NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 28. mai 2019

Hengegøy på Gul!


Gul avdeling blir meir og meir glade i å vere ute og nyte naturen og det den byr på no når det er lettare klede og småsko tilgjengeleg. Vi har lenge ønska oss ein langtur der vi kan søve på tur, så gleda var stor då Sigrid endelig fekk tak i hengekøyer til oss. Ein liten prøvetur til Gurinesen måtte til, så vi trossa regnet og kledde oss for søvetur under open himmel. 

I følgje rammeplanen skal barnehagen skal legge til rette for at borna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som ein arena for leik og læring. Vi skal gi borna gode opplevingar med friluftsliv året rundt, så hengekøyene skal nok bli flittig brukt framover. 

                               

                               
Framme i Gurinesen var utfordringane store i ulendt terreng og støvlar på fleirtalet. Kjempe trening for motorikken, og det våte graset gav oss mykje undring. Små trasig å snuble, men vi har blitt så flinke til å prøve å kome oss opp igjen, sjølv med stønning og tunge tak. 



Etter leik og mat var det tid for ein kvil, nokre i hengekøyer, og nokre på madrassar og i vognposar på golvet i grindløa. Her søv vi godt alle saman.  

Etter kvart som vi vakna gjekk vi tilbake til barnehagen, og siste pulje rakk akkurat fruktmåltidet klokka 1400. Slitne og fornøgde med tur leika vi oss i barnehagen resten av dagen.
Silje, Laila, Gro-Anita og Henriette takkar for ein kjekk tur med favorittane våre!  

mandag 20. mai 2019

PLANTING AV GULROTFRØ PÅ GRØN AVDELING MAI 2019


Vi hadde vaska mjølkekartongar, mold, vatn og gulrotfrø. Barna var spent og klar! 
Går det verkeleg an at det skal vekse gulrot i mjølkekartong, dette var spennande.                                                                                    



"Frøet låg i jorda svart, trengte lys og varme. 
Eg vil opp i dagen snart, strekke mine arme.
Sola høyrde frøets ord, sendte varme under jord. 
Spiren uti hagen, fikk sjå lyse dagen."



Tenk at det går an å vekse gulrot i ein mjølkekartong, vi filosoferte litt over det. No står dei i vinduet i barnehagen og vi må stadig sjekke om det har kome ein liten grøn spire. Dette blir spennnande!!





«Barnehagen skal legge til rette for at barna framleis skal vere nyskjerrige på naturvitenskaplege fenomen, føle tilhøyrsle til naturen og gjere erfaringar med å bruke teknologi og reiskapar.» (R.pl.)

BESØK AV FINBECK


Vi fekk  besøk av Finbeck, hesten til Lucas og familien hans. 



Finbeck hadde bursdag og vart 35 år. Då måtte vi sjølvsagt synge 
bursdagssangen til han. Først på engelsk og så på norsk!! 

                          


Kjekt med besøk!

torsdag 16. mai 2019

17. mai blogg frå Gul og Blå


Endeleg var dagen komen og vi skulle ut å gå tog i barnehagen. Vi har på avdelingane snakka om å gå i tog og om å rope hipp, hipp, hurra å vifte med flagga som vi held i hendene våre.


Alle dei 5 avdelingane stilte opp og gjorde seg klar til å gå ned på Joker og opp igjen til barnehagen. Vi song «alle fugler» og «Ja vi elsker» og ropte hipp, hipp, hurra!



Når vi kom opp igjen til barnehagen var det klart for pølse i brød og IS. Dette smakte godt i dei små magane.
Takk for ein fin føremiddag og god 17.mai!

søndag 12. mai 2019

GRØN AVDELING PÅ GARDSBESØK I VATNEBYGDA 8. MAI 2019


Endeleg vart det litt vårstemning igjen! Onsdag gjekk heile gjengen frå Grøn avdeling på tur til Stall Nedrevold og fram til garden til Camilla Vatne. Langs vegen såg vi masse vårteikn; løvetann, kvitveis, engkarse og så leita vi etter rompetrollegg,- men det fann vi ikkje. Vi snakka også om frigjeringsdagen vår og det norske flagget.

På garden fekk vi sjå og helse på flotte hestar, eit lite føl med lange tynne bein som heitte Mira, ponniar, høner, haner, sauer og små søte lam. Sauene brekte veldig høgt når vi gjekk inn i fjøsen. Dei trudde nok at dei fekk mat med oss. Det var spennande å plukke egg i hønsehuset. To høner låg og ruga på egg. Skal tru om det kjem til å komme ut små kyllingar? Det vart mange inntrykk denne dagen, og barna synst det var spennande å studere alle dyra.


Vi er bra heldige som har eit så fantastisk nærmiljø!


Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda. (Rpl:55)

 

 


 

 


fredag 10. mai 2019

SmåBlå på eigne bein





I dag, 10.mai gjekk vi SmåBlå på eigne bein på tur med turtauet vårt. Det var litt utfordrande å halde i tauet, men vi klarte det litt og då var det veldig gøy. 
Vi måtte øve oss til mini-17.mai! 



Vi tok ei pause nede på butikk. Der fekk vi smake maisstick, noko som smakar godt for små magar. Viktig med påfyll på lange turar 😊



På turen øvde vi oss på «En elefant kom marsjerende», «Jeg gikk en tur på stien», «Alle fugler små» og ein sjølvdikta tekst «Vi holder fast i tauet og går så fint på tur»!


onsdag 8. mai 2019

Gul på undretur til Gurineset


Vi på Gul avdeling tok oss ein tur til 
Gurineset for å sjå på innsekt og dyr.


Vi fant maur, makk og snigel som vi la på eit syltetøyglas med lokk. 
Det er kjekt å få studere og undre oss over desse småkrypa som kjem fram etterkvart som det vårast.
PS: vi slapp dei ut igjen i naturen før vi gjekk for dagen 😊

(jamfør Rammeplanen: 
Vi opplever og utforskar naturen)


Ein fin katt møtte oss i vegkanten.
Han måtte vi sjølvsagt helse på 💚