NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 20. januar 2021

Tur til Lavvoen

Tysdag 19.01 gjekk Grøn Gr.2 på tur til Lavvoen. På vegen opp fann vi mange istappar og då måtte vi til slutt plukke ned nokre for å smake på dei. Det smakte nesten som Honning sa ei av dei og smilet gjekk nesten rundt. 😊 

Oppe ved lavvoen åt vi maten vår før vi gjekk opp i skogen for å leike litt. Etter ei stund fann vi ut at vi skulle gå bortover mot Hofsetsetra for å gå tilbake til barnehagen den vegen. I starten var der trakka rås, men etter kvart var det berre ein hjort eller to som hadde gått den vegen vi skulle gå. Spanande å sjå spora hjortane hadde laga, og litt lengre nede fekk vi og sjå hjortebæsj, den måtte inspiserast nøye. No måtte vi trakke ny rås, litt slitsamt, men artig likevel. 


Når vi kom nedom det gamle huset i bakkane, ville vi prøve lykka nedover marka og aka oss nedover. Ein kjempeflott bakke, men utan akebrett gjekk det ikkje så veldig raskt. Men kjekt var det likevel.😊

Mykje god trening både for balanse og motorikk, og kreftene våre fekk og prøvd seg litt. Slitne, varme og nøgde kom vi tilbake til barnehagen og då var det kjekt å gå inn for å leike og kvile seg litt.