NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua

* Bikuba

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

fredag 29. mai 2015

Humletur


Humlene på tur.
Spennande å sjå kva som er i sekken.


Det smakte godt med mat.


Sjå den fine snegelen vi fant!



Det er fin utsikt frå den nye Gapahuken til skulen.
Vi gler oss til fleire turar fram når den er blitt ferdig.

torsdag 28. mai 2015

TESTING AV BRANNSLANGEN PÅ HARESTUA

I dag testa vi brannslangen vår. 

Vi tok på støvlar, regnkle og gjorde oss klar.


Med brannslange og Zalo vart dette ein kjekk aktivitet.





Biene lærer om former



BIENE hadde i dag samling om temaet form.
Vi snakka om begrepa: TREKANT, FIRKANT OG RUNDING


Kva kan vi bygge tårn av?
Vi prøvde oss fram.



Etterpå fekk vi fargelegge dei ulike formene.




onsdag 27. mai 2015

Biene på tur


Så kjekt med tur!


Vi er gode venner!



Snart framme på Harestua.
Harane er på tur, så vi får låne den med dei.


På leiting etter leiker.


Gøy med sparkesykkel.


Kjekk sandkasse.


Spennande med lego.


Mange nye leiker inne.


På Harestua smakte maten godt.

torsdag 21. mai 2015

På tur i bygda vår

I dag 21.mai gjekk alle på Maurtua på tur i bygda vår. 





Vi møtte mange sneglar på vegen.





Etter ein lang tur smakte maten ekstra godt.


Sjå den flotte klatresteinen vi fant!


Ei hjelpande hand er det alltid godt å få.



På veg tilbake måtte vi sjå litt på kva skuleborna gjorde på.

onsdag 20. mai 2015

POTETSETTING OG SÅING AV FRØ I BARNEHAGEN 20.05.15

Ein enkel og morsom måte å gi barna eit forhold til kvar maten kjem frå er å dyrke grønnsaker i barnehagen.  I dag sette vi på Maurtua poteter, vi sådde gulrotfrø, sukkererter og reddikkar. Det skal bli spennande å følgje med når det spirer, og etterkvart blir deilege grønnsaker! Reddikkane håper vi å hauste før sommarferien. Potetene får vi ikkje tatt opp før Revane har starta på skulen. 
Det er litt rart å tenke på!

 

Ivrige barnehender! Spennande å så erter. Før vi putta frøa i jorda, - låg dei i bløyt.

 


Vi fylte mold i nokre store blomsterpotter. Etterpå putta vi ei mammapotet/settepotet i kvar potte. Snart veks det opp potetkål frå poteta. Vi studerte groene på poteta, og snakka om alle potetbarna som skal komme.  

 

 


SAMME HVA DU HETER, SPISER DU POTETER,
OG NÅ KAN DU BUKKE RYGGEN DIN OG PLUKKE.
VI SKAL VÆRE FLINKE, SIDEN KAN VI VINKE.
NÅ HAR JEG POTETER HELE ÅRET RUNDT!

HARANE PÅ JAKT ETTER SYMMETRI I FJØRÅ

Gjennom arbeidet med fagområdet "Tal, rom og form" skal barnehagen bidra til at barna opplever glede over å utforske og leike med tal og former.
I dag gjekk turen til fjørå for å leike med ulike former og mønster.
Her er vi på jakt etter symmetriske former, og ting vi kan leike med.




         

onsdag 13. mai 2015

MINI 17.MAI


Etter at Lillys Studio hadde tatt bilete av dei fleste var det tid til å øve litt til 17.mai.


Så kosa vi oss med ekte 17.mai mat: Pølse og brød!


Herleg Gele med vaniljesaus smakte kjempegodt!


HARESTUA som hadde vore saman med oss frå tidleg morgon
 avslutta dagen med å gå i tog ned igjen.

................................
God Kristi Himmelfartsdag 
og 17.mai helg!

mandag 11. mai 2015

"Revane" på «Leirdag» til Vestheim på Vestnes

Det var mange spente "Revar" (førskulegruppa) då vi skulle reise med buss til Vestheim på Vestnes tirsdag 5.mai! Der arrangerte NLM «Leirdag» for dei som snart skal starte på skulen. Dei hadde laga til eit flott opplegg der barna var medverkande heile dagen. 
Det var alt frå sporløp på den flotte uteplassen, leirsang, - og «flyreise» til misjonslanda Kina, Bolivia og Etiopia. 

Vi fekk servert deilig mat både ved ankomst og midt på dagen!

 




På sporløpet måtte vi samarbeide og stå i kø på mange av postane. Revane var flinke til å svare på spørsmål. På ein av postane var det ei sansekasse. Barna skulle ta handa inn i kassa og gjette kva dei følte på. På ein annan post måtte dei samarbeide for å få mest mogleg vatn ned i eit målebeger. Dette gjorde dei med ei skei. Ei skikkeleg utfordring.

Vi måtte også kaste ball i bøtter, spytte rosiner og pusle puslespel.

 




Linkus kom på besøk! Og så fortalde Johanne, Ole og Hege frå Etiopia, Bolivia og Kina. Dei hadde med mange spennande klede og ting.

Revane var kjempeflinke til å samarbeide. 
Det var ein flott gjeng å ha med på tur!