NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 13. oktober 2020

Sakkeus i treet

 Gruppe 1 på Raud avdeling leiker Sakkeus i treet i uteleiken.

Vi har høyrt bibelhistoria om Sakkeus i samlingane våre inne, og mandag tok vi med historia ut.

Det var kvar sin gong å få vere han Sakkeus, og Eva var Jesus.

For å klare å sjå Jesus måtte borna klatre opp i treet vårt på uteområdet – og der såg dei menneska i byen (dei andre borna på benken) og Jesus som stod bak (Eva). Borna fekk klatre så langt dei sjølve meistrar og klatre i tre det er noko vi likar godt. Alle var einig om at oppe i treet såg dei betre, både borna som sat nede på benken og Eva som var Jesus.

Sakkeus var jammen lur som klatra opp i morbærtreet for å få sjå Jesus!

Jesus vinka og sa at Sakkeus måtte kome ned, han ville helse på Sakkeus og vere venen hans. Då klatra borna ned igjen frå treet og gjekk fram til Jesus og helsa på han.

Så song vi songen om Sakkeus.


Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling.

Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadene og behova til barna (Rammeplan for barnehagen, 2017).

Gjennom å ta med tema inn i leiken og interessa til borna som å klatre i tre, følgjer vi opp det som Rammeplan seier.