NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 15. mars 2019

Harane på tur til Stall Nedrevold


I dag ville vi så gjerne ta turen fram for å sjå på hestane. Snille kjøkken Linda gav oss gulrot som vi kunne gi til hestane. Sola skin og det er så fint ute no. Mange ulike frø har ramla frå trea og ned på vegen, dei må vi kike på.


Når vi kjem fram til stallen så er det ei kjekke dame, ei mamma frå barnehagen, som skal gi ponnien sin mat. Den måtte få små biter av eple då den hadde litt dårlege tenner. Vi fekk sjå tennene, og kom fram til at det er viktig å pusse godt tennene våra. 


Vi fekk kose litt med Finnbeck medan han åt epla sine, og vi fekk sjå korleis det såg ut under foten hans – under hoven.


Vi tok med oss gulrøtene som vi hadde i sekken og gav dei til nokre andre, litt større hestar. To av dei hadde baby i magen. Så fekk vi hjelpe til å dele ut litt frukt til hestane. 


                                                                                                                                  
                              

Medan vi åt lunsjen vår, kom det to kjekke jenter med hestane sine forbi der vi satt. Heldigvis hadde vi to gulrøter igjen, så dei fekk kvar sin. Den eine hadde på seg eit slags teppe. Dekken heiter det. Han hadde lang kul lugg. Og den andre hadde så fint namn, Maksimus, det same som den heite i filmen «To på rømmen».


Før vi gjekk frå stallen måtte vi sjå til hønene. Dei hadde ropt litt medan vi åt mat, så vi måtte sjekke at dei ikkje krangla. Når vi snakka til hønene så blei dei heilt stille, og når vi blei stille så snakka hønene.





På veg heim såg vi fleire vårteikn. Nydelige blomar!!

For ein fantastisk slutt på veka J