klappe på ei høne for då var dama som eig der for å mate dyra sine. Det var stor stas! På vegen måtte vi passe oss for trafikken og stå fint når det kom bil. Og alle saman var kjempeflinke til å gå.













To kjekke turar med ein herleg gjeng 😊