NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 11. mai 2015

"Revane" på «Leirdag» til Vestheim på Vestnes

Det var mange spente "Revar" (førskulegruppa) då vi skulle reise med buss til Vestheim på Vestnes tirsdag 5.mai! Der arrangerte NLM «Leirdag» for dei som snart skal starte på skulen. Dei hadde laga til eit flott opplegg der barna var medverkande heile dagen. 
Det var alt frå sporløp på den flotte uteplassen, leirsang, - og «flyreise» til misjonslanda Kina, Bolivia og Etiopia. 

Vi fekk servert deilig mat både ved ankomst og midt på dagen!

 




På sporløpet måtte vi samarbeide og stå i kø på mange av postane. Revane var flinke til å svare på spørsmål. På ein av postane var det ei sansekasse. Barna skulle ta handa inn i kassa og gjette kva dei følte på. På ein annan post måtte dei samarbeide for å få mest mogleg vatn ned i eit målebeger. Dette gjorde dei med ei skei. Ei skikkeleg utfordring.

Vi måtte også kaste ball i bøtter, spytte rosiner og pusle puslespel.

 




Linkus kom på besøk! Og så fortalde Johanne, Ole og Hege frå Etiopia, Bolivia og Kina. Dei hadde med mange spennande klede og ting.

Revane var kjempeflinke til å samarbeide. 
Det var ein flott gjeng å ha med på tur!