NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 28. januar 2021

Kan du tilgi meg?

Edderkoppane på Grå avdeling har ei periode hatt om Den bortkomne sonen (Luk. 15, 11-32) i kristen samling. Der faren gir han mykje pengar, sonen flyttar og sløsar vekk alle pengane sine. Han ender til slutt opp på ein grisefarm. Der er det ikkje plass til han anna enn inne i grisebingen. Han må bu saman med grisane og et grisemat. Han er redd for å gå heim og fortelje faren at han har brukt opp pengane. Men går til slutt heim og ber faren  om å tilgi han. Faren er overlykkelig over å sjå han att. Han tilgir sonen sin og lagar stor fest.

Edderkoppane synes det er ei veldig spanande historie, der vi har fokus på det å seie unnskyld og gi tilgiving.
Det mest spanande er då han bur med grisane, blir gjørmete og et grisemat. Difor har vi hatt ekstra fokus på gris også. 😊 

onsdag 27. januar 2021

Snø ute - Snø inne ❄


Sist veke tok Raud med seg tema vinter og snø inn på avdelinga.
Dei fekk lage snø, inne! 

Potetmjøl var kvitt som snøen
- lukta lite, mjukt på fingrane.
Balsam lukta godt, såpe!



Vi forma snøen mellom fingrane, deilig å kjenne på!
Ikkje var den kald heller - trong ikkje vottar .. 😉
Vi laga snøkaker og rulla små snømenn. Vi vart kvite, frå topp til tå!
"Snøskya" fauk rundt oss...
Så kjekt var det!




Om dykk vil prøve heime er framgangsmåten enkel:
1 del balsam, 6 delar potetmjøl 
☃️

mandag 25. januar 2021

Maurane på Aketur

På onsdag 20.jan var Maurane på tur, me gjekk opp mot lavvoen for å sjå om me fant ein bakke me kunne ake i og det gjorde vi.😊 Der var flotte "oppaka" løyper som passa oss heilt supert. Me fekk testa ut bakken med akebrett, men då gjekk det altfor fort og skaren var hard mot huda i andletet. Så me fant fort ut at det gjekk fort nok når me aka rett på dressen.



Da me skulle ned igjen i barnehagen såg me plutseleg dyrespor og bæsj på snøen. Og mykje mat som me fant ut at måtte tilhøre ein eller fleire hjortar. 

Ein fin dag i snøen 😊 

Katten i bakken i Gurineset

Dei eldste på Grøn avdeling var på aketur i Gurineset onsdag 20.01. Det var topp forhold og vi fekk kjempefart. Men brått fekk vi besøk av ein katt! Den gjekk og spankulerte midt i silebana og den hadde i alle fall ikkje tenkt å passe seg!

No må du flytte deg!!

      Unna veg, her kjem eg!! 


Katten, den brydde seg ikkje. Sjølv om vi ropte, prøvde å flytte på den, så måtte vi bremse og stoppe så vi ikkje sila på den.


Du må passe deg kattepus, så vi ikkje renn på deg. Vere her.


Det hjalp å synge litt til den: "Lille kattepus hvor har du vært.." 

I alle fall for ei lita stund – så var katten i bakken igjen!!

onsdag 20. januar 2021

Tur til Lavvoen

Tysdag 19.01 gjekk Grøn Gr.2 på tur til Lavvoen. På vegen opp fann vi mange istappar og då måtte vi til slutt plukke ned nokre for å smake på dei. Det smakte nesten som Honning sa ei av dei og smilet gjekk nesten rundt. 😊 

Oppe ved lavvoen åt vi maten vår før vi gjekk opp i skogen for å leike litt. Etter ei stund fann vi ut at vi skulle gå bortover mot Hofsetsetra for å gå tilbake til barnehagen den vegen. I starten var der trakka rås, men etter kvart var det berre ein hjort eller to som hadde gått den vegen vi skulle gå. Spanande å sjå spora hjortane hadde laga, og litt lengre nede fekk vi og sjå hjortebæsj, den måtte inspiserast nøye. No måtte vi trakke ny rås, litt slitsamt, men artig likevel. 


Når vi kom nedom det gamle huset i bakkane, ville vi prøve lykka nedover marka og aka oss nedover. Ein kjempeflott bakke, men utan akebrett gjekk det ikkje så veldig raskt. Men kjekt var det likevel.😊

Mykje god trening både for balanse og motorikk, og kreftene våre fekk og prøvd seg litt. Slitne, varme og nøgde kom vi tilbake til barnehagen og då var det kjekt å gå inn for å leike og kvile seg litt.

lørdag 16. januar 2021

Solveke på Grøn Avdeling🌞

Denne veka har vi på Grøn hatt fokus på sola, for denne veka kom endeleg sola tilbake til barnehagen vår!!



Vi avslutta det heile med ein solfest på fredag med solbollar frå kjøkkenet og ansiktsmaling🌞




fredag 15. januar 2021

Sola skin på Raud avdeling



"Sol ute, sol inne, Sol i hjertet, sol i sinnet, Sol bare sol."


Endelig er sola tilbake i barnehagen, og på Raud avdeling feira vi med å male mange soler, for å få sola til å skinne inne også. 
Vi fekk høyre forteljinga om "sola og nordavinden" som målte krefter, og til fruktmåltidet blei det servert deilige solboller. Som vi kosa oss! 


Når vi kom ut fekk vi lov til å male sola på vindauget. Det var kjekt!


tirsdag 12. januar 2021

Vinterstemning

Snøkrystaller, snø som faller,

snø på trærne, snø på klærne, snø på bakken.

Au! Ein snøball midt i nakken.

Det var ei eventyrlig vinterstemning  på mandag, då Maurane på Grå avdeling gjekk på tur til uteområdet ved bedehuset. Snøen låg fint på trea, vi såg sola på himmelen og borna fekk boltre seg i snøen. Vi aka så snøen spruta, vi laga englar i snøen, fann dyrespor og leika mellom trea. Alle kosa seg ute denne flotte vinterdagen.  












Før helga var akebakken ved Vatnevatnet flittig i bruk av både Edderkoppene og Maurane på Grå avdeling. Vi må nyte snøen når vi har han!

Raud avdeling leikar seg i snøen

Sjå no snør det, ja det gjer det, og vi koser oss store og små.


Grave og smake er kjekt.

Balansen blir utfordra, vi sklir og dett, men det er opp igjen.
Vottar er godt og ha, men av og til sklir dei av.

mandag 11. januar 2021

Snøleik på Gul

For dei små på Gul er snøen også kjekk! Vi tok turen ut i snøen på fredag, og igjen på mandagen.  


Vi måtte prøve å ake så klart, men vi må vere ærlige og seie at båten og lastebilen var meir spennande enn akebakken. 

Ein liten tur utanfor uteområdet vårt gjer seg i ny og ne. 

På mandagen hadde vi også fått fornya områda våra, dei var nemlig full av nysnø som vi kunne vasse og trakke rundt i! 


Greit å kunne rømme opp i dissa ein liten tur også då... Når ein er sliten av å trakke rundt. 

Vi har smakt på snøen og rulla rundt i den, snubla også! Snømann var litt vanskelig å lage, men ein vakker dag skal vi lage en snømann som er like stor som oss utanfor vindauget. Vi syng om han Kalle og prata om han Olaf, så snømannen er nødt å komme til live ein vakker dag.  

☃️