NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 27. mars 2019

UNDRETUR PÅ EIN HEILT VANLEG FREDAG!


Fredag 23. mars 2019 gjekk vi oss ein tur på føremiddagen. 
Det skulle bli masse vind i dag, men det skulle kome seinare. 




Vi såg på blad som var komne som små «musøyre», løvetannblad, snøklokke, gåsunger, hestehov og mange andre vårteikn.



Vi gjekk ned til småbåthamna, der var det kjempestor flo, nådde nesten opp til kanten. Det var ein mann som kom frå sjøen, han hadde sett noko som heitte trollgarn og han hadde fått mange ulike fiskar.



Steinbit med skumle tenner, ein lyr, ei lita flyndre som han kasta ut igjen og ein bitte liten fisk som skulle bli til kattemat!! Spennande!

mandag 25. mars 2019

Palmesøndag

Grå avdeling markerer Palmesøndag.


Vi har brukt ulikt og kjent materiell frå avdelinga og
laga påskelandskap for temaet som er Palmesøndag.

Vi øver og på sangen "Gleden bobler Kongen kommer".
 Mål utifrå rammeplan:
Bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker,
sanger, bilder og uttrykksformer.

torsdag 21. mars 2019

FRUKTFEST!!

SJÅ KVA VI FEKK MED 
REMA PÅ DIGERNESET:


PÅ BARNEHAGEDAGEN HADDE DEI EIN KONKURANSE DER EIN KUNNE NOMINERE EIN BARNEHAGE SOM SKULLE FÅ 
10 KORGER MED FRUKT 😊

...........................

DET VAR VELDIG MANGE ULIKE BARNEHAGAR SOM VART NOMINERT, MEN VI PÅ TRYGGHEIM BARNEHAGE VATNE VART DEI HELDIGE SOM FEKK HA FRUKTFEST.


TUSEN TAKK TIL KJØPMANN TORE FRÅ REMA DIGERNES SOM KOM MED ALL DEN GODE FRUKTA TIL OSS!!

fredag 15. mars 2019

Harane på tur til Stall Nedrevold


I dag ville vi så gjerne ta turen fram for å sjå på hestane. Snille kjøkken Linda gav oss gulrot som vi kunne gi til hestane. Sola skin og det er så fint ute no. Mange ulike frø har ramla frå trea og ned på vegen, dei må vi kike på.


Når vi kjem fram til stallen så er det ei kjekke dame, ei mamma frå barnehagen, som skal gi ponnien sin mat. Den måtte få små biter av eple då den hadde litt dårlege tenner. Vi fekk sjå tennene, og kom fram til at det er viktig å pusse godt tennene våra. 


Vi fekk kose litt med Finnbeck medan han åt epla sine, og vi fekk sjå korleis det såg ut under foten hans – under hoven.


Vi tok med oss gulrøtene som vi hadde i sekken og gav dei til nokre andre, litt større hestar. To av dei hadde baby i magen. Så fekk vi hjelpe til å dele ut litt frukt til hestane. 


                                                                                                                                  
                              

Medan vi åt lunsjen vår, kom det to kjekke jenter med hestane sine forbi der vi satt. Heldigvis hadde vi to gulrøter igjen, så dei fekk kvar sin. Den eine hadde på seg eit slags teppe. Dekken heiter det. Han hadde lang kul lugg. Og den andre hadde så fint namn, Maksimus, det same som den heite i filmen «To på rømmen».


Før vi gjekk frå stallen måtte vi sjå til hønene. Dei hadde ropt litt medan vi åt mat, så vi måtte sjekke at dei ikkje krangla. Når vi snakka til hønene så blei dei heilt stille, og når vi blei stille så snakka hønene.





På veg heim såg vi fleire vårteikn. Nydelige blomar!!

For ein fantastisk slutt på veka J



torsdag 14. mars 2019

Vi undrar oss litt kvar dag på Raud avd

I dag har vi undra oss igjen på raud avdeling. Kva farge har eigentleg vatnet? 


 

 

Kvifor blir vatnet kvitt opp i koppen vår, medan det er blått opp i flaska? 

 

Vi slår det "blåe" vatnet  over på den kvite koppen. Kva skjer? 
Hm...Det blåe vatnet vart kvitt!!  Hæ??? DET var rart det!! 

onsdag 13. mars 2019

Kule gule på eventyrstund i Gurinesen


Vi er så heldig å ha Albertine saman med oss som praksisstudent frå Dronning Mauds minne i Trondheim. Ho er godt i gong med å lede eit utviklingsarbeid som omhandlar språkstimuli i barnehagen. Ho vil gjere dei tilsette meir bevisst i samspel med barna, og legge til rette for gode stunder der det er fokus på lesing, fortellarstunder og dei gode dialogane mellom vaksne og barn. Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver (2017) seier at alle  barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen. Denne gongen valte vi å legge opp til ei fortellerstund på tur. Tidleg morgon gjorde vi oss klar og satt kursen mot grindløa i Gurinesen. Det var svært glatt, men vi kom oss trygt fram. Godt å trene småfotane over marka full i snø.


Godt plassert i grindløa starta fortellerstunda om skinnvotten og dyra som flytta inn i den. Musa kom pipandes inn i votten, frosken kom hoppande, reven lurte seg inn med den lange halen, ulven ulte seg inn, villsvinet grynta, haren kom hoppandes og bjørnen var så trøytt og fant ein god varm vott å kvile seg i. Nokre hadde stor utforskartrong rundt grindløa, enkelte hadde veldig lyst å få halde dyra og andre satt å følgde spent med. Vi vil bruke denne fortellinga fleire gongar, så får borna bli kjent med dyra og fortellinga. Spennande å ta dei i bruk på tur! 
                              

Eg lurer på.... Blå avd

På Blå avdeling undra vi oss saman med barna både ute og inne... 

Dei borna som var ute laga softis ved å blande mjølk, fløte, sukker og vaniljesukker i ein pose, før dei putta blandinga i ein ny pose med snø og salt. Deretter rista vi posen godt i nokre minutt, og vipps så fekk borna smake sin eigen heimelaga softis. 


Gruppa inne la Skittles på eit fat og helte varmt vatn på. Etter kvart som vatnet mjuka opp dropsa rann fargen i eit fint mønster utover fatet. 



Dei undra seg også over dansande rosiner i eit gjennomsiktig målebeger. Farris gjorde at rosinene dansa opp og ned. 

Eg lurer på.... Barnehagedagen på Raud avdeling

På Raud avdeling markerte vi Barnehagedagen med spanande 
aktivitetar i går. 
Temaet "eg lurer på" passer godt til 2-3 åringar som spør og 
lurer på det meste! 







Ei gruppe på avdelinga samarbeida heile formiddagen 
med å lage spanande "sanseflasker", til avdelinga. Vi fylte flaskene 
med vatten og babyolje. 
Så fikk alle borna fylle på med både glitter, perler og 
konditorfarge. 

                          


Dei vart så fine! Og det var spanande å sjå på dei rare boblene 
og perlene som dansa opp og ned når vi snudde og rista på flaskene! 



tirsdag 12. mars 2019

"Eg lurer på.... " Barnehagedagen 2019

Barnehagedagen 2019 vert markert over heile landet 12.mars.

Barna lærer om verda rundt seg ved å være nysgjerrige, spørje og undre seg. 
Det er difor viktig at leiken får stor plass i barnehagen. Personalet må legge til rette for skapande aktivitetar som gir rom for å utforske på mange ulike område.


Vi på Grå og Grøn avdeling hadde fire stasjonar med eksperiment inne som vi fekk sjå og prøve.

Magisk teikning:
Teikne på eit fat og ha vatn på.
Kva skjer då? Hmm.. Forsvinn tusjen når oss har vatn på?


Teikninga løyste seg frå fatet og dansa.


Spennande å sjå:)

Lavalampe: 
Korleis kan vi lage lavalampe og kva skjer når vi har dei ulike ingrediensane i olje? Vi undra oss over det.





Trylle fram regnbogen:
Lage regnbogefargar på eit fat ved hjelp av Skittles drops og varmevatn.





Dansande rosiner:
Kan verkeleg rosinene danse om vi puttar dei oppi eit glas med kolsyrevatn? Kva skjer om det er vanleg vatn? Vi fekk sjå at rosinene dansa berre om dei fekk vere oppi vatnet med kolsyre. Om vi tømte vanlig vatn oppi, då sank dei berre og ville ikkje danse.



Vulkan:
Vi hadde også eit eksperiment ute. Alle satt spente inni gapahuken når vi skulle lage vulkan.


Går det an å lage vulkan av godteri og cola? Ja, det fekk vi testa ut. 


Det spruta ut cola når vi putta masse mentos oppi. Masse av colaen for ut av flaska. Spennande:)
.................................................................................................................
Det er Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalget for barnehager (FUB) som står bak Barnehagedagen.
I 2019 vert denne dagen markert for 15 gang.
Tema er barn si nysgjerrighet og undring, med slagordet: "Eg lurer på..."