NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 20. mai 2015

POTETSETTING OG SÅING AV FRØ I BARNEHAGEN 20.05.15

Ein enkel og morsom måte å gi barna eit forhold til kvar maten kjem frå er å dyrke grønnsaker i barnehagen.  I dag sette vi på Maurtua poteter, vi sådde gulrotfrø, sukkererter og reddikkar. Det skal bli spennande å følgje med når det spirer, og etterkvart blir deilege grønnsaker! Reddikkane håper vi å hauste før sommarferien. Potetene får vi ikkje tatt opp før Revane har starta på skulen. 
Det er litt rart å tenke på!

 

Ivrige barnehender! Spennande å så erter. Før vi putta frøa i jorda, - låg dei i bløyt.

 


Vi fylte mold i nokre store blomsterpotter. Etterpå putta vi ei mammapotet/settepotet i kvar potte. Snart veks det opp potetkål frå poteta. Vi studerte groene på poteta, og snakka om alle potetbarna som skal komme.  

 

 


SAMME HVA DU HETER, SPISER DU POTETER,
OG NÅ KAN DU BUKKE RYGGEN DIN OG PLUKKE.
VI SKAL VÆRE FLINKE, SIDEN KAN VI VINKE.
NÅ HAR JEG POTETER HELE ÅRET RUNDT!