NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 4. mai 2016

TO KJEKKE DAGAR SAMAN MED FRISKUSGRUPPA FRÅ TRYGGHEIM BRATTVÅG

Måndag var det Friskus gruppa frå Brattvåg sin tur til å kome på besøk til Revane. Vi hadde ein kjekk dag i Gurineset med Rebusløp og repetisjon med tema vi har jobba med no i vår.  Vi delte oss inn i blanda grupper, dette for å verte betre kjend med kvarandre.



Ein flott gjeng med førskulebarn! 


Tysdag tok vi bussen saman til Vestheim, NLM sin leirstad, på Vestnes.
Vi «tok fly» til Kina, Etiopia og Bolivia.
I dei ulike landa fekk vi smake, lukte og høyre om korleis dei har det der.


Hege, som av og til besøker oss på barnehagen, 
fortalte om at ho hadde vore misjonær i Kina. 
Der fekk ho vere med å fortelle dei om at Jesus er glad i alle i heile verda.



Vi fekk prøve ulike kle og møte skumle slangar og dyr.


Vi fekk møte Siri og Linkus.




Her får vi utdelt sertifikat for god innsats under sporløpet.


Etter ein innhaldsrik dag saman med Friskusane frå Brattvåg og andre barnehagar, bar det på heimveg full av nye opplevingar!