Mål for turen:
- At barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv om hausten
- At barna får kunnskapar om eit sunt kosthald
- At barna får kunnskap om korleis dei skal te seg ved bål, og ved sjøen.
- At Revane og Harane får felles opplevingar og moglegheit til å leike i lag.
Harane har vore her fleire gonger, men for Revane var dette eit nytt turmål.
I dag var floa veldig høg, og det var
spanande å utforske fjøra. Dei fant bla. ein brennmanet og sjøsniglar,
og det var kjekt å halde på med
hoven J
Nokre av Revane
var med og laga tomatsuppe på bål. Då fekk dei bruke luktesansen og
taktilsansen ved å lukte og kjenne på ingrediensar som løk, kvitløk, hakka
tomatar, basilikum, pepar m.m., og dei fekk nytte auge-hand-koordinasjonen når
dei skar opp pølser, og rørte i gryta før vi sette den på bålet. Då vart det så
varmt at ein vaksen
måtte gjere resten.