NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 26. februar 2021

Grå tek "Små steg for kloden" 🖤

Tysdag 23.februar gjekk vi frå GRÅ avdeling på tur til Gurineset. Vi pakka sekken med kakao og niste og gjekk ut av barnehagen. Det første vi møtte var glatte vegar, og langs vegen låg det MASSE brun bæsj!! Kven har bæsja på vegen? Barna var kjappe i  svaret sitt; det var hunder som hadde vore på tur og bæsja. Me var enige om at det er VELDIG dumt at eigarane ikkje plukkar opp etter hunden sin.. Vi fortsatte å gå og hundebæsjen fortsatte å dukke opp langs veikanten..

Plutselig stoppa heile rekka med barn opp..

Rammeplanen sier dette om natur og miljø:

Frå Kapittel 1 - Barnehagen sitt verdigrunnlag

"Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn."

"Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida."

"Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen."

Frå Kapittel 9 - Natur, miljø og teknologi

"Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna 
får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen."


På bakken låg det ein tom kjekspakke, vi fant fram ein pose og putta den tomme kjekspakken nedi. Vi fortsatte å gå og såg noko som låg på andre sida av vegen og der låg eit kaffi/isbeger i plastikk, dette putta vi også opp i posen vår. 


Vel nede i Gurineset plukka vi mer plastikk. Det var tydelig at det var nokon som ikke hadde tatt med seg bosset sitt heim etter å ha grilla.



Samtalen på turen gjekk fra å dreie seg om kva som har skjedd ute no når det har vorte så mildt til kva som skjer med jordkloda vår når vi finn boss strødd rundt oss ute. 


Etter leik og utforsking av isen som smelter på vatnet gjekk vi opp igjen i barnehagen, der kasta vi den fulle posen vi hadde med boss.

Denne gjengen med flinke barn har i dag tatt eit lite steg for kloden for kloden.
https://www.fagforbundet.no/nyheter/a/11717/barnehagedagen-2021-sma-steg-for-kloden/
Vel inne vaska vi leiker og nobba. Ein fin og lærerik dag. 😊

tirsdag 23. februar 2021

Bartimeus ❤️

 
Gruppe 2 på Raud avdeling har denne veka repetert historia om Bartimeus. Vi brukte bilete som barna kunne halde og sjå på. 


Vi snakka om kva ansiktsuttrykk vi såg - at nokon smilte, andre såg sur ut. Bartimeus var litt lei seg, men etter at han fekk hjelp av Jesus blei han glad. 


Men kva fargar tenker vi på når vi ser Bartimeus? Etter å ha studert det store bilete av han på veggen så blei det sagt: Blå som kjortel, Brun som jakka si og Raud som ansiktet når han ropte så høgt. 




Fargane brukte vi til å male. Vi skal nemleg lage han Bartimeus. Dokke får vente i spenning på resultatet :) 



fredag 19. februar 2021

Tur i sola ❤️

Tysdag var Raud avdeling på gåtur i sola 🌞


Under turen såg vi is som var frose på utsida av bygget. Vi gjekk oss ei lita runde før vi måtte tilbake til barnehagen. 


Når vi kom tilbake til barnehagen fann vi ut at vi skulle gå trappa frå personalinngangen. Kjekt med trappetrening. 👍  

mandag 15. februar 2021

Buorre beaivi! ❤️ (Samiske veker på Raud avdeling)

06. februar er datoen samane feirer nasjonaldagen sin. Markeringa av nasjonaldagen er ei flott anledning til å tilrettelegge for at barna får eit møte med den samiske kulturen. På Raud avdeling hadde vi ulike aktivitetar og samlingar for å variere innhaldet. Vi samanlikna flagga, såg på dei flotte draktene, og høyrte om fargane – og deira betyding. Vi tok igjen fargane i alt vi laga under formingsaktivitet. Eva hadde blant anna ein formingsaktivitet der borna fekk lage lavvo i fargane RAUD, BLÅ, GRØN og GUL.





Lavvo, bål, reinsdyret si betyding for samane var noko av det vi snakka om under samlingane. 


