NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 27. juli 2020

Barne - og ungdomsarbeidar (Stilling ledig)


BARNE- OG UNGDOMSARBEIDAR
80-100% engasjement stilling for barnehageåret 2020-2021
(oppstart etter avtale, men seinast 31.aug 2020)

Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg.

Visjon: «Sammen om å sette verdifulle spor»

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

·        Vi søkjer etter ansvarsmedvitne, aktive og engasjerte fagarbeidarar. I tillegg til godkjent fagbrev vil praksis frå arbeidsfeltet, stabilitet og faglege/personlege eigenskapar verte vektlagde. Erfaring frå tenesteområdet og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande utdanning.
·        Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har.

Du må:
·         vere ein nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
·         ha god kommunikasjons- og formidlingsevne
·         vere relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
·         ha evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
·         ha svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (Udir sine krav)

Vi kan tilby:
·         Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
·         Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikelege moglegheiter for turar
·         Lønn etter PBL tariff

Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar  
(barnehageloven § 19 første ledd)

Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM barnehagene AS
Søknadsfrist snarast råd og innan 07.08.20.
Send søknad og CV til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no

For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med styrar/dagleg leiar,
Sigrid Høydalsvik Nevstad tlf.: 96948829

Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/