Torsdag 4. september ønska
Maurtua velkommen til offisiell opning av «Torill-gata».
Torill Ulvestad som
jobba med oss for ei stund sidan kom med den kjempegode ideen om å lage/måle
gate på leveggen. Etter at ho dessverre døydde, - fullførte vi verket.
Merethe
Morland har satt ideen ut i livet, - og vips så vart «Torill-gata» til.
Den flotta gata innbyr til mykje god rolleleik.
Her er det både kafé, politi, verkstad, bensinstasjon, hestestall, taxistasjon
m.m.
På denne opninga oppmoda vi dei største til å hjelpe og vere saman med dei
minste barna i barnehagen. Målet vårt er vennskap og samarbeid på
tvers av barnegruppene.
Revegruppa (dei største barna) var med på å planlegge
korleis opninga skulle gjennomførast.
Det såg ut som små og store kosa seg!