Vi såg på bilete, hadde figurar og "laga bål". Gro hadde med seg reinsdyrskjøtt som vi smakte på, og reinsdyrskinn. Skal sei det var mange av oss som var full av reinsdyrhår i fleire dagar, for det var så deilig å sitte/ligge på. Linda hadde sko som var laga av reinsdyrskinn, akkurat som samane brukar. Dei brukar ho ute no om vinteren for dei varma så godt!

Vi hadde samlingar der vi blei kjent med ulike forteljingar. Anette fortalte om «Villrein og tamrein», der vi undra og snakke om korleis vi skal snakke til og behandle dyr og andre menneske. Vi brukte konkretar, såg film og tok det vidare med i leiken. 

Nordlyset og reinsdyr blei fort det barna ville høyre meir om og brukte i leiken. Så vi valte å halde på det fokuset vidare. 


Då vi skulle ha avslutning for samiske veker valte vi å ha ein fest på avdelinga, og i den anledning laga vi oss kroner. Helen hadde samla saman mange små bilete av ulike ting som ein forbinder med samane sin kultur. Desse blei brukt til å pynte krona. Borna fekk velje dei bileta dei ville ha sjølv. Her var det både ulike klesplagg, nordlyset, reinsdyr, lavvo, samiske festkoftar og liknande.  Samane har på seg kofte/samedrakt og vakre luer når de blant anna markerer festdagar, på same måte som mange av oss her på Vatne har på bunad eller festdrakt. Så det var kjekt for oss å lage noko vi kunne pynte oss med til festen.

På festdagen kom borna og personalet kledd i samiske fargane, det blei delt ut ballongar, og vi tok på oss kronene. Etter vi hadde mala reinsdyr blei  avdelinga fylt med joik og samisk musikk. «Bæ, bæ lille lam» på samisk var veldig populær! Vi dansa og leika oss fram til mat. 


Til maten fekk vi servert GULE vaflar, BLÅbær, GRØNE druar og RAUD saft. Takk til Mette på kjøkkenet! 

fredag 12. februar 2021

BLÅ AKEDAG 💙

Blå avdeling hadde ein fin fellesdag ute på onsdag 😊

Vi har starta å trene på å gå i tau inne på barnehageområdet, slik det skal være trygt når vi går ut på lengre turar. Dei har allereie blitt flinke!

Vi gjekk til gapahuken og den kjekke akebakken på baksida av barnehagen. 😊

Det var kjekt å utforske nye leiker på eit nytt område!

Nokon fann til og med eit lite hus!

Det er ikkje berre spøk å komme seg opp dei bratte bakkane, men vi klarer sjølv! 💙

Premien var å ake ned igjen. 😊

Det var visst god plass på både fang og rompeakebrett…

Det var gøy å sile på magen! Fekk kjempefart i «isrenna».


torsdag 11. februar 2021

Bokvennar 💚

På Grøn avdeling vi har «Bokbad» som tema denne perioda og vi har spesielt fokus på forteljinga om «Geitekillingen som kunne telje til ti». Men vi vil også at barna skal lære korleis vi behandlar bøker.

Når vi på gruppe 1 skulle ha samling på onsdag, stilte vi oss opp på ei lang rekke. Den som stod fremst og var nummer ein var geitekillingen, nummer to var kalven, nummer tre var kua og nummer fire var oksen, nummer fem var hesten, nummer seks var grisen, nummer sju var katten, nummer åtte var hunden, nummer ni var sauen og nummer ti var hanen. 

På døra stod talet 1 og når vi las bak stod det at vi skulle gå til barnehagen sitt bibliotek.

Vi gjekk i ei lang rekke til biblioteket.

På døra til biblioteket stod det ein ny lapp, den måtte vi lese. Der stod det at alle skulle finne seg ei fin bok frå kassa å lese i. 


Vi vart delt i to. Nokre skulle setje seg på madrassa, dei såg i kassa for å finne seg ei bok.


Alle fann seg ei bok. Men – alle bøkene var øydelagd. Enten så mangla dei sider eller sidene var lause eller dei var revne.  Nokre var delt i to eller den hadde berre permen. Desse bøkene var ikkje noko kjekke å lese, dei ville vi ikkje ha!

Den andre gruppa skulle setje seg ved bordet og pusle. Jippi!! Vi er kjempeglade i å pusle. Men – der var ingen bilde på brikkene!



