NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 7. januar 2021

«Undringstur» med akebrett 6. januar 2021

I dag var det kaldt og fint ute. Og vi på gr.2 på Grøn avdeling kunne tenkt oss på aketur. Vi pakka sekken og la i veg. Bakken i Gurineset var opptatt, so vi la turen oppover bakkane. Gjekk til venstre, høgre, passa oss for bilar og måtte sjå på lastebil som rygga. Det var mykje å sjå og undre seg over.

Bakken opp til lavvoen, var plutseleg blitt til «Istappgata». Der som det før brukte å renne vatn nedover berget, var det lange istappar.


Dei måtte vi kjenne på, smake på og forske litt på. Den var iskald, glatt og når vi heldt den i handa smelta den. Mm den smakte kjempegodt!!

Men brått fekk vi sjå nokre store spor oppe på det bratte berget! Kven var det som kunne ha slike fotspor? Katt, hund, gaupe, rev, ulv, bjørn?? Det var mange forslag, men vi var einige om at bjørnen ligg i hiet sitt og søv, so det kunne det i alle fall ikkje vere.



Det var dyrespor og menneskespor. Spor som hadde pute og spor som hadde klauer. Vi trudde og meinte vi såg hjort, rådyr og nesten heilt sikkert ulv!!


Vi måtte lage slush, men den smelta veldig fort. Og plutseleg so såg vi trollet inne der og då vart det Bukkane Bruse sangen!

Vi måtte sjekke om det gjekk an å renne seg på råsa, men det var litt for tregt.

Og plutseleg kom vi til garden. Vi gjekk på ei lang rekke mellom huset og stabburet og nedafor huset var det den bratte bakken. Den måtte vi prøve – det gjekk so det susa!!

Vi venta til det var klar bane.


Vi hjelpte kvarandre opp den siste kneika. So var det tilbake til lavvoen og ete mat. Det smakte jammen godt. 

Inne i lavvoen tente vi lys, slik vi skulle sjå litt meir og så var det veldig koseleg.

Og så var toget klart til heimveg til barnehagen og Grøn avdeling på ein kald, men kjempefin dag i januar.