For dei små på Gul er snøen også kjekk! Vi tok turen ut i snøen på fredag, og igjen på mandagen.
Vi måtte prøve å ake så klart, men vi må vere ærlige og seie at båten og lastebilen var meir spennande enn akebakken.
Ein liten tur utanfor uteområdet vårt gjer seg i ny og ne.
På mandagen hadde vi også fått fornya områda våra, dei var nemlig full av nysnø som vi kunne vasse og trakke rundt i!
Vi har smakt på snøen og rulla rundt i den, snubla også! Snømann var litt vanskelig å lage, men ein vakker dag skal vi lage en snømann som er like stor som oss utanfor vindauget. Vi syng om han Kalle og prata om han Olaf, så snømannen er nødt å komme til live ein vakker dag.
☃️