NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 12. november 2014

SAMARBEID SKULE – BARNEHAGE 5. NOVEMBER 2014

Revegruppa på besøk til 5. klasse på Vatne Barneskule. 

Det var ein spent gjeng som skulle på skulebesøk i dag. Då vi kom opp til skulen vart vi tatt imot av faddergruppene. 5. klasse hadde planlagt aktivitetar som vi skulle gjere saman. Først var det litt friminutt, så fekk vi vere med inn på klasserommet der barna teikna, spelte spel og las bøker. 
Etterpå var vi ute og leika. Det var veldig spennande å utforske uteplassen, men nokre av Revane var med på «Boksa går» og fotball. Ivrige, flinke faddrar tok dei med rundt omkring. 
Det er fire faddergrupper. Dei er ti elevar i 5. klasse, - og 14 barn som skal starte i 1. klasse til hausten. Vi vil takke 5. klasse for ein koseleg dag! Vi gler oss til neste treff!