Førskulegruppa har i dag vore heilt til topps på
Ravnfloget!
Vi gjekk først opp til Ravn stadion.
Der fann vi ei stor marihøne på fotballbana.
Vi fylte på flaskene våre og etterpå bar det oppover og oppover….
Revane er flinke til å vente på kvarandre og
passar på at alle er med.
Vi
tok matpause då vi kom til den første benken.
Lenger oppe kunne vi sjå barnehagen vår i det
fjerne.
På toppen skreiv vi oss inn i boka...
og tok ein velfortent pust i bakken med premie!
HALLO! VI SER HEILE NORGE!!
var kommentaren då vi
nådde toppen.
Ein fantastisk tur med flotte førskulebarn!!