NLM BARNEHAGENE AS

Bedehusbarnehagen:

* Maurtua

* Bikuba

Brakkebyen:

* Ekorna

* Nøtteliten

lørdag 13. desember 2014

SANTA LUCIA


Vi bakar Lussekattar.


Santa Lucia på veg til Solbakken


Svart senker natten seg
I stall og stue
Solen har gått sin vei, 
Skyggene truer
Inn i vårt mørke hus
Stiger med tente lys,
Santa Lucia, Santa Lucia

Natten er mørk og stum
Med ett det suser
I alle tyste rom 
Som vingene bruser
Se, på vår terskel står
Hvitkledd med lys i hår 
Santa Lucia, Santa Lucia

Mørke skal flykte snart
Fra jordens daler 
Slik hun et underfullt
Ord til oss taler
Dagen skal atter ny 
Stige av røde sky
Santa Lucia, Santa Lucia


På veg til Solbakken.


På besøk på Solbakken.



Tusen takk!
Dei smakte godt!

fredag 5. desember 2014

torsdag 4. desember 2014

Julesamling på Bikuba

Engelen Gabriel kom fra himmelen,
kom til Maria i Nasaret.
Maria, Maria du skal bli mor.
Et barn skal du bære til Herrens ære.
En sønn skal du få i en seng av strå
og han skal forkynne Guds ord.




mandag 1. desember 2014

Gjennvinning på Harestua

På Harestua har gjennvinning vore ein del av Juleførebuingane.

Barna har samla på gamle aviser og kartongar heile hausten. Kva vi skal bruke papiret til må sjølvsagt vere hemmelig i desse førjulstider.



Her riv vi kartong og aviser i små bitar.



Støypemassa er passe tjukk og papirlaginga kan ta til. 

Her er nokre bilete av prosessen.












mandag 24. november 2014

HUMLETUR

Humlene på tur –

Vatnebygda rundt på egne bein.


Vi blir større, meir sjølvstendige og øve på å gå på tur medan vi held i tau.



fredag 14. november 2014

Rett til å leike?



Barnet har rett 
til hvile, fritid 
og lek, og til 
å delta i kunst 
og kulturliv 
(artikkel 31). 
....................................

Det å stille spørsmål ved hvorfor barn leker er 
det samme som å stille spørsmål ved hvorfor vi lever.

(Knutsdotter Olofsson 1993). 

Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet 
ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring 
og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
(Barnehageloven § 1 Formål, 1. ledd, første punktum)

Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og 
meningsfylte opplevelser og aktiviteter.
(Barnehageloven § 2 Barnehagens innhold, 2. ledd)

"Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen. Leiken har eigenverdi og er ei 
viktig side ved barnekulturen. Leiken er eit allmennmenneskeleg fenomen 
der barn har høg kompetanse og stort engasjement. Han er ei grunnleggjande 
livs- og læringsform som barn kan uttrykkje seg gjennom. 
Leiken har mange uttrykksformer og kan føre til forståing og vennskap på tvers 
av alder og språkleg og kulturell ulikskap. Eit leikefellesskap legg grunnlaget 
for vennskap. Å få delta i leiken og få venner er grunnlaget for at barn trivst 
og opplever barnehagen som noko meiningsfullt. I samhandling med kvarandre 
blir grunnlaget for læring og sosial kompetanse lagt."



  • Tilrettelegging for leik er ei viktig oppgåve. Å leike er ikkje berre eit pedagogisk verkemiddel for å fremje utvikling hos barnet.
      • Å leike er eit mål i seg sjølv.
      • Leiken gjev barnet glede.
      • Leiken fremjar utviklinga til barnet på alle område: Intellektuelt, språkleg, fysisk, sosialt og emosjonelt. I leiken utviklar og styrkjer barnet identiteten og sjølvkjensla si. 
                 (utdrag frå barnehagen sitt Pedagogiske grunnsyn)

onsdag 12. november 2014

Revane og Harane på tur til Angelsneset (man 10.11.14)

Mål for turen:
  •          At barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv om hausten
  •          At barna får kunnskapar om eit sunt kosthald
  •          At barna får kunnskap om korleis dei skal te seg ved bål, og ved sjøen.
  •           At Revane og Harane får felles opplevingar og moglegheit til å leike i lag.

