NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua

* Bikuba

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

fredag 27. mai 2016

SKOGMUSENE PÅ SKOGSTUR


Onsdag 25.05 gjekk dei spreke Skogmusene på tur oppover mot Hovsetsætra. Vi gjekk over stokk og stein, mo og myr og over ein bekk… 

Det var mange utfordringar og mykje spennande å sjå og oppleve langs  stien oppover lia. Vi leita etter insekt, snakka om fuglar, blomster og song «Jeg gikk en tur på stien». Gauken høyrde vi dessverre ikkje. Det var berre Haregruppa som gol ko-ko! Dei var litt høgare oppe enn oss. 

Turen starta med at vi fann ein sommarfugl med skada vinge. Då vi åt maten vår oppdaga vi ei lita maurtua. Maurane jobba flittig, og fekk det travelt med å gøyme egga sine når vi kom og forstyrra dei. Mykje undring og fin leik! 




 




                              


Veldig spennande med elv og vatn! Alle fann seg fiskestenger. 





lørdag 21. mai 2016

Potetsetjing og såing av frø

Borna er blitt flinke til å samarbeide.  På fredag 20.mai samarbeidde Skogmusene og Harane om å så frø og setje poteter. Vi laga til ein binge der vi skulle så frøa. Barna måtte spa og trille jord med trillebåre frå den gamle grønnsakshagen vår. Randi laga hol i svarte, store plastkrukker som vi skulle setje poteter i. Mange ivrige hender! 
No ventar vi spent på om det kjem til å vekse sukkererter, reddik, gulrot og 
potet i barnehagen!












                                                                           
             

fredag 13. mai 2016

Mini 17. mai

Hipp hipp hurra!

I dag har vi gått i 17.mai tog her i barnehagen. Vi starta toget klokka 10.00.

 Vi hadde med oss høgtalar, så vi fekk spelt musikk medan vi gjekk.
 Barna sang og ropte høgt hurra, og vifta ivrig med flagga. 

Første stopp var hos Nøtteliten. Der sang vi blant anna «Ja, vi elsker», «Alle fugler» og «Jeg gikk en tur på stien». Barna på Nøtteliten fulgte nøye med frå vinduet. Kjempespennande!
Toget gjekk så vidare til Sukk, der vi stoppa og sang eit par sangar.  
Deretter inn på Joker, og avslutta runda vår på Solbakken. 
Der sang bebuerane med, og var overlykkelige for besøket. 
Vi var heldige å ha veret med oss. 
Vi slapp både regn- og snøbyger på turen.
Seinare på dagen vart det 17.mai mat. Med både pølse med brød og gele.

Hipp hurra for 17.mai 

og det flotte landet vårt!








Nøtteliten feirar mini 17.mai.


I dag har vi feira mini 17.mai på Nøtteliten. Vi feira nede med oss sjølve, og med rungende korpsmusikk gikk vi i tog inne på avdelinga. 


HIPP-HIPP-HURRA!


Som seg hør og bør på ein mini 17.mai feira vi med pølser og is.



torsdag 12. mai 2016

17.mai førebuing med Humlene.



No er vi i full i gang med å førebu oss til 17.mai!


Onsdag hadde vi samling om flagget vårt, kongefamilien, kvifor vi feirar 17.mai og ulike uttrykk som høyrer vår og mai til.



Vi øvde på songar og ropte hipp-hipp hurra!
Vi lagde også flagg av krepp papir, mykje arbeid med å rulle papir og lime på arket.



Dei vart veldig fine!

mandag 9. mai 2016

TUR TIL RAVNFLOGET 9. MAI 2016

Førskulegruppa har i dag vore heilt til topps på Ravnfloget!

Vi gjekk først opp til Ravn stadion.


Der fann vi ei stor marihøne på fotballbana.


Vi fylte på flaskene våre og etterpå bar det oppover og oppover….


Revane er flinke til å vente på kvarandre og passar på at alle er med.


Vi tok matpause då vi kom til den første benken.


Lenger oppe kunne vi sjå barnehagen vår i det fjerne.


På toppen skreiv vi oss inn i boka...


 og tok ein velfortent pust i bakken med premie!


HALLO! VI SER HEILE NORGE!! 

var kommentaren då vi nådde toppen. 

Ein fantastisk tur med flotte førskulebarn!!

fredag 6. mai 2016

Trafikkvennen Tarkus

Harane har i april gått gjennom eit opplegg utarbeidd av Trygg Trafikk.  Det er viktig at barna utviklar god kunnskap, dugleik og haldningar og vi har tatt utgangspunkt i det nære og kjente.

Barna har vorte kjent med trafikkvennen Tarkus, han har lært oss om korleis vi skal ferdast i trafikken. 

                                 
"NÅ SKAL DU MØTE
EN HYGGELIG FYR,
HER KOMMER TARKUS
ET BILBELTEDYR.
TARKUS ER TØFF OG
HAR SKJOLD PÅ SIN RYGG.
I BIL HAR HAN BELTE,
FOR DA ER HAN TRYGG."





Gjennom Tarkus har vi m.a. fortalt, brukt plansjer, konkreter, sang, Kims leik, dramatisert, hatt ulike formingsaktivitetar og lest bøker om Tarkus og vennane hans.



Ulike tema vi har tatt opp er:
·       Å sjå og høyre når vi er ute i trafikken.                            
·       Bilbelte
·       Refleks
·       Sykkelhjelm





Tarkus er eit beltedyr, ein niringa armadillo. Beltedyra er skumringsdyr og er ofte trøytt om dagen, no når han er på besøk i barnehagen ligg han og søv i ei seng, når han ikkje er i lag med oss. Vi listar oss veldig stilt ut, hentar han og ber han forsiktig inn på avdelinga.



Når han vaknar, helser han på alle saman og han får mange gode kosar. 




Tarkus bur i Tarkustreet i lag med vennane sine;  Flaggi-Lise, Musedyret og kameleonen Leon. Det er ikkje så langt frå barnehagen eller der oss bur!!


Tarkus fortalde kor viktig det er å bruke sykkelhjelm. Han seier at vi kan tenke på hovudet vårt er som eit egg. Vi slepte ned eit egg og såg at det knuste. Medan når vi hadde ein hjelm utanpå eit egg, så var det like heilt!! Oj, oj.






Når vi er ferdig med samlinga, er ofte Tarkus ganske trøytt, vi syng avsluttningssangen og legg han forsiktig opp i senga etter at alle har gitt han ein god kos.


Avsluttningssang for Tarkus:

 «Bysanlulle, bysanlull,                                                                                                 du skal sove nå,                                                                                                                 snille Tarkus, god som gull,                                                                                             vi skal passe på på.                                                                                                           Tarkus hvisker: «Tusen takk,                                                                                           jeg er nokså  trett.»                                                                                                           Tarkus sovner i sin seng,                                                                                                 glad og god og mett.


Når vi i barnehagen er på tur brukar vi alltid refleksvestar, både barn og vaksne. Då vil vi også praktisere det Tarkus har lært oss i samlingane!

I juni vil Tarkus kome tilbake på besøk når vi skal ha trafikkveke.


Har du lyst til å vite meir om Tarkus kan du gå inn på: http://www.tryggtrafikk.no/tema/barnehage/tarkus/