Vi var ganske forskrekka alle saman! Vi snakka om korleis ein skal behandle bøker og puslespel. At det er laga av papir og at ein må bla forsiktig og passe på dei. At bøkene høyrer til i bokhylla, når vi ikkje les i dei. Og at vi ikkje treng å ta mange bøker, men ta ei bok, lese den og så setje den i hylla igjen før vi tek neste bok. 

Når vi kom innatt på avdelinga delte vi oss i to. Då laga den eine gruppa seg bøker. Vi snakka om papir og kor lett det er å rive og at vi må vere forsiktig med dei. Og kor kjedeleg det er å lese øydelagte bøker og spele øydelagde spel. Den andre gruppa høyrde historia om Geitekillingen, fortalt i mørket. Det var berre stjerner og måne som lyste i  taket (marihønelampe), medan vi låg på madrassene og lytta.

Etterpå fekk alle «Bokvenn-medalje». Det vil sei at vi skal passe på bøkene, slik dei ikkje blir øydelagt og setje dei i på plass når vi er ferdig med dei.

Gjett om det var stolte «Bokvenner»!!


onsdag 10. februar 2021

Treng barnet ditt Barnehageplass frå hausten 2021?

  • Velkomen til å søkje barnehageplass på Tryggheim barnehage, Vatne
  • Vi har 5 avdelingar + felleskjøkken med eigen Kjøkkenansvarleg  som ordnar god mat til oss og tek oppvasken. Dette gjer at personalet på avdelingane har meir tid til barna.
  • Vi ligg mitt i sentrum av Vatnebygda, og har kort veg til fjøra, fjellet og Vatnevatnet.


Visjonen til barnehagen vår er:
SAMMEN OM Å SETTE VERDIFULLE SPOR

• I Tryggheim barnehage, Vatne skal alle få oppleve ubetinga kjærleik 
• I Tryggheim barnehage, Vatne skal alle vite at dei er skapt av Gud og 
  kjenne at dei er unike og verdifulle 
• Med Jesus som førebilete skal vi møte alle med respekt og toleranse 




Vi brukar dei flotte nærområda våre til alle årstider.


Barnehagen har utvida Kristen formålsparagraf.
Det er spennande å lære om alle dyra som fekk plass i Noahs ark.


Vi har ulike tema gjennom barnehageåret. 
Her leitar vi etter ulike ting i naturen.


  • Kven har rett til barnehageplass?
    • Rett til barnehageplass gjeld i kommunen der barnet bur.  
    • Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i perioden januar- august har rett til plass i august det året dei fyller eitt år.  
    • Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i september, oktober eller november har rett til barnehageplass innan utgangen av den månaden dei fyller eitt år.  
    • Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i desember har rett til barnehageplass førstkommande august etter at dei har fylt eitt år.  
    • Eldre barn utan barnehageplass har rett til plass i august.  
    • Du kan søke om barnehageplass utan at barnet bur i Ålesund, men barnet må ha bustadadresse i Ålesund ved oppstart.  

  • Nytt barnehageår byrjar 1.august. Om du ynskjer barnehageplass barnehageåret 2021-2022 må du søke innan 1. mars.   

  • Vi gir deg svar på søknaden i slutten av mars eller starten av april. Då får du ein frist for å takke ja til tilbodet. 



Ynskjer du å søkje barnehageplass?


Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt på 96948829 eller på e-post tryggheim.vatne@nlmbhg.no

fredag 5. februar 2021

Lavvo på Gul avdeling 💛

Sameveka har starta på Gul, denne veka skal vi få høyre om samane, reinsdyr og vi har bygd oss ein stor lavvo med plass til nesten alle💛

              

Tirsdagen hadde vi samesamling med samisk barnesang: bæ bæ lillelam, joik, vi spelte på tromme (runebomme) og fekk sjå på reinsdyr og samar! 

Lavvoen falt i smak, og har no blitt dekorert med lys og fargelagde reinsdyr! 

Det er kjekt å lære om samane, det kjem eit lite smil frå dei fleste, men vi skal vere ærlig å seie at samisk, det forstår vi ikkje... Men dei vaksne kan visst ein felles joik! Til beskjedne og flaue smil og blikk frå barna! 😂 

(Gul avdeling veke 5)