 Harane har vore her fleire gonger, men for Revane var dette eit nytt turmål.

I dag var floa veldig høg, og det var
spanande å utforske fjøra. Dei fant bla. ein brennmanet og sjøsniglar, 
og det var kjekt å halde på med 
hoven J



Nokre av Revane var med og laga tomatsuppe på bål. Då fekk dei bruke luktesansen og taktilsansen ved å lukte og kjenne på ingrediensar som løk, kvitløk, hakka tomatar, basilikum, pepar m.m., og dei fekk nytte auge-hand-koordinasjonen når dei skar opp pølser, og rørte i gryta før vi sette den på bålet. Då vart det så varmt at ein vaksen 
måtte gjere resten.




Dei andre heldt på med diverse songleikar der barna fekk bruke fantasien sin, til å hjelpe "bonden" med å finne igjen hua si. J





SAMARBEID SKULE – BARNEHAGE 5. NOVEMBER 2014

Revegruppa på besøk til 5. klasse på Vatne Barneskule. 

Det var ein spent gjeng som skulle på skulebesøk i dag. Då vi kom opp til skulen vart vi tatt imot av faddergruppene. 5. klasse hadde planlagt aktivitetar som vi skulle gjere saman. Først var det litt friminutt, så fekk vi vere med inn på klasserommet der barna teikna, spelte spel og las bøker. 
Etterpå var vi ute og leika. Det var veldig spennande å utforske uteplassen, men nokre av Revane var med på «Boksa går» og fotball. Ivrige, flinke faddrar tok dei med rundt omkring. 
Det er fire faddergrupper. Dei er ti elevar i 5. klasse, - og 14 barn som skal starte i 1. klasse til hausten. Vi vil takke 5. klasse for ein koseleg dag! Vi gler oss til neste treff!    


 




 

torsdag 6. november 2014

PÅ JAKT ETTER BJØRNEMOSE 5/11-14





Vi klatra opp ein bratt bakke før vi endeleg fann bjørnemosen vi leita etter. Vi måtte studere den då vi kom tilbake til rasteplassen. Mosen bruker vi i formingsaktivitet. Naturen vert brukt til gode opplevingar, og gir inspirasjon til estetiske utrykk. ( Årsplan )
Vi avslutta turen med å  steike pannekaker på bål.




tirsdag 4. november 2014

Biene på besøk hjå hestane.


 Mandag 3. november var Biegruppa på tur for å helse på hestene. Fleire av borna hadde nok gått heilt inn til hesten om dei hadde fått lov, dei var svært lite skeptiske med andre ord J



         Kva et hesten her, skal tru?  
Borna beundrer dei fine, store hestane. 
Det vart ein koselig tur på ein flott haustdag.  

mandag 3. november 2014

Naturhinderløype

Mål:.
  •           Å gi barna felles opplevingar som kan vere med på å vidareutvikle leiken
  •           La barna få varierte fysiske utfordringar
  •           At barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv om hausten
  •           At barna får kunnskap om eigen kropp og kva det meistrar
  •           Barna skal få oppleve glede ved å meistre utfordringar dei møter i naturen.
  •       At barna får vidareutvikle kroppskontrollen, grovmotorikken, finmotorikken, rytmen og den motoriske kjensleevna. (Rammeplanen)


Litt instruksar før aktiviteten starta.


Vi får trena dei store muskelgruppene,
auge-fot koordinasjonen og balansen, 
ved å bevege oss i ulendt terreng.


        Vi fant hindre som vi måtte forsere på ulike måtar, her kryp vi under J


  Vi balanserar, med og utan hjelp. 


Å vente på tur, er og god trening J


Vi klatra på små og store steinar.


Vi hang etter armane i greiner. Det er godt for sener og ledd å få strekke seg ut. 
Dessutan får barna tøye grensene sine, for kva dei tør.


Å rulle ned bakken er gøy.
Det gjer ingenting om det regnar, så lenge ein har det kjekt i lag!!