NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua - Revegruppa og Haregruppa

* Bikuba - Klatremusgruppa og Skogmusgruppa

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

torsdag 25. september 2014

Kven har skapt alle blomane?


Kven har skapt alle blomane, 
blomane, blomane? 
Kven har skapt alle blomane? 
Vår Gud i himmelen. 


Kven har skapt alle fuglane, 
fuglane, fuglane? 
Kven har skapt alle fuglane? 
Vår Gud i himmelen.

Kven har skapt alle stjernene, 
stjernene, stjernene? 
Kven har skapt alle stjernene? 
Vår Gud i himmelen. 




Kven har skapt både deg og meg, 
deg og meg, deg og meg? 
Kven har skapt både deg og meg? 
Vår Gud i himmelen. 




Kven har skapt alle blomane, 
fuglane, stjernene? 
Kven har skapt både deg og meg? 
Vår Gud i himmelen. 




onsdag 24. september 2014

Revane på hausttur til lavvoen 22. sept 2014

I dag såg vi tydeleg at naturen held på å førebu seg til vinteren. Mange av blada skifta farge og dett ned på bakken, soppane titter fram over alt. Vi skulle finne svarte og brune skogssneglar, men dei var nesten heilt borte. Dei vaksne skogssneglane døyr om hausten. Sneglen legg egg som klekkast ut om hausten. Vi såg nokre små snegleungar som var heilt lys på farge, - dei skal overvintre i skogen. 



I skogen er det fullt av vissent lauv som meitemarken og dei andre småkrypa kosar seg med. Nøtter fann vi også på bakken. Nokre hadde ekorna og musene kosa seg med. 


Gaukesyra var fortsatt like god. Blada likna på eit hjarte!!



Langt oppe i Hakkebakkeskogen er det mange revehi! Alle måtte gå veldig forsiktig på dei store steinane. Der var huler og tunnellar som vi kunne krype gjennom. Vi kosa oss med mat og kakao i lavvoen. Medan vi åt høyrde vi eventyret om «Froskekongen».

Alltid spennande i Hakkebakkeskogen! Vi fann ein gapahuk innimellom trea. Der skal vi ete maten vår ein annan gong!


lørdag 20. september 2014

BRANNVERNVEKE (veke 38)

Denne veka har vi vore med på Den nasjonale brannvernveka. Då hadde vi samlingane våra på morgonmøta. Der hadde vi fokus på kva vi skal gjere på Maurtua viss det blir brann, hatt besøk av brannbilen og hatt brannøving. Vi har snakka om kva ein brannvarslar er og korleis den høyrest ut. Når brannalarmen går må ingen må gøyme seg eller hente noko, alle må springe rett ut til «vennedissa» og svare «JA» i full fart når den vaksne har opprop. 

Vi hadde brannøving torsdag og alle var kjempeflinke, ingen som tenkte på om dei hadde tøfler eller ikkje! 

Vi har prøvd å skape tryggheit og ro rundt temaet, men vi vil at alle skal vite kva dei skal gjere når brannalarmen går!!


Vi har også lært oss ein Brannvernsang med vår eigen vri:

NÅR DET BRENNER, NÅR DET BRENNER:
KVA GJER VI DÅ? KVA GJER VI DÅ?
VI SPRING TIL VENNEDISSA, VI SPRING TIL VENNEDISSA
OG STÅR I LAG, OG STÅR I LAG.

NÅR DET BRENNER, NÅR DET BRENNER:
KVA GJER VI DÅ? KVA GJER VI DÅ?
VI RINGER BRANNSTASJONEN.
VI RINGER BRANNSTASJONEN:
1-1-0,    1-1-0!


(Mel: Fader Jakob)









Takk til Haram brannvesen som også i år stilte opp!
---------------------------------------------------------------------------

(Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet.
For å arbeide i retning av desse måla må personalet gi barna meiningsfylte møte med personar, 
arbeidsplassar og institusjonar i nærmiljøet og sørgje for at barna får bearbeide 
og utdjupe opplevingane.) 

- Rammeplanen 2011 -
.............................................
ALLE AVDELINGANE I BARNEHAGEN HAR HATT BRANNVERNVEKE NO I VEKE 38 
OG LÆRT OM BRANNVERN UTIFRÅ SIN ALDER/MODNINGSNIVÅ. 

onsdag 10. september 2014

REVANE PÅ «PANNEKAKETUR» PÅ ULSTADSETRA 8. SEPT 2014

Mål for turen:

o   Lage mat ute (pannekaker)
o   Finne rognebærtre og hasseltre på vegen.
o   Bruke kroppen i ulendt terreng.


Det var ein gong 11 små og 2 store Rever som skulle på Ulstadsetra for å steike pannekaker. Det var ein kjempefin haustdag! Det var til og med ein Revegut som hadde bursdag akkurat denne dagen! J Alle revane var kjempeflinke til å gå på fjellet, men då vi kom opp til ei stor bru vart alle så svoltne at då måtte vi ta fram steikepanne, gassbluss og pannekakerøre. Vi steikte den eine pannekaka etter den andre, og Revane åt og åt. Det smakte visst kjempegodt med pannekaker og jordbærsylte! Etter at vi var ferdig med maten fekk Revane superkrefter, og alle hadde lyst til at vi skulle gå vidare heilt opp til postkassa på Ulstadsetra. Der skreiv alle saman namna sine i ei bok, og så leika vi oss på setra.  Vi las eventyret om «Pannekaka som trilla». Det var eit spennande eventyr med mange rim og tøyseord. Vi er ein super Revegjeng! Gler oss til nye eventyr!

Den flotte Vatnebygda frå Vassverkhuset.


  Mange svoltne Revar som kosar seg med pannekaker J J



Vi fann både rogn og hassel på vegen opp til setra.



Kanskje vi går tur den vegen neste gong?

tirsdag 9. september 2014

Turdag med fiskestang

Måndag gjekk turen til fjørå for Harane.  
Vi tok med fiskestang, med mål om å få fisk til middagen vår.

 Her gjer vi klart snøret til første kast.

Det var spennande å sveive inn. Tenk om vi kunne få fisk.
Og endeleg fekk vi den første fisken. Ein STOOOOOR makrell !

Sidan bålforbodet ikkje vert oppheva før 15. september, 
måtte vi attende til barnehagen for å tilberede middagen.




Vi fekk ei kjekk avslutning på dagen. 

Takk til dei som «lånte» oss plassen.

fredag 5. september 2014

OFFISIELL OPNING AV TORILL-GATA VÅR

Torsdag 4. september ønska Maurtua velkommen til offisiell opning av «Torill-gata».

Torill Ulvestad som jobba med oss for ei stund sidan kom med den kjempegode ideen om å lage/måle gate på leveggen. Etter at ho dessverre døydde, - fullførte vi verket. 
Merethe Morland har satt ideen ut i livet, - og vips så vart «Torill-gata» til.








Den flotta gata innbyr til mykje god rolleleik. Her er det både kafé, politi, verkstad, bensinstasjon, hestestall, taxistasjon m.m. 
På denne opninga oppmoda vi dei største til å hjelpe og vere saman med dei minste barna i barnehagen. Målet vårt er vennskap og samarbeid på tvers av barnegruppene. 
Revegruppa (dei største barna) var med på å planlegge korleis opninga skulle gjennomførast.



Det såg ut som små og store kosa